Dag og Tid nr. 10, 6. mars 1997

Filmen:
-- “Rallarblod” var ikkje stoverein

Spelefilmen “Rallarblod” vart ikkje ein publikumssuksess i dei store norske byane, men filmen gjorde det betre utover landet.

OTTAR FYLLINGSNES

“Rallarblod” byggjer på romanen Dansen gjenom skuggeheimen. Dei fleste opptaka er gjorde i Oslo og området ikring. Bygda i filmen er Hjartdal i Telemark. Der fann regissøren, Erik Solbakken (54), litt av den bygningsmassen som prega det tidlege 1900-talet. Elles er det gjort opptak både på Krøderbanen og på Drammen- og Røykenbanen.

Ein ukorrekt film

I 1979 hadde den to timar lange filmen premiere under Nordiske film og fjernsynsdagane i Helsingfors. Den danske stjerneregissøren, Bille August, var ein av dei som uttalte seg positivt om fleire sider av filmen, men alle var ikkje like rosande. På 70-talet var det mange som var opptekne av at norske spelefilmar skulle vera politisk korrekte.

-- “Rallarblod” vart behandla som ein politisk ukorrekt film. Likevel var ikkje alle samde. I Trondheim, Nord-Noreg og i mange av tettstadene fekk filmen langt betre mottaking enn i dei største byane, fortel regissøren.

Kritikken

For Solbakken vart “Rallarblod” ein avgjerande film. Tidlegare hadde han laga dei to spelefilmane “Kimen” og “Vårnatt”. Båe bygde på romanar av Tarjei Vesaas. “Rallarblod” hadde eit budsjett -- 4.2 millionar kroner -- som gjorde han til den dyraste i norsk filmhistorie.

Det viste seg etter kvart at “Rallarblod” skulle verta Solbakkens siste spelefilm. I dag arbeider han på Statens Filminstitutt i Oslo.

-- Dagbladet meinte at filmen ikkje var tøff og brutal nok. I ei tid med krisemaksimering, var ikkje konfliktane tekne nok ut. “Rallarblod” hamna i kategorien for politisk film. Han tok blant anna for seg løns- og arbeidspolitikk, men kritikarane hevda at han var for romantisk. Det var for mykje søndag og for lite kvardag i han. Fleire meinte at kåra for rallarane var verre enn det som filmen skildrar. På mange vis er “Rallarblod” eit helteepos, men det var ikkje “comme il faut” på slutten av 70-talet. Ein skulle ikkje driva med heltedyrking den gongen.

Mot veggen

-- Du tok kritikken innover deg?

-- Klart det! Det var ille å verta stempla som reaksjonær, særleg når ein ikkje var det. “Rallarblod” var den siste filmen eg laga. Rett nok utvikla eg fleire filmprosjekt, men det var som å stanga hovudet mot veggen. Eg vart ikkje oppfatta som tidsrett. Ml-arane sa at historia ville visa at dei hadde rett, men slik skulle det ikkje gå. Når det er smått med pengar og krybbebitinga aukar i omfang, kjem maktkampen også. Då kan det vera ein utveg å fjerna både konkurransen og rivalane. For å oppnå dette kunne ml-arane bruka metodar som det ikkje er mogeleg å bruka i dag. På 70-talet var det nokre få smaksdomarar som dominerte. I dag er det fleire.

Ikkje stovereint

-- Det fine med Uppdal er at han tek utgangspunkt i noko som er svært norsk. Skildringane hans er svært levande; så levande at ein ser gruvesamfunnet og figurane for seg. Men samstundes er det noko universelt over Uppdal. Det er ikkje berre litteratur, det er kulturhistorie også. Han dreg fram ei nesten ukjend historie som det er få kjelder til.

-- Så vidt eg kjenner er ikkje andre av Uppdals romanar dramatiserte for film. Eg veit ikkje om det er miljøet, tida, personen eller språket som gjer det. Det er høgst ufortent at han ikkje har fått større merksemd, seier Solbakken.

I filmen brukte han filmmannen og Uppdal-kjennaren Olav Dalgard som konsulent. Dalgard har til og med ei lita statistrolle i filmen, nett som i “Kimen”.

-- Eg hugsar ikkje om det var Dalgard som sette meg på sporet av Uppdal, men eg brukte Dalgard som manuskonsulent i fleire prosjekt over fleire år. Samarbeidet og vennskapen med Dalgard var stimulerande.

Reaksjonær Vesaas

I dag meiner dei fleste at det både rett og riktig å filma norsk litteratur, men slik har det ikkje alltid vore.

-- Etter “Rallarblod” vurderte eg på å laga ein oppfølgjar, med tanke på å sjå korleis det gjekk med Sjugur Rambern som bonde, men prosjektet kom aldri lenger enn til manusskisse-stadiet. På slutten av 70-talet og byrjinga av 80-talet var det ikkje stoverein fagpolitikk å laga filmar av norske romanar eller av litteratur i det heile. Du skulle skriva filmmanus ut frå eige hjarte og ut frå eiga oppfatning av samfunnet. Midt på 70-talet vart det sett på som reaksjonært å vera oppteken av Vesaas og Ibsen. Det var fleire som hevda at det var for lettvint berre å filmatisera ein roman. Det er ikkje rart at “Kimen” var ein bra film. Det er lettvint berre å ta utgangspunkt i ei bok, vart det sagt.

Anna tempo

Solbakken meiner at “Rallarblod” var ein billeg produksjon, men det slo tilbake på filmen at han var den dyraste norske filmen så langt. Dermed venta ein at han skulle tilfredsstilla alle krav.

-- Med dette som bakgrunns-teppe var det ikkje lett å få støtte til nye prosjekt. I Norsk Film ønskte dei seg personlege filmar som var skrivne av opphavsmannen sjølv. I Statens produsentutval dominerte dessutan filmfolk med dei same haldningane.

-- Kva ville du gjort annleis om du hadde laga filmen i dag?

-- Eg ville ha valt eit anna tempo, eg ville komprimert teksten, men valt den same ramma. Eg ville skildra klassemotsetnadene gjennom kvinna og mannen, Sjugur og Innbranna.

Kjærleik også

1. mai i fjor vart “Rallarblod” vist på NRK.

-- Etterpå fekk eg fleire positive reaksjonar. Me har vorte meir differensierte i synet på saker og ting enn me var det på 70-talet. I dag er det lov å snakka opnare. No kan ein til og med snakka om kjærleik. Den gongen skulle det dreia seg om harde livsvilkår. I dag er det akseptert at ein viser ei kjærleikshistorie for å få fram livsvilkåra.

Erik Solbakken er uviss på om det er grunnlag for å laga fleire spelefilmar av Uppdal-romanar.

-- Eg er usikker på om det er klima for historiske filmar her i landet. Dei har lett for å verta både store og dyre.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |