Dag og Tid nr. 14, 3. april 1997

På tomannshand:
Dama mot straumen

Eg har vore på eit kontor, i to timar. Hadde eg vore der ein halv time til så hadde eg ropt på Gud og røystaKristeleg folkeparti.Eg har vitja Hilde Frafjord Johnson på Stortinget.

Cecilie N. Seiness

Ho kjem rett frå franskkurs, målet er å snakka flytande fransk. Ho smiler breitt, går raskt opp ei trapp, bort ein korridor, inn ei dør. Eg kjem halsande etter. Ho har bestemt hake og helsar eit kjekt “hei Kristin” til Kristin Halvorsen som trippar framføre heisen. Så er me der. Ho har svart jakke og svarte bukser, brun genser under jakka som står i stil med eit sebraliknande skjerf som heng fint dandert kring halsen. Ho ringjer sekretæren og seier ho vert oppteken, ho sjekkar mail samtidig. Dei lange velpleidde hendene glir over tastaturet. Tre sølvringar, ei nål i jakkeslaget.

– Det er ikkje ofte sekretæren tek telefonen. Eg likar at folk skal kunne få tak i meg, difor let eg alltid telefonane gå rett inn på kontoret mitt.

Men denne dagen set ho altså over telefonen til sekretæren, telefonen ho seier “hei, det er Hilde” i når nokon ringjer. Både kristen og personleg skal ho vera.

33 år gamle Hilde Frafjord Johnson er sosialantropolog, den einaste på Stortinget. Hovudfagsoppgåva skreiv ho om bønder i ein landsby i Tanzania. Utdanninga er nyttig i arbeidet. Slik ho ser det, er Stortinget ei underleg stamme, eit hus med reglar, normer og verdiar. Ho tykkjer det ville vore moro om nokon studerte det frå ein antropologisk synsstad.

– Men eg må streka under at det ikkje er feltarbeid eg driv med no, seier ho og ler. I så fall hadde ho hatt eit godt materiale.

Men deltakande observasjon, evna til å sjå seg sjølv utanfrå, eller ovanfrå i eit fugleperspektiv, er metodar frå sosialantropologien ho har teke med seg til tings. Difor ler ho ofte godt av politisk argumentasjon og debatt.

– Eg tek meg sjølv i å le høgt i stortingssalen. Å le av motstandarane sine gode argument er å gje dei eit poeng, så det er liksom ikkje heilt bra å le, seier Hilde og skrattar høgt og uhemma.

Det er ikkje berre gjennom feltarbeidet ho kjenner Tanzania. Hilde budde i Tanzania til ho var sju år. Foreldra reiste ut med Det Norske Misjonsselskapet, faren som lærar og mora som sjukepleiar.

Ikkje noko provoserer Hilde meir enn bagatellisering av fattigdomsproblemet. Dei fleste debattane på Stortinget kan kjennast meiningslause i lys av problema ho har sett i Afrika.

– Men det er likevel viktig å ikkje verta handlingslamma i fordelingsspørsmål i Noreg.

Misjon har lenge ikkje vore stovereint i antropologimiljø. – Ei tid var misjonærbarn og Krf det aller verste ein kunne tenkja seg i antropologikretsar, seier Hilde og ler høgt.

– Det paradoksale var at kulturrelativisme gjaldt alle andre kulturar enn kristenfolket. Det var interessant å observera intoleranse og mangel på kunnskap om dette miljøet.

Hilde byr på kaffi. Ho har kopp med illsint katt på, eg får gjestekaffikopp med sebrastriper. Ho er ein kaffidrikkar av dei store, påstår ho. Kattekoppen tek sikkert ein halv liter.

Ein skulle tru at ho kom mellom borken og veden som misjonærdotter på faget antropologi. Ordet kulturimperialisme er ikkje langt unna når antropologane tek føre seg misjon.

Hilde tek ikkje avstand frå misjon, men ho er kritisk til ein del av metodane som vert nytta.

– Det er umogleg for ein kristen å tenkja at Kristus berre er for oss, men misjonærane treng kunnskapar innan felt som antropologi. Dei samfunna ein formidlar Gud til må finna sin eigen veg, sin eigen kristendom. Me syner Kristus i vestleg innpakning. Min kritikk av misjonen gjeld den vestlege innpakkinga, seier Hilde, ein svoren økumenikar.

Ho tykkjer ho har sett svært mange audmjuke misjonærar, og føretrekkjer misjonærar som er ti år i eit land, kjenner språket og kulturen, framføre folk som er sende ut med nasen i sky for å driva bistand i eit par år.

– Då tenkjer eg på bistandsfolk som rasar gjennom landskapet i landroverar og kan språket fyrst når dei reiser heim.

Ho meiner at dersom ein kallar misjonærar kulturimperialistar, kan ein like gjerne kalla bistandsfolk det same.

– Den einaste skilnaden er at misjonæren har ein bibel i baksetet. Bilen og vasspumpa er like mykje kulturimperialisme. Bistanden forkynner òg, den kjem med betre vegar, betre infrastruktur, meir avansert teknologi, økonomisk vekst, Michael Jackson og Coca Cola.

Krf laga i fjor motmelding til regjeringa si bistandsmelding. Den arbeidde Hilde med,og kjende oppgåva som si viktigaste i tida på Stortinget.

– Då meldinga var ferdig, følte eg at eg hadde gjort det eg var på Stortinget for. Kjell Magne Bondevik ymta frampå at det finst andre emne òg.

Spørsmålet i meldinga er korleis skapa utvikling i sør. Slik Johnson ser det er sanering av gjeld, ei betring av vilkåra for handelen og tiltak som kan gjera noko med den nasjonale utviklinga det aller viktigaste. Deretter kjem bistand.

Hilde meiner at debatt om bistand ofte er på feil premissar. Ein har hatt for høge forventningane til bistand. Det skapar stor fallhøgd i opinionen.

Hilde Frafjord Johnson meiner den norske bistanden er for styrt av norske interesser. Ho tykkjer ikkje Noreg bør ha noko att for midlane ein gjev som hjelp.

– Bistandsministeren skryt av at halvparten av bistandsmidlane kjem tilbake til landet.

Hilde tek sterk avstand frå at den eine vesle prosenten frå bruttonasjonalproduktet som vert nytta til bistand, òg skal koma Noreg til gode.

Mottakaransvar er eit populært ord i norsk bistand. Frafjord Johnson er meir oppteken av gjevaransvar.

– Slike ord er ordgyteri. Dersom ein vil ha pengar av NORAD, må ein bruka uttrykka berekraftig utvikling og mottakaransvar. Då ordnar alt seg. Det er viktig å sjå på dei motstridande krava gjevarane ofte stiller. Hilde karakteriserer bistandsminister Kari Nordheim-Larsen som “Kjerringa med straumen”.

– Pengane frå norsk bistand går meir og meir til Asia og vekstøkonomiane der. Dessutan er bistandsministeren oppteken av kva Noreg kan få igjen av den eine prosenten. Det kallar eg å gå med straumen, det ville vore fint om ho gjekk imot. Dei med minst pengar er i ferd med å verta gløymd.

Hilde kom til Noreg sju år gammal. Ho er ikkje berre misjonærbarn, men og folkehøgskulebarn. Fyrst budde familien i Oslo, foreldra jobba på Rønningen folkehøgskole. Dei flytta til Stavanger då Hilde skulle på gymnas. Der byrja det politiske engasjementet. No slit ho Rogalands-benken på tredje året – utan siddis-dialekt etter tida ho har budd i Stavanger. Ho snakkar austlandsk.

Hilde sit ikkje stivt bak skrivebordet. Ho lener seg godt bakover i sofaen, krøkjer føtene oppunder seg, og ler når det høver seg slik. Og i den lyseraude sofaen undrar ho seg over kvifor media så ofte ignorerer spørsmål som har med fattige land å gjera. EU-motstandaren var i Sør-Afrika i haust. EU forhandlar for tida om å inngå ein frihandels-avtale med landet.

– Dei freistar å få til ein avtale heilt i EU si interesse. Målet for EU er å få tilgang til den sør-afrikanske marknaden og kunne dumpa varer der. Dersom denne avtalen vert røyndom, skal den nyttast som modell for avtalar med andre land i Afrika og Karibien.

Hilde hadde vona Sør-Afrika skulle verta ein motor for utviklinga i Afrika sør for Sahara.

– Dersom det vert noko av denne avtalen, vil han sparka bein under økonomien i Sør-Afrika og ha store verknader på landa kring. Heldigvis protesterer sør-afrikanarane. Eg har freista å få norske media til å ta opp desse tingingane, men det har ikkje lukkast. Eg undrar meg over kvifor. Det er “oss sjølv nok-journalistikk” å ignorera slike viktige emne.

Ho kallar seg internasjonalist, og kjende seg ikkje heil vel med alle argumenta nei-sida brukte i EU-debatten.

– Eg fekk hetta av fokuseringa på det nasjonale. Dessutan går me i skyttargravene med ei gong. Slik er debatten i Noreg.

Det er òg noko ho kunne tenkja seg at ein antropolog kikka nærmare på, ikkje minst debattprogramma på fjernsynet.

Hilde undrar seg over kvifor det er slik, kvifor ein i Noreg tenkjer i boksar og lenkjer, og dersom nokon gjev uttrykk for eit syn, så vert mange andre meiningar tillagt ein, som liksom høyrer saman med den fyrste meininga.

– Ping-pong diskusjonar er lite spennande. Mange av debattane på fjernsynet er vulgære.

Det er fare for ny jappetid, og “turbo-kapitalismen” breier om seg. Materialisme, forbrukarkultur og bruk-og-kast-samfunnet tærer på solidariteten og offervilja. Difor er dei kristne organisasjonane og solidaritetsrørslene viktige, meiner Hilde.

– Dei kristne organisasjonane er nokre av dei siste solidariske rørslene.

Mange ler av bedehusdamene som strikkar for Afrika. I ein pause på antropologistudiet vart det gjort narr av desse damene. Då gjorde Hilde det klart at ho kjenner “slike”, og ville vita kven av studentane som kunne tenkja seg å ofra halve lønna si for å hjelpa andre menneske. Då vart det stille, fortel ho.

Solidaritetstanken og hjelpetanken meiner Hilde framleis lever i eige parti. Det er ikkje vanskeleg å samla inn pengar til veldedige føremål hjå dei. Ho sparkar litt til venstre og seier at SV, dei må ha kunstlotteri for å få folk til å gje pengar.

– Dersom SV-arane, som er blant dei høgast lønna, skal gje pengar, må dei kunne gå heim med eit litografi under armen.

Dei strikkande og heklande kvinnene karakteriserer Hilde som sjølve ryggrada i det solidariske Noreg.

Solidaritetstanken står sterkt i kyrkja, men når det gjeld miljø er det enno mykje som kan gjerast, meiner Hilde.

Ho gjev ikkje akkurat assosiasjonar til bedehusmiljø, men det er heller ikkje der ho har sin kristne bakgrunn frå. Som far hennar, også antropolog, har ho ei rekkje medlemskap i veldedige organisasjonar. Men ho er ikkje grøn-te-og-fotformsko-dame av den grunn. Ein av lidenskapane hennar er nettopp sko, og det skal ikkje vera fotformsko. Denne dagen er det svarte, korte lakkstøvlar med 3-4 centimeter hæl. Ho innrømmer gladeleg at ho er jålete. Før fotografering vert brunraud leppestift stroke sirleg på fyldige lepper.

Ho kom inn på Stortinget i 1993. Tidlegare hadde ho vore politisk rådgjevar for Kjell Magne Bondevik då han var utanriksminister, og konsulent i Utanriksdepartementet. Før Rio-toppmøtet arbeidde ho med miljø og utvikling, etter møtet med oppfølgjing og miljø i nordområda. No er ho miljøpolitisk talskvinne og sit i energi- og miljøkomiteen. Ho har sagt ja til ein ny periode på Stortinget, men er i gang med eit nei-prosjekt. Målet med prosjektet er å seia nei til noko av det ho vert spurt om, utan å få dårleg samvit.

– Ambisjonane er ikkje posisjon, men å vera der eg kan gjera mest for det eg tykkjer er viktigast.

– Godt sagt, det der, seier ho med flir om munnen.

Og det ho brenn for kan seiast med to ord, menneskeverd og miljø. Kamp mot fattigdomen i verda, mot sorteringssamfunnet i Noreg, og for å betra kåra for flyktningar og asylsøkjarar. Det legg ho i ordet menneskeverd.

Ho har særleg vore oppteken av gen- og bioteknologi og ikkje minst kloning, som har vorte grundig omtala av media i det siste. Kloningsvedtaket er ho strålande nøgd med. Forslaget ho sette fram gjaldt å forby “kloning av dyr og høyerestående organismer”. Overskrifta i Aftenposten: “Stortinget spurte ingen”, meiner Hilde er heilt utruleg.

– Som om dei folkevalde skulle spørje forskarane om “lov” før dei ber regjeringa om lovendringar.

Regjeringa må no fremma eit lovforslag for Stortinget. Slik Hilde ser det er det positivt at Stortinget endeleg er fyrst ute.

– Dessutan meiner mange forskarar at reglar mot kloning må koma raskt. Om folk meiner at det ikkje hastar med eit slikt vedtak, kjem det av kunnskapsløyse.

På grunn av det store arbeidspresset er det mykje Hilde ikkje får tid til. Ho bur aleine, og når ho har fri prioriterer ho vennene. Ho har vore ein iherdig korsongar, men ikkje no. Friluftsliv, fotball og volleyball – ho har spelt i andre divisjon – er andre interesser som det ikkje vert mykje tid til. Ho freistar å halda seg i form på Stortinget sitt trimrom. Matlaging er ein annan lidenskap. Då helst i wok, og med mykje kvitlauk, ingefær og krydder.

Hilde var redd “drivhuseffekten” på Stortinget før ho byrja i 1993. Og ho meiner at ho til tider vert ramma av den.

– Til dømes under alle statsrådskifta og høyringane i samband med Lundkommisjonen må det utanfrå ha sett litt rart ut kva me driv på med.

Høyringane trur ho kan forsterka “drivhuseffekten”. Ho er redd politiske debattar kan verta eit sirkus i Per Ståle Lønning-stil.

– Det er ein fare for at sirkushestane dominerer, seier ho – og stussar...

– Du har vel ikkje notert at eg sit og skrevar med beina, vel? Mor mi seier alltid at eg må passa på det!

– Nei då, slapp av.

Ein varm avskjed, og utanfor, på gata, blir eg møtt av eit blendande ljos. No har eg sett det. Kor vart det av mi kritiske innstilling til Krf, og alle dei djevelske spørsmåla?

Er det verkeleg berre sola?

Halleluja, det er vår!

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |