Dag og Tid nr. 14, 3. april 1997

Bøker:
Mellom kjærleiken og døden: Europa

Med historia om den umogelege kjærleiken som utgangspunkt har britiske John Berger skrive ein intelligent og kresen roman. Det som stig fram mellom døden og kjærleiken, er livet og Europa, skriv Øystein S. Ziener.

John Berger:
Til bryllupet
Gyldendal 1996


“Men i en fortelling er fremtiden alltid nærværende. Det visste allerede Sofokles.” Den blinde forteljaren grip tilbake til det som vert kalla vogga til den europeiske kulturen i det siste kapitlet i John Bergers roman Til bryllupet. Han er da også sjølv grekar, og med denne romanen skriv Berger seg inn i heile den vestlege, litterære tradisjonen, på ein djupt original og fornyande måte.

Utsegna til forteljaren grip fatt i sjølve kjernepunktet i John Bergers sofistikerte roman. For kva skjer med menneskelivet når det syner seg frå si mest brutale side? Kva skjer når ein medisinsk diagnose som er synonym med ein dødsdom, tvingar eit menneske til å leve utan von?

Da er ikkje livet lenger det same. Når det bakoverskodande perspektivet er det einaste mogelege, vert samstundes heile livsopplevinga endra. Er livet framleis livet når døden gjer seg nærverande i det? Kva er det i det heile å leve?

Opne spørsmål

Det er denne eksistensielle problemstillinga Til bryllupet tar på seg å utforske. Mellom anna. For det syner seg at så snart dette grunnleggjande spørsmålet er stilt, får det sjølvsagt vidtrekkande konsekvensar for alle menneskelege virkeområde. Også litteraturen sjølv. Og politikken.

Til bryllupet stiller nakne spørsmål og må difor verta ein roman som gjer oss medvitne om at det høyrer menneskelivet til ikkje berre å leve i vona, men også i den innbilte vissa om at det kjem ein dag i morgon. Utan førestellinga om ei framtid, ville vi ikkje ha opplevd notida som notid, berre som ei ettertid.

Men ikkje berre det: Til bryllupet syner oss også det stikk motsette. Døden set ikkje berre livet i relieff. Han er ein nødvendig føresetnad for livet, for at vi opplever livet som liv.

På same måte som framtida er innskriven i notida, er slutten på framtida, døden, innskriven i livet sjølv. Det er ikkje nødvendigvis nokon motsetnad mellom desse to livsopplevingane. Dei utelukkar og føreset kvarandre på ein og same gong. Det er nettopp det paradoksale spenningsfeltet mellom dei som utgjer livet sjølv. Det er her det utspelar seg. Vi er alle like skråsikre både på døden og på morgondagen – og vi kan vere det fordi vi ikkje veit noko om dei i det heile. Dei er og må vere opne spørsmål.

Aids

Det handlar om aids i Til bryllupet. Og det handlar om 23-årige Ninon: Ei tilfeldig seksuell oppleving på ei strand i Italia for mange år sidan har gjort ungjenta hiv-positiv. Og no har ho møtt sin store kjærleik, Gino.

Hiv-viruset har frårøva Ninon alt: Ho kan ikkje gi og ta imot kjærleik; ho kan ikkje gi seg sjølv til han ho elskar; ho kan ikkje gi liv til born – og om nokre korte år kan ho ikkje leve sjølv. Smittestoffet kastar henne ut i ei utoleleg eksistensiell einsemd, eit absolutt nullpunkt.

Likevel, Gino insisterer på å gifte seg med han ho elskar, og i Til bryllupet skriv John Berger fram historia om og omkring dei to fram til giftarmålet skal finne stad: Forutan deira historie følgjer vi reisene til dei fråskilde foreldra til Ninon til bryllupet: Faren køyrer motorsykkel frå Frankrike til Italia; mora reiser med buss frå Bratislava via Venezia til den vesle byen ved utløpet til Po der festen skal finne stad. Og vi følgjer fortellehandlinga til den blinde grekaren som formidlar historia til oss.

Mottekst

Det handlar om aids i Til bryllupet. Men det handlar ikkje om dei marginale utgruppene som til vanleg vert definerte som risikogruppene for denne sjukdomen – sprøytenarkomane, homoseksuelle menn, blødarar. Det handlar om ei vanleg jente – om kven som helst. Dermed allmenngjer John Berger aids slik han òg avsensasjonaliserer denne tabloidavis-sjukdommen med sin lågmælte og sensuelle skrivemåte. Hos Berger utseier aids noko allment om livet: Når denne sjukdommen rammar tilfeldig, tydeleggjer han at livet er tilfellas frie spel. Dei utset vi oss alle for ved å leve. Dei kan ingen verge seg mot. Nettopp ved å setje den marginaliserte sjukdommen aids i sentrum for merksemda, maktar John Berger å framstille livet så nake som livet berre kan vere.

Derfor handlar det ikkje berre om aids i Til bryllupet; det handlar om kjærleik, om liv og om død. Det handlar om ein sjukdom som ikkje berre går til åtak på kroppen, men på alt mellommenneskeleg samkvem fordi han gjer kjærleiken umogeleg. Også derfor er Til bryllupet ein kritisk tekst, ein mottekst.

Korleis skrive?

Hiv-viruset et opp førestellinga om den romantiske kjærleiken. Kjærleiken vert eit moralsk dilemma. Men kva skjer da med litteraturen? Korleis skrive? Og korleis skrive om aids? Gjennom sin eigen skrivepraksis gir John Berger sjølv det beste svaret, for han skriv også denne problemstillinga inn i romanen sin: Når Gino erklærer sin kjærleik til Ninon med kroppsnære sitat frå Salomos høgsong, opplever ho metaforiseringa av kvinnelege kroppsvæsker som honning og nektar som hånsord. Aids får etablerte verdiar til å forvitre. Kanoniserte tekstar får eit nytt – og grotesk – meiningsinnhald.

Men samstundes som Til bryllupet er ein roman om aids, er han også ikkje ein roman om aids. John Berger har – sjølvsagt – ikkje noko ønskje om å gi noko inngåande bilete av sjukdomsforløpet hos ein aidssjuk. Slike banaliserande grep er han for intelligent til. Det han gjer, er å nytte hiv og aids som eit litterært motiv. Berre når han vert nytta slik kan han utseie noko vesentleg både om menneskelivet generelt og om 1990-åra spesielt. Også derfor skriv John Berger om aids – post-modernitetens sjukdom framfor nokon.

Bryllaup og død

Det grepet John Berger nyttar for å løyse problemet sitt, er å utgrense Ninons sjukdom og død frå romanteksten. Sjukdommen vert berre framstilt som manglande høve til livsutfalding i notid og manglande framtidsutsikter. Det er dette som endrar livet til Ninon fundamentalt. Derfor er det berre dette som er interessant som emne for litterær framstilling.

Den sjuke kroppens smerte lar seg ikkje skrive fram med ord slik døden også er uforståeleg for oss alle. Derfor lar heller ikkje døden seg beskrive. I mellomrommet mellom kjærleiken og døden står berre livet tilbake – og litteraturen. Dei er begge ein prosess slik tittelen på romanen òg markerer: Det er nettopp alle rørslene som fører fram til bryllupet Berger skriv fram.

For heller ikkje det bryllupet som heile romanhandlinga er sentrert om, vert framstilt i romanen som ei hending som faktisk har funne stad. Det vert berre framstilt som framtidsutsikta til dei to elskande. Berger gjer dette gjennom eit snedig forteljeteknisk grep: Han lar den blinde – og sjåande! – forteljaren sin framføre si eiga notidige førestelling om korleis bryllupet til Ninon og Gino kjem til å bli.

Dermed får bryllupet same paradoksale status som døden i romanen: Det vert på ein gong framstilt samstundes som det ikkje er framstilt i det heile. Også det vert ståande som eit ope spørsmål: Kjem bryllupet til finne stad eller gjer det det ikkje?

Denne opne framstillingsmåten er igjen føresetnaden for at Ninons bryllaup og hennar komande død kan skrivast saman som metaforar for kvarandre på ein effektiv måte. Dermed vert også framstillinga av Ninons bryllaup paradoksal: Ho vert både ei framstilling av bryllupet og døden hennar, og ho vert korkje ei framstilling av bryllupet eller døden hennar. Nettopp fordi dei to motiva begge er opne spørsmål kan dei samanskrivast som metaforar for kvarandre. Men dermed kjem dei òg til å dementere kvarandre. For begge handlar om det vi ikkje kan vite noko om.

Det er altså fundamentale motiv frå heile den vestlege litterære tradisjonen John Berger grip fatt i i Til bryllupet, og han gjer det berre for å omskrive dei og å nyskrive dei. Det er ei nyskriving som er nødvendig og som talar sitt tydelege språk: Etter aids er ingenting det same – heller ikkje litteraturen. Frårøva kjærleiken og døden som motiv vert litteraturen kasta tilbake på seg sjølv – og på livet. Litteraturen vert – og må verte – sjølvreflekterande. Berre ved sjølv å vere motsetnandsfull kan han utseie noko om det paradoksale ved livet. Til bryllupet syner oss at litteratur og liv går ut på eitt og det same – og det stikk motsette.

Denne framstillingsmåten syner at John Berger har eit medvit om litteraturens eigenart som litteratur. Dermed ivaretek han òg litteraturens særlege moralske forplikting, for eit slikt medvitet er føresetnaden for at han kan skrive si djupe medmenneskelege forståing inn på alle plan i teksten, ei forståing som gir Til bryllupet dei dimensjonane denne romanen faktisk har.

Grenseoppløysing

Aids er ein grenseoppløysande og grensesprengjande sjukdom, og Til bryllupet opnar seg òg ut mot store overindividuelle perspektiv. Om denne romanen om kjærleik og død utgrensar både døden og kjærleiken, opnar han seg mot livet – og mot Europa. Romanen har eit geografisk spenn frå Spania i vest til Hellas i aust og Slovakia i nord, og ei tidsramme som spenner frå Praha i 1968 til Italia i 1996. Det var – og er – grenseoppløysingas tid på det europeiske kontinentet, og John Berger skriv den individuelle kjærleikshistoria han fortel, saman med ei punktvis framstilling av europeisk samtidshistorie.

Det er meisterleg gjort, og det er det fordi Til bryllupet konsekvent er ein anti-metaforisk tekst: Han nektar plent å jamføre det grenseoppløysande i menneskekroppen med den geografiske grenseoppløysinga i Europa.

For døden og livet høyrer berre det individuelle menneskelivet til. Dei kan ikkje fungere som legitime metaforar for politiske tilhøve. Som ein av personane seier som ein kommentar til kommunismens fall i aust: Kommunismen levde aldri. Derfor kan han heller ikkje vere død.

Romanen dreg slik ei definitiv skiljeline mellom røyndom og tekst. Han insisterer på å halde fast på at røyndomen er verkeleg; litteraturen litteratur. Berre litteraturen kan fungere metaforisk og omskape tilfellas frie spel til lovmessige, estetiske mønster. Det kan berre skje ved at teksten viser til seg sjølv. Ei sjølv-referensiell framstilling er den einaste mogelege forma for “realisme”. Til bryllupet er slik ein roman som sjølv tar konsekvensen av den utfordringa aids er for litteraturen, og Berger skriv seg ut av ein kvar gold og trendy meta-fiksjon og fram mot ein ny moralsk engasjert litteratur.

Derfor er ikkje Til bryllupet ein dyster roman. Han er ein djupt alvorleg roman fylt av von, nyting og livsglede og skriven med ein sødmefylt sensualitet som høyrer middelhavslanda til. Denne genistreken av ei bok er noko så sjeldant som ein europeisk roman om å vere redd og å sovne med ein katt på magen.
Øystein S. Ziener

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |