Dag og Tid nr. 16, 17. april 1997

Bøker:
Ei gjennomtrengande stemme

Det er noko som er så gjennomtrengande i Thomas Bernhards stemme at alle blir gripen av skrivemåten hans.

Thomas Bernhard:
Kjelleren
Gyldendal


For eit år sidan kom bind to av Thomas Bernhards sjølvbiografiske erindringsbøker, “Årsaken”. Den omhandla dei siste krigsåra i Salzburg, begge delar eit sant helvete, skildra med språkleg intensitet som tar pusten frå lesaren og får annan erindringslitteratur til å bleikne bort i søndagsskoleaktige tablå. På grunn av innhaldet, ja, men først og fremst på grunn av den hudlause følsomheten som heile vegen styrer framstillinga slik berre ein med store brannsår kan skriva det ut.

“Kjelleren” er tittelen på bind tre, og den viser til ein konkret kjellar i eit saneringsområde av Salzburg, Scherzhauerfeltet, der Thomas Bernhard fekk jobb som lærling hos ein handelsmann. Året er 1947, Bernhard er 16 år, han har slutta på gymnaset, har forkasta ei trygg framtid med embetsstudium og ein sikker jobb og søkt arbeidskontoret om lærlingplass “i den motsatte retningen”, den som fører mot forfallet, stigmatiseringa, det spedalske som han kallar det, den delen av byen der dei utslåtte bor, arbeidarstrøket som får Rudolf Nilsens og Oskar Bråtens sosialskildringar frå Oslo til å bli ganske blodfattige samanlikna med den temperaturen og indignasjonen som kan tilførast ei slik miljøskildring når ein kapasitet som Bernhard ut frå sin bakgrunn grip fatt i det.

Ein framand

For Bernhards utgangspunkt er outsidarens, ikkje insidarens, den som kjenner seg trygg og er heime i miljøet. Bernhard er ein framand i alle miljø, ein som forstyrrar, øydelegg, er til bry, og sjølv om han tilsynelatande opererer innanfor normaliteten sine grenser og finn seg nokolunde til rette som lærling hos kjøpmann Podlaha i Scherzhauerfeltet, balanserer han heile vegen mot det fortapte, den totale undergangen, sjølvmordet. Med stor sensibilitet og intuisjon grip han fatt i sin eigen livssituasjon straks etter krigen, i dei åra som både formar han i bestefarens bilde, i filosofiens skole, ønsket om å vere aleine, og samtidig splittar han frå bestefaren og fører han inn i realitetens skole, ønsket om å vere saman med andre, kjøpmann Podlahas skole. Denne indre kampen mellom isolasjon og sosialt liv formar Bernhard på ein grunnleggjande måte og dannar basis for heile forfattarskapen hans når han frå midten av 1960-åra finn si eiga form og sitt eige innhald: det store oppgjeret med det offentlege Austerrike.

Sjølvsentrert monolog

Det er sjølvsagt mulig å sjå Thomas Bernhard som monoton, pompøs og sjølvhøgtideleg, ein som set sitt eige liv i scene og dermed kjem alle biografar i forkjøpet, og Elias Canetti reduserte han da også til “Alpenes Beckett”. Samtidig er det ikkje så enkelt, for det er noko så gjennomtrengande i Bernhards stemme at ein kvar lesar blir gripen av skrivemåten hans, diksjonen, det voldsomme sinnet og samtidig det sårbare uttrykket, og “Kjelleren” er i så måte typisk for den stilen han utvikla og perfeksjonerte i siste del av forfattarskapen, det suggererande og repeterande, dei lange og omstendelege setningane som fangar inn stemningar og inntrykk i ein vedvarande og sjølvsentrert monolog som varer og varer og utvidar seg frå første til siste side, i svingingar frå det euforiske til det djupt melankolske. Og melankolien er nok Bernhards maske mot verda, posisjonen utanfor fellesskapet der han fritt kan øve sin kritikk av samfunnet, eit slags tilvære i eksil der røynslene han bygger på er grunnleggande forskjellige frå dei fleirtalet deler. Dermed får det meiningslause ei meining i kunsten, i den overskridande refleksjonen og sjølvrefleksjonen i eit beskytta intellektuelt rom der ein kan utforske dei vilkåra som formar det enkelte mennesket som sosialt eller asosialt individ.

“Vi er ikke så sentimentale at vi fortsatt har håp”, skreiv Bernhard samtidig som han ser for seg eit håp i musikken der han som ung mann på avstand hører tonane frå Glucks “Orfeus” og Mozarts “Tryllefløyten”. Dette lyset som musikken representerer grip han etter mot slutten av bind tre. Kva det fører til, vil ein få vite i dei neste to binda, og har ein ikkje tolmod til å vente, kan ein i mellomtida lese Hans Hollers biografi “Thomas Bernhard. Et liv” som kom på Bokvennen Forlag i fjor.

Thomas Bernhard er presentert på norsk av Sverre Dahl. Han er framfor nokon den norske antenna mot den tyskspråklege litteraturen. Forutan alt det andre han omset, står han bak dei til no ni bøkene av Bernhard som finst i norsk språkdrakt, frå “Betong” i 1985 til “Kjelleren” i fjor haust.
Oddmund Hagen

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |