Dag og Tid nr. 11, 13. mars 1997

Filmmelding:
Ein ostentativ onkel

 "Onkel Oskar" er stiv i tillaupet, fint frampå i svevet, men finalen kjem både brått og uventa.

Onkel Oskar
Regissør:Evald Otterstad
Produsent:Christian Wildhagen

Dei nye norske spelefilmane perler seg over lerretet som sauelort denne vinteren. No er det ein trøndersk sauebonde som syner lovande tendensar. "Onkel Oskar" snublar iblant, slik folk gjer når dei kastar seg utfor for første gong, men han reiser seg att -- og står.

Tre historier

 "Onkel Oskar" er Evald Otterstads spelefilm-debut, og herer det meste trøndersk; manusforfattaren, regissøren og skodespelarane.

Otterstad har teke utgangspunkt i Torvald Sunds populære barnebøker,i norsk bygdeliv og i skodespelarar som snakkar dialekt. Det erstortarta og unikt. Dei to barnebøkene "Onkel Oskar springnaken heim til jul" og "Onkel Oskars saueost" ligg tilgrunn for filmatiseringa. Skodespelarane er ikkje dei store stjernene,men habile amatørar. Resultatet er ein familiefilm som børgleda mange.

 "Onkel Oskar" er sett saman av tre historier; det storeterrengløpet, den mellomstore sauesankinga og det vesle, men illesmakandesaueostmåltidet.

Helten i "Onkel Oskar" er ein elleve år gammal gutsom vert plaga med ein tyrannisk onkel og ei tafatt mor, men den dummeonkelen er ingen smarting. Ofte lurar han seg sjølv, og dåmedfører det gjerne gevinst for den som er ung og ille plaga.

Bilkjøring

Alt i filmen er ikkje like bra. Det er ikkje fantasien som pregar regieni dei første Oskar-scenene. Dei er uhyre tradisjonelle -- som skulledet vore ein øvingsfilm. Likevel går det betre etter kvart.Fartsscena frå ein smal norsk veg trykkjer seg inn i mellomgolvet.For underteikna vart i alle fall forfilmen med Eddy Murphys biljakt pålerretet -- nokre minuttar tidlegare -- til ein uttoggen klisjé.

Det som byrjar både traust og tregt, vert etter kvart ledig ogkattemjukt. Når terreng-løpet er unnagjort, er oppvarmingaover. Kantane i spelet "liten gut lurer dum onkel" forsvinn,og handlinga flyt langt meir fornøyeleg av garde. Ein sit att medinntrykket av at både gut, onkel og instruktør har vorte gradvisvarmare i trøya.

Frå først av var "Onkel Oskar" ein kortfilm.No er han utbygd til ein spelefilm. Truleg er det kortfilmen som er oppvarminga,medan resten er eit uttrykk for vidareutviklinga.

Når filmen har funne den rette tonen, gler ein seg over bådeAndreas Gjermstad -- som halvgalen sauebonde -- og Jorg Øwre Rømmasom forsagt 11-åring.

Du brøler ikkje av latter, men du flirer i skjegget -- i storedelar av filmen. Når til og med solskinnsidyllen etter kvart avløyserdet trønderske gråveret, sit ein att med eit inntrykket frågode, svenske barnefilmar.

Humoren er rett fram. Truleg fell han betre i landleg moldjord enn påsvart byasfalt. Finst det ein finslepen, urban humor, har han ingen plassi dette trønderske landskapet.

Musikalsk sprik

Det musikalske pregar filmen, variasjonen er stor, men slett ikkje alltidlike passande. Det hender at han tek ei anna retning enn stemninga i filmen.Men eg kjøper det også, som ein del av heile det burlesketrønderkonseptet.

Alt i alt provar "Onkel Oskar" at norsk spelefilm for barnog ungdom er meir enn Pelle og Proffen, og det er bra.

Eg seg fram til at sauebonden dukkar opp som serie på fjernsynetom halvtanna år.
Ottar Fyllingsnes

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |