Dag og Tid nr. 14, 3. april 1997

Leiar:
På innrotne tennissko

Schengen-samarbeidet handlar om noko anna enn EU, hevdar leiaren i Datatilsynet, Georg Apenes. Påstanden hans er ein reaksjon på kritikk mot Datatilsynet, som har vore nærast fråverande i debatten om Schengen-avtalen og dei personvernproblema som følgjer av avtalen. Leiaren i Datatilsynet vedgår i eit intervju i Aftenposten at han fryktar for personvernet, men han bruker likevel det meste av plassen til å svinge sverdet mot Schengen-kritikarane.

Der får vi også repetert ei av dei store halvsanningane frå ja-sida i Schengen-debatten: Schengen er noko anna enn EU. Det er like tullete å hevde dette som å hevde at Schengen-avtalen berre dreier seg om å føre den nordiske passunionen vidare – at det berre handlar om at vi skal få reise til Tyskland utan å dra passet opp av lomma ved grensa mellom Danmark og Tyskland.

Debatten om Schengen-avtalen er ein god reprise av EU-debatten. Einaste skilnaden er at vi ikkje får høve til å røyste over norsk medlemskap i Schengen. Det skal avgjerast av Stortinget – med ekspressfart. Og helst skal politikarane gå i tennissko så resten av samfunnet ikkje merkar så mykje til kva som er i ferd med å skje før det har skjedd.

Øystein Mæland, statssekretær i Justisdepartementet, skreiv under assosieringsavtalen med Schengen 19. desember i fjor. Da hadde det knapt vore nokon brei offentleg debatt om det omfattande politi- og overvakingssamarbeidet. Som vanleg har pressa i Akersgata i stor grad vore viljuge formidlarar av regjeringsretorikken om Schengen-avtalen. Som vanleg er det uråd for kritikarar å sleppe til med motførestellingar. Professor Thomas Mathiesen, ein nordisk kapasitet når det gjeld Schengen-samarbeidet, blir til og med sendt på dør når han ønskjer å følgje ein pressekonferanse om Schengen-avtalen. Det skjedde da regjeringa like før påske la fram proposisjonen om norsk tilslutning til Schengen-avtalen.

Regjeringa har bestemt at Stortinget skal gjera vedtak om norsk medlemskap i Schengen før sommaren. Alt tyder på at stortingsfleirtalet gjer som regjeringa vil. Og alt tyder på at Georg Apenes har rett i at Schengen er noko anna enn EU den dagen Stortinget gjer vedtaket sitt. Men seinare kan det tenkjast han tek feil, for da skal EU sjølv ta stilling til om Schengen skal bli ein del av Den europeiske unionen eller ikkje.

Regjeringa har diverre lagt opp til ei behandling av Schengen-avtalen som demokratisk er like innroten som avtalen sjølv.
Audun Skjervøy

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |