Dag og Tid nr. 16, 17. april 1997

Nazistisk historie:
Skuldar på jødane

Holocaust er ei legende, halden oppe av sterke kapitalinteresser, meiner David Irving.

SVEIN SÆTER

David Irving er “den fremste kildekritiker innen nazismens historie i dag”, skreiv Hans Fredrik Dahl i Dagbladet. Da kokte det over for historikarkollega Odd-Bjørn Fure. I stridsskriftet Kampen mot glemselen gav han Dahl stryk for stadig positiv omtale av Irving og bøkene hans. Fure karakteriserte Irving som “kjeldemanipulator og notorisk historieforfalskar”, ein mann som “benektar dei mest terroristiske og menneskefiendtlege sidene ved den nazistiske staten”.

Uforskamma kritikk

David Irving har gjort seg til talsmann og inspirator for gamle og nye nazistar. Hans Fredrik Dahl skil mellom privatmannen og historikaren Irving; sjølv om privatmannen har ekstreme haldningar, kan historikaren skrive “verdifulle” bøker om nazismen. Omtrent så langt kom den norske Irving-striden i vinter.

No er David Irving intervjua i søndagsmagasinet til avisa The Independent. Her seier han at han ønskjer å fjerne noko av glansen som omgjev Holocaust, som han meiner er ei legende halden oppe av sterke (jødiske) kapitalinteresser.

Men han må da akseptere at det som vart gjort mot jødane var gale, spør intervjuaren.

– Det ville vera temmeleg uforskamma av meg, som engelskmann, å begynne å diktere det tyske folket. Eg har ikkje sett levebrødet mitt bli øydelagt av dei tyske forretningsbankane mellom dei to verdskrigane. Eg har ikkje sett heile familieformua mi bli utsletta av bankierane. Eg har ikkje sett – eg har ikkje sett ei rekkje ting som nazistane brukte til å rettferdiggjera tiltaka mot jødane i trettiåra, svarar Irving.

Og plasserer ansvaret for jødeutryddingane hos jødane.

Den tyske retten

I den grad det fanst noka utrydding. Irving seier han “aksepterer at gassing skjedde, men ikkje i det omfanget ein hevdar no”. Ordet “gasskammer” vil han ikkje høre snakk om. Han meiner om lag 100.000 jødar døydde i Auschwitz, ikkje ein million, og at dei fleste omkom av svolt, alderdom, sjukdommar og andre årsaker. Utrydding med gass skjedde berre “i svært avgrensa omfang”.

Intervjuaren i The Independent, Marianne Macdonald, spør om Irving vil innrømme at det Hitler gjorde mot jødane var gale.

– Eg vil ikkje gje deg noko lettvint svar her og seie det var gale. Frå ein tysk, nasjonalistisk synsstad meinte dei å ha rett til å gjera dette, og dei fekk støtte frå heile det tyske folket.

“Ein perversitet”

David Irving er ein einsam og utstøytt mann. Styresmaktene i Tyskland, Austerrike, Italia, Australia og alle landa i Det britiske samveldet har erklært han uønskt. Han er frosen ut av historikarmiljøa. Han har aldri møtt dei danske svigerforeldra sine; dei vil ikkje veta av han.

Har det nokon gong slått han at han har mista profesjon, status og omdømme ved å forsvara Hitler – nettopp dei tinga som var det første Hitler tok frå jødane? Nei, svarar Irving, det har han ikkje tenkt på.

Er han antisemitt? spør The Independent. Nei – ikkje enda, svarar Irving. Men kor kjem så desse synspunkta frå?

– Det er truleg ein perversitet. Ei kjensle av å gå mot strømmen. Ein psykolog vil måtte svara på det. Men nokre gonger spør eg meg sjølv kva eg ville gjort i Nazi-Tyskland. Om eg var i den rette alderen ville eg truleg ha vore i motstandsrørsla, seier David Irving, noko intervjuaren finn svært usannsynleg.

Vitne: Eichmann

Irving meiner Holocaust ikkje fann stad. Han fører ei rekkje kjemiske argument, som at Auschwitz ikkje fekk store nok leveransar av koks til at ein million menneske kunne vore kremert i leiren. Og han fører eit sanningsvitne: Adolf Eichmann. SS-offiseren som organiserte jødeutryddinga i dei okkuperte områda.

David Irving har gått gjennom det som finst att av krigsarkivet til Eichmann (som vart avretta i Israel i 1962). Der står det ikkje noko om gasskammer og krematorium. Men det står noko om eksperiment med bruk av gass i bussar. Det er det Irving kan akseptere som “gassing i svært avgrensa omfang”.

Etter at Odd-Bjørn Fure tok han i kragen, har Hans Fredrik Dahl sagt og skrive at han tok litt hardt i da han utropte David Irving til “den fremste kildekritiker innen nazismens historie i dag”. Han skulle heller ha skrive “en av de fremste”.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |