Dag og Tid nr. 14, 3. april 1997

Film:
Drivande original Kaurismäki

Aki Kaurismäki blir visst ikkje meir konvensjonell med åra. Tvert om er “Drivende skyer” Kaurismäkis mest særprega film så langt, skriv Hallvard Østrem.

Drifting Clouds
Manus og regi: Aki Kaurismäki
Med: Kati Outinen og Kari Väänänen


Drivande skyer er betre enn dei som står stille. Skyer som står stille er heller keisame, like keisame som finsk fjernsynsteater.

Aki Kaurismäkis “Drivende skyer” er ikkje keisam. Filmen er nok langsamt finsk, så ekstremt langsam at “Piken fra fyrstikkfabrikken” blir for reine actionfilmen å rekne i samanlikning. Men langsam eller ikkje, filmen rører seg faktisk framover elegant som skyar over himmelen.

Rein realisme

Kaurismäki kallar sjølv filmen for “rein realisme”, “realisme i forhold til innholdet”, medan han heile tida vil prioritere “den eksterne realismen”. Underfundig nok, for dette er ein svært stilisert film, både når det gjeld spelestil, scenografi og fotografi.

Det er fascinerande bilete fotografen Timo Salminen har laga, stilreine og målariske og med hyperenkel lyssetjing. Den minimalistiske stilen i blått gjev assosiasjonar til femti-sekstital, med funkismøblar og radiokabinett, men tidsbiletet er påfallande ukorrekt. Her dukkar det plutseleg opp eit Sony trinitron farge-TV med fjernkontroll og tolv kanalar, telefonsvararar og PC-ar.

Poetisk fridom

Med andre ord er “Drivende skyer” realisme med poetisk fridom til å omgå realitetane der det passar. Eller er det gammaldagse menneske i ei moderne verd Kaurismäki skildrar? Det kan godt vere, men det spelar heller ikkje så stor rolle.

Tema er arbeidsløysa og dei mentale effektane av det å vere utan arbeid, ein tilstand som ein ut i frå Kaurismäkis eigne notat om filmen òg kan tolke som ein metafor for livet sjølv. Så tung er denne tilstanden at Kaurismäki ikkje kan anna enn å gje filmen ein “happy ending”, slik at folk kan gå lykkelegare ut av kinoen enn då dei gjekk inn.

Joda, eg vart lys til sinns av “Drivende skyer”, for den svarte humoren fungerer. Kanskje er det ikkje like vilt som “Leningrad Cowboys Go America”, men vittig er det. Mest imponerande er likevel den minimale stilen, og at Kaurismäki klarar å fortelje ei spennande historie om kvarmann innanfor desse rammene.
Hallvard Østrem

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |