Dag og Tid nr. 14, 3. april 1997

Hans Børli:
Når ein “einfaldig romantikar” viser seg å vera modernist

Det er ikkje mange åra sidan Hans Børli ikkje var god nok for radikalarar og akademikarar. Dei siste åra har det skjedd ei endring. Diktaren frå husmannsplassen har vorte oppvurdert.

 OTTAR FYLLINGSNES

Når Hans Børli (1918-1989) var hovudperson på poesi-seminaret på Flisa nyleg, er også det eit uttrykk for denne oppvurderinga.

– Først på 70-talet var ikkje Hans Børli ein diktar som ein burde arbeida med eller lesa i universitetskrinsar. Han lei under stempelet av å vera “skogens diktar”; ein einfaldig romantikar, slo førsteamanuensis Tora Løkensgard Hoel fast på Flisa. Sjølv meiner ho at Børli har noko som appellerer til alle.

“Sense of place”

På 70-talet vart det skrive tre hovudfagsoppgåver om Børli. Løkensgard Hoel skreiv ei av dei. Sidan vart det ingen nye hovudoppgåver på om lag 20 år, men på 90-talet har det kome fleire. På poesidagane doserte fleire av dei ferske hovudfagsstudentar om Hans Børli.

I doktoravhandlinga si har førsteamanuensis Henning Howlid Wærp teke for seg Børlis naturlyrikk. På Flisa hadde Howlid Wærp sett “Tømmerhoggaren som vart modernist” som tittel på foredraget sitt. Han viste til essayet “The sense of place” av nobelprisvinnaren Seamus Heaney, der Heaney hevdar at det er to måtar å kjenna ein stad på.

– Den eine er levd, ikkje litterært og ubevisst. Den andre er lærd, litterært og bevisst. Den først opplevingsmåten tilhøyrer gjetaren, bonden eller andre som er så rotfest i ein stad at dei aldri reflekterer over det og difor ikkje artikulerer tilhøvet sitt til landskapet. Den andre opplevingsmåten tilhøyrer poeten som er framandgjort frå staden på grunn av reflektering, ei reflektering som til sjuande og sist er sjølvrefleksjon. I den ekte litterære kjensla eksisterer desse to opplevingsmåtane samstundes i ei fruktbar utveksling, hevdar Heaney.

– Denne striden mellom ulike opplevingsmåtar kan seiast å fastsetja Børlis tekstverd. Han er tømmerhoggaren som aldri flyttar frå heimtraktene eller tek høgare utdanning, men som likevel gjennom skriving, lesing og tenking vert meir “lærd, litterær og bevisst”. Prosessen skaper større visse om stilen og betre dikt, men også aukande grad av framandkjensle i høve til naturen. Samstundes er det Børlis prosjekt gjennom sine ting og sansedikt å etablera kontakt med den første opplevingsmåten. Grenseskogtradisjonen er likevel berre ein del av Børlis stoffområde. Gjennom bruk av gresk mytologi, bibelhistorie, sitat frå – og tilvising til – andre diktarar, utforsking av modernistiske motiv, imagistiske bilete, ei lang rekkje metadikt som reflekterer over språket sitt vesen og sjansane til poesien, står Børli fram som noko meir enn ein lokal forfattar. Han er delvis ein framand fugl blant sine eigne som bokmann og poet, ved sida av tømmerhoggargjerninga si. Dette doble finn ein mange vitnesbyrd om i sjølvbiografien “Med øks og lyre”.

Børli forlet etter kvart litt av kulturbakgrunnen sin, sjølv om han aldri flyttar frå Eidskog. Han vert ståande i ein mellomstilling mellom ein lokal og ein urban tenkjemåte, mellom tradisjon og modernitet. Han er ein meir utypisk enn typisk representant for tømmerhoggaren eller skogbruket. Det vert tvilsamt om han – den rotlause lesaren – kan representera det enkle livet i naturen i ein komplisert og urbanisert kultur. Likevel er det dette doble og splittinga som gjer forfattarskapen spennande, som gjer det til noko anna enn villmarksromantikk.

Metadiktar

– Børlis sanseleg-konkrete dikt har likskapar med den modernistiske retninga imagismen som oppstod i Amerika og England kring 1910 – med Ezra Pound som frontfigur. Dikta skulle vera harde og klare i eit kvardagsnøkternt språk, ikkje vage og ubestemte som hjå mange av symbolistane. Bileta skulle ikkje vera ornament, men det som uttrykte meining. Rytmen skulle ikkje skapast av versemål, men i kvart enkelt dikt. Eit anna grep var å stilla to bilete opp mot einannan, og det var også vanleg hjå Børli. Imagismen innebar diskre presentasjon av den sanselege røyndomen, ei reinsing av språket for litterære klisjear og store abstraksjonar.

Howlid Wærp viste til den svenske lyrikaren og kritikaren Göran Paalsons essaysamling “Solen, speglen, essayer om lyrisk modernisme” der han deler inn modernistisk lyrikk i tre straumar: ekspresjonisme, imagisme og surrealisme. Desse retningane dekkjer ikkje heile det modernistiske feltet, meiner Paalson. Han nemner også metadiktinga. Vanlegvis utgjer slike dikt berre ein liten del av produksjonen hjå ein diktar; ofte eitt, to eller tre dikt. I modernismen aukar talet på metadikt radikalt. Børli har om lag 90 metadikt; om lag 40 reine metadikt og 50 med sterke metainnslag. Hjå Børli røper tittelen ofte at diktinga er temaet. I fleire av desse dikta merkar ein det imagistiske førebiletet.

Eit anna vanleg signalement ved modernismen er at den er knytt til urbanitet og teknologi. Eitt av Børlis litterære førebilete, Rolf Jacobsen, var ein urban poet som skriv om byen og teknikken. Då Børli besøkte redaktør Jacobsen i Kongsvinger Arbeiderblad med ein bunke dikt i ryggsekken, fekk han i tillegg til gode råd ei diktsamling av den svensk-amerikanske diktaren Carl Sandburg. Sandburgs dikt om arbeidsfolk og deira kår i arbeidarane sitt språk vart ei skjelsetjande oppleving for Børli. Medan Sandburg skreiv om industriarbeidaren, skreiv Børli om tømmerhoggaren med motorsaga. Det som er modernistisk med desse dikta er motivområda: kvardagen, arbeidet og språket. Børli tek del i den radikale utvidinga av lyrikken sitt motivområde, som modernismen representerer. Med visse atterhald meiner eg at Børli kan lesast ut frå ein modernistisk tradisjon, seier Howlid Wærp.

Spolerte dikt

I essaysamlinga “Det norske syndromet” frå 1980 skriv Jan Erik Vold om Hans Børli og den nye lyrikken. I essayet uttrykkjer Vold seg både negativt og positivt om Børlis dikt. Dei beste dikta er perfekte, skriv Vold.

På Flisa-seminaret hadde Ove Røsbak grave fram det som Jan Erik Vold skreiv om Hans Børli. Røsbak valde å dra fram det negative frå Volds artikkel:

“Spolerte dikt fins det endel av i Børli dikting. Spolerte ikke fordi han ikke kjenner det skogens liv han skildrer, men fordi han har for lav bevissthet omkring den form han bruker til å kunne gi fra seg sin kunnskap om skogen, for svak refleksjon omkring hva som kreves av et dikt for at det skal kunne stå på egne bein og ikke bli poetisk krykke i et haltende liv. Denne lengsels beriberi, som er part av det norske syndrom”.

Ove Røsbak hadde sine innvendingar.

– 17 år etter at “Det norske syndromet” vart gjeve ut, er det lett å vera samd med Paal Brekkes innvendingar mot dette essayet. Det er rein litteraturpolitikk Vold driv med her, inga sakleg vurdering av dei ulike tradisjonar i norsk dikting. Hans Børli har hamna på feil side av gjerdet saman med Peter R. Holm, Stein Mehren og Hartvig Kiran. Grunnen til at Vold slår desse diktarane i hartkorn med einannan er at dei ikkje oppfyller hans definisjon av dikting; poesi er lik musikalitet, pluss innsikt. Foredraga eg har høyrt her på Flisa, provar kor grovt Vold feilvurderte. Hans Børli sette aldri diktinga si på former. Heile livet strevde han med å gå vidare og fri seg frå dei tvangstrøyene som språket og livet hans innebar. Han ville nå fram til ei sjølvstendig røyst. Målestokken for alt i hop hadde han i seg sjølv. Kanskje var det difor Hans Børli skreiv 90 dikt om det å dikta? Difor vart han mykje meir sårbar enn dei forfattarane som tilhøyrde litterære klikkar. Samstundes har Vold rett i somt av det han skriv. Børli var ikkje ein utprega intel-lektuell lyrikar. Hjå han fekk kjenslelivet spela med på ein heilt annan måte enn det som er vanleg i norsk lyrikk i dag. Me har ingen naturlyrikar av Børlis format lenger; ein som er oppteken av store filosofiske spørsmål som samstundes som han skriv for alminnelege folk.

Utbrettskroppar

– Eit av dei viktigaste ankepunkta for Vold er at det finst så mykje lengsel i Børlis dikt. Det er sant at no – på slutten av andre tusenåret – kan det å lengta ha noko håplaust “forlorent” over seg. Kva skulle det vera å lengta etter i det ironiske klimaet me lever i, der Gud har gått av med pensjon, der han er plassert i æresstol med alle utmerkingane på bringa. Fullstendig avmektig sit han der. Villmarka er redusert til Kagge og Monica Kristensen, åndslivet er ein filial av Kulturdepartementet, og me forfattarar vekslar mellom å vera utbrettskroppar for bokklubbrosjyrar, gravplyndrarar i likkistene til døde forfattarar og agentar med både hovud og hjarte i stresskofferten – anten du er for eller mot EU. Kva er det å lengta etter – anna enn den neste mat-orgien på rekninga til forlaget? Kva har ein forfattar som Hans Børli å seia oss no lenger?

– Samstundes er Hans Børlis ry stigande. Behovet for Hans Børlis visdom frå folkedjupet har slett ikkje vorte mindre, slo Ove Røsbak fast.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |