Dag og Tid nr. 10, 6. mars 1997

Diktaren:
Fleire Uppdal-bøker i vente

Høgdepunkt i Kristofer Uppdals poesi kjem i bokform til hausten.

OTTAR FYLLINGSNES

Kristofer Uppdal har kanskje ikkje det store publikummet, men mange av bøkene hans er komne, og fleire skal koma i nye utgåver, lovar professor Leif Mæhle. Den første kjem til hausten, og sidan følgjer fleire.

-- Les folk Kristofer Uppdal i 90-åra?

-- Han har kanskje ikkje så mange lesarar, men han har i alle fall vorte lesen og brukt i akademiske miljø dei 35 åra eg har vore der. Også i ein del nye antologiar finn ein Uppdal, men salet av bøkene hans har aldri vore stort. Bøker som kom ut på 20-talet, var framleis å få kjøpt på 60-talet. Dei fanst på lager. Sjølv kjøpte eg “Kvæde” frå 1905 i 60-åra. I 1968 gav eg ut “Bloddropetrall og rallarsong”, som var dikt i utval, på Den norske bokklubben. Boka vart seld i fleire eksemplar enn alle Uppdals tidlegare bøker til saman.

Gerhardsen

-- Ein kan sjølvsagt undra seg over kva for lesarar Uppdal nådde fram til med det store verket om arbeidarrørsla? Las arbeidarane Uppdal? Eg veit ikkje kva eg skal svara på det spørsmålet. Ein einaste gong møtte eg Einar Gerhardsen. Det var på eit møte i Oslo arbeidersamfunn. Uppdal var tema for møtet, og Kjølv Egeland heldt tale om han. Eg spurde Gerhardsen om han trudde at folk i arbeidarrørsla las Uppdal. Det vart snakka om bøkene, somme las dei, men det var neppe utbreidd i rørsla å lesa Uppdal, meinte han.

-- Kan ein Uppdal-konferanse og ei Uppdal-foreining skapa større interesse om forfattaren?

-- Det trur eg absolutt. Opplegget for Uppdal-konferansen i Nord-Trøndelag er interessant. Det er positivt at nord-trønderane slår til no. Dei har nesten ikkje gjort nokon ting for Uppdal. Han har ikkje fått spela den same rolla som Duun, som trønderane i høg grad har teke til seg.

Ein treklang

-- Er det lyrikken eller prosaen du set størst pris på hjå Uppdal?

-- Eg set lyrikken høgast, men det er ein nær samanheng mellom romanforfattaren, essayisten og lyrikaren. Det synest å vera ein triade eller ein treklang i det han skriv.

-- Det eine er vitaliteten. Både “Bloddropetrall” og “Dansen gjenom skuggeheimen” er til dømes sterkt erotisk ladd.

Det andre er individualiteten. Både i lyrikken og romanane handlar det om menneske som tek vare på individualiteten, integriteten og særmerket ved seg.

-- Det tredje som er sentralt i romanserien er solidariteten, eit fundamentalt element som står sentralt i arbeidarrørsla.

-- Det som er interessant er denne triaden av ulike funksjonar som står i farlege spenningsforhold i høve til kvarandre; individualiteten i høve til solidariteten til dømes.

Nye bøker

Professor Mæhle viser til at det finst ein plan for utgjevinga av nye Uppdal-bøker. Alt i 1965 kom ein ein antologi med eit utval av Uppdals litteraturkritikk, og heile romanserien kom på nytt på slutten av 80-talet. Til hausten kjem dei to diktsamlingane “Elskhug” (1919) og “Altarelden” (1920), pluss aforismesamlinga “Jotunbrunnen” (1925) i eitt band.

-- Uppdal debuterte i 1905. Fram til 1909 gav han ut fire diktsamlingar. Mange av desse dikta er ikkje stor litteratur, men seinare reiste Uppdal til Tyskland, og der møtte han tysk ekspresjonisme. Det kom ei ny satsing frå 1915 og utover. Uppdal tok på seg ei enorm arbeidsmengd frå 1915 og fram mot 1925, og dette tok på nervane. Han gjekk laus på lyrikken, samstundes som han skreiv nye romanar for å komplettera romanserien. Han reparerte ein god del av den tidlegare lyrikken. Dei utbetra dikta finn ein i den bok som kjem ut til hausten. Sjølv meiner eg at “Altarelden” er den rikaste av Uppdals diktsamlingar.

-- Tanken er at det seinare skal koma ei bok som tek for seg dei fem første diktsamlingane. Ho er tenkt som ei kommentarbok, der ein viser til originalversjonen av eit dikt og endringane Uppdal gjorde med det. Det er også planen å sjå nærare på det som finst av upubliserte dikt på Universitetsbiblioteket, og det som Odd Solumsmoen let etter seg då han redigerte “Hestane mine”. Eg har gjeve Uppdals første versjon av “Kulten” til Aschehoug, og så får det vera opp forlaget å avgjera om nyutgjeving.

-- Finst det gode, upubliserte dikt liggjande på Universitetsbiblioteket?

-- Det kan eg ikkje svara på før eg har sett nærare på materialet.

Gaustad

I tre år, fram til 1929 var Kristofer Uppdal tvangsinnlagd på Gaustad. Både han og kona vart erklærte for psykisk sjuke, og dei to borna hamna på barneheim.

-- Før dette var Uppdal inne i ein periode då han sleit seg ut med arbeidet. At han også hadde alkoholproblem gjorde ikkje situasjonen lettare. seier Mæhle.

-- Eg har tenkt, og dessutan gjort visse førebuingar til å gå inn i Uppdals Gaustad-periode. Gjennom journalane er det mogeleg å finna ut meir om Uppdals opphald på sjukehuset. Olav Dalgard fortalde meg ein gong om eit besøk han gjorde hjå Uppdal på Gaustad saman med Olav Aukrust. Sjeldan har eg sett Dalgard så rørt som då han fortalde om dette møtet. Aukrust gret då dei forlet Gaustad. Kanskje det var den gongen Uppdal bad dei få han ut av asylet før han vart “tullin...”

-- Skreiv Uppdal noko særleg medan han var på Gaustad?

-- Nei, ikkje det eg kjenner til, men han byrja nok på “Galgberget”.

-- Var Uppdal sinnssjuk?

-- Det veit eg for lite til å uttala meg om. Men i den ekspresjonistiske lyrikken hans finst det paranoide drag. “Herdsla” (1924) er ei vond bok å lesa. Han skriv under eit trykk og eit unormalt nervepress, og han overfører dette til romanfigurane.

Upublisert verk

-- Uppdal skreiv eit verk -- “Ævelengdn” -- som aldri har kome i bokform. Det handlar om tida før Adam og Eva. Har du lese dette verket?

-- Ja, men det er ikkje så lett å karakterisera det. Det er vanskeleg nok med “Kulten”. Det er ein slags filosofisk meditasjon over menneskelivet. Det er i to delar, kvar på om lag 400 sider, og det endå vanskelegare å lesa enn “Kulten”.

-- Bør “Ævelengdn” gjevast ut i bokform?

-- Eg synest ikkje det. I så fall skal verket gjevast ut i sin heilskap. Det er vanskeleg å tenkja seg utgjeving av eit slikt verk. Det kjem til å kosta enormt, og få vil ha glede av det. Me -- og då meiner eg me som har arbeidd mykje med Uppdal: Olav Dalgard, Odd Solumsmoen, Vigdis Ystad og eg -- meiner at “Ævelengdn” ikkje bør gjevast ut som bok.

-- Fryktar de at ei utgjeving kan skada Uppdals ry?

-- Det er fleire grunnar til at me har sagt nei. Det er meiningslaust å gje ut ei bok som ikkje når fram til lesarane. “Ævelengdn” er heller ikkje eigna til å auka Uppdals ry. Verket vil heller medverka til å skremma lesarane bort frå forfattarskapen. Det er langt viktigare å få fram det som er råd å lesa og studera, seier professoren som har fått i oppdrag å ta vare på det som Uppdal let etter seg av skrifter.

Det er ingen som fører Uppdal-slekta vidare. Kristofer Uppdals einaste son, målaren Skjalg, døydde i 1971. Den næraste slekta er to systrer av Uppdals svigerdotter.

-- Er ikkje Uppdal så stor ein forfattar at alt han har skrive bør liggja føre i bokform?

-- Eg er ikkje så sikker på det.

-- Den siste Uppdal-biografien kom i 1959. Medfører undersøkinga av Gaustad-journalane at du planlegg å skriva ein ny?

-- Det har eg ikkje så lyst til å seia så mykje om, men det er ikkje usannsynleg. Eg har mykje materiale, men synest ikkje at biografar er det mest spennande. Eg er meir interessert i litteraturen enn i forfattarlivet.

Proporsjonane

-- Det er gjort ein del nye Uppdal-funn dei siste åra?

-- Eg har sett på det som vart funne i Froland, men synest ikkje at det er så veldig interessant. Det er kanskje meir spennande å sjå på det som er funne på folkehøgskulen i Namdalen. Det er dikt frå den tida Uppdal famla seg fram. Venteleg er dei amatørprega.

Mæhle meiner at det viktig å ikkje plassera Uppdal-interessa feil. Ein må ikkje konsentrera seg om materiale som ikkje viser kor stor forfattaren var. Skal ein finna fram til dimensjonane, nyttar det ikkje å granske småtinga, meiner professoren.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |