Dag og Tid nr. 14, 3. april 1997

Herbjørn Sørebø:
Vettet vantar

Vi har gjort det vanskeleg for oss på så mange måtar i det moderne samfunnet. Det kan vere innfløkte regelverk som er like vanskelege å forstå som å halde, lover og pålegg som har mange andre og uønskte verknader som det aldri var meininga at dei skulle ha, mangt av same slag som har overlevd seg sjølv og ikkje svarar til dei krava samtida set, Fanden og hans pumpestokk. Budsjettdisiplin er det nå trass i alt sjølvsagt at det må vere i offentleg styre og stell. Korleis skulle det gå elles? Men budsjettdisiplinen har vel gått for langt når politiet på grunn av pengemangel ikkje kan stogge ein innbrotstjuv som tek drosje til og frå innbrotsstaden. Dette hende i Honningsvåg. Der var det slutt på pengane til overtid, så politiet kunne ikkje arbeide etter klokka 16, endå det var kjent at innbrotstjuven ville slå til.

Kanskje var dette ein demonstrasjon som skulle vise kva pengemangel kan føre til i politiarbeidet, og tjuven vart vel seinare hekta i kontortida, så skaden vart vel ikkje større enn ein liten dempar på livsgleda i ei befalsmesse der innbrotstjuven hadde stole brennevinet. Men spørsmålet er kva som hadde hendt om politiet hadde hekta innbrotstjuven på staden og sendt overtidsrekninga til Justisdepartementet med den solide grunngjevinga det skulle ha vore lett å skrive. Hadde departementet avvist rekninga? Det kan vi rekne med. Men saka hadde kanskje vorte hemmelegstempla av omsyn til personvernet.

I hovudstaden vart ein huslyd med fire barn kasta ut av eit kommunalt husvære på grunn av ei leigeskuld på 15.000 kroner. Bustadetaten er ikkje noko sosialkontor. Der skal dei drive butikk. I staden fekk denne huslyden tilvist plass på hospits til 32.000 kroner i månaden, for sosialkontoret har plikt til å skaffe husvære til dei som står utan tak over hovudet. Regelverket som dei to etatane kvar for seg heldt seg til, var ein tragedie for huslyden og ein svært dårleg butikk for kommunen. Det var nok lett å sjå for alle, men Bymisjonssenteret og pressa måtte til med krav om å få ei overordna bystyremakt til å skjere gjennom. Då var spørsmålet om det finst ei makt som er sterkare enn eit regelverk som får uønskte konsekvensar.

Marknadspris er det nye moteordet i politikken. For ei tid sidan vart det gjort vedtak i bystyret i hovudstaden om å gjennomføre ei takstregulering for trygdebustadene. Husleigene var i utakt med marknadsprisen, og det tapte kommunen så store pengar på at eit samla bystyre meinte det måtte gjerast noko med det. Marknadsprisen skulle vere retningsgjevande. Resultatet vart ein så stor auke i husleigene at det gjer mange av dei som har trygdebustad til sosialklientar. I tillegg kjem noko ein ikkje kan måle. Det er at minstepensjonistar som har slite eit langt liv kjem til å kjenne seg som taparar med vantakk til løn når dei må den tunge vegen til sosialkontoret og be om hjelp. For hovudstaden blir kanskje ikkje inntekta av auka husleiger så mykje større når ein reknar frå utgiftene til sosialhjelp og meir byråkrati.

Her er det pengar å spare! tenkte dei i ein kommune der det vart gjort vedtak om å sentralisere middagslaginga til alders- og sjukeheimane. Etter vedtaket skal middagsmaten lagast på sjukeheimen i kommunesenteret og køyrast med kommunal bil til dei andre institusjonane, endå det er tre mil frå sentrum til den aldersheimen som ligg lengst unna i ei utkantgrend. Der hadde dei nett gjort ferdig eit nytt kjøkken, og det ville dei gjerne bruke slik tanken var, men nei takk, der skal det berre varmast opp mat heretter. Tidlegare kunne dei lage i stand mat litt etter ønske frå pensjonærane, men nå er det slutt med det. Alle er misnøgde med den nye ordninga. Det skal bli interessant å sjå kor stor innsparinga blir når fraktkostnadene kjem på bordet.

Offentlege reknestykke som går på framtida bør vi visst ikkje leggje så stor vekt på. Finansdepartementet rekna med at det samla underskotet på statsbudsjettet i perioden 1994-97 ville bli på 161 milliardar kroner. Det blir eit overskot på ikring 79 milliardar.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |