Dag og Tid nr. 14, 3. april 1997

Teater:
Tsjekhov à la 1990

Det er ei stor utfordring å skulle handtere eit drama som varer i tre timar og 40 minutt. Den breitt utpensla presentasjonen av alle personane tek si tid, men likevel er det denne delen som er mest gripande i oppsetjinga av “Løvet i Vallombrosa” på Den Nationale Scene, skriv Bent Kvalvik.

Den Nationale Scene
Løvet i Valombrosa
av Lars Noren
Regi: Ulla Gottlieb
Scenografi: Åsa Liberath Mørk


Svenske Lars Noren er den nordiske dramatikaren som har markert seg sterkast på våre breiddegradar dei siste 10-15 åra, båe i kvalitet og kvantitet. Gjennom ein rad skarpt realistiske familiedrama har han stukke hol på ein god del av dei verkebyllane mange av oss faktisk strir med i høve til våre næraste. kjærleikshatet og ikkje kjærleikssaknet har vore sentralt i dei fleste stykka hans, og fleire av dei har nokså util-slørt kome ut som parafrasar over “Lang dags ferd mot natt” av Eugene O'Neill. Noren sin fascinasjon for O'Neill er langt frå nokon løyndom. Han har til og med skrive eit biografisk stykke med O'Neill som hovudperson.

I “Løvet i Vallombrosa” let det til at Noren har forlate kjernefamiliehelvetet og O'Neill-sfæren. Men genuint original er han ikkje denne gongen heller. Det angar ganske sterkt av Tsjekhov à la 1990 av dette nye dramaet. Her møter vi familien som samlast i sommarhuset og snakkar sentimentalt om at dei må selje, som i “Kirsebærhagen”. Og som i “Måken” finn vi kjærleikstrekanten med den desillusjonerte forfattaren som blir sliten mellom den eldre, sterke og den yngre, kjenslevare skodespelarinna. Og tematikken A elskar B som elskar C som elskar A kan ein dra som ein snor tvers gjennom alle Tsjekhov-stykka og rett inn til Lars Noren. Fullt så handlingslamma og fatalistiske som hos Tsjekhov er ikkje personane i “Løvet i Vallombrosa”, men konklusjonen vert så omtrent den same: Det er lagnaden og ikkje vi sjølve som styrer liva våre.

Einsemda

Det er ei stor utfordring å skulle handtere eit drama som varer i tre timar og 40 minutt. Den breitt utpensla presentasjonen av alle personane tek si tid, men likevel er det denne delen som er mest gripande i oppsetjinga av “Løvet i Vallombrosa” på Den Nationale Scene. Vi sit i nærare to timar før vi får pause, men dei held oss godt fast der dei gradvis avdekkjer seg for oss, den aldrande, sjuke familiefaren John (Lothar Lindtner), borna hans Gabriel (Arne Jacobsen), Lena (Merete Armand), Sonja (Mona Jacobsen) og resten av familien. Med imponerande effekt taklar skodespelarane dei vanskelege partia med fleire samtalar i gang samstundes. Dette er sjølvsagt eit stilisert bilete på familiekonversasjon, som lett kunne vorte rart i ei så realistisk ramme, men vi kjøper det utan problem, og alt når fram til oss. Dei tre frustrerte, middelaldrande mennene (Sverre Røssummoen, Lasse Lindtner og Karl Bomann-Larsen) er sjølvsagt alle forelska i feil dame, og dei to unge i familien, Clara (Gørild Mauseth) og Samuel (Mads Ousdal), strever kvar for seg med eit kunstnarkall som skal tilpassast eit angstfullt kjensleliv. I utgangspunktet kan ein nok lure litt på kor allment aktuelt det er, eit familiedrama som mest berre handlar om forfattarar og skodespelarar. Men det er heilt klårt for å skildre einsemda til det moderne karrieremennesket Lars Noren har valt å fortelje om kunstnarar, folk i særleg einsame yrke.

Vinterhage

Og einsame er dei i dette familiegodset som scenografen Åsa Liberath Mørk så nydeleg skisserer for oss. Ho har valt å syne oss ein slags vinterhage, som med den store rektangulære bakveggen blir som ei slags scene på scena, i klare, rolege fargar, blått og kvitt. Når stykket etter pausen vert meir resignert og mollstemt, blir lyset og scenografien stadig goldare og goldare.

Instruktøren Ulla Gottlieb har jobba med dette stykket før, og i samband med premieren uttalte ho til pressa at ho denne gongen gjekk lenger enn før i stiliseringa. Når ein ser den ferdige framsyninga, slik ho ter seg etter pausen, skulle ein ønskje at Ulla Gottlieb hadde stilisert litt mindre. Dei nye handlingsmomenta i siste akta er ikkje særleg overraskande, og gjentakingane er mange. Det etter kvart monotone i spelestilen er ikkje til noka hjelp for teksta. Og diverre vert det heller til at vi misser mykje av den interessa vi opparbeidde for personane før pausen.

Til sjuande og sist vert Merete Armand sjølve gallionsfiguren i denne teaterhendinga. Personen Lena er òg den mest livsdugelege i stykket, og dette poenget har Merete Armand gripe med båe hender. Gjennom alle dei sterke, svake, tunge og lette scenene i “Løvet i Vallombrosa”, skjer ho seg inn med rank og integrert studie av einsemd, sakn – og styrke. Så kva ein elles måtte tykkje om Lars Noren, kan ein godt gå og sjå Merete Armand.
Bent Kvalvik

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |