Dag og Tid nr. 8, 20. februar 1997

Filmmelding:
Mumlande mega-pianist

Kan ein film om ein australsk pianist fascinera Ola Dunk?

Shine
Regissør: Scott Hicks
Med: Noah Taylor, Geoffrey Rush, Lynn Redgrave

Sjansane er ikkje store, men i dette tilfellet er svaret eit vilkårslaust ja!

Australske “Shine” er ein strålande film som kallar både på latteren og gråten. Filmen er nominert til sju Oscar-prisar; blant anna i kategorien beste film, besteregissør, beste mannlege skodespelar og beste mannlege birolle. Geoffrey Rush i hovudrolla har alt henta heim ein Golden Globe-pris.

Tyrannisk far

“Shine” byggjer på ei verkeleg historie om livet til ein lys levande pianist. David Helfgott nærmar seg i dag 50 år, og han er framleis -- eller rettare sagt -- på nytt aktiv ved klaveret.

Skildringa i filmen er som eit eventyr; ei trist historie som endar lukkeleg.

Det byrjar med ein tilsynelatande galen mann som snublar seg fram i silregnet med hovudet fullt av musikk. Han stoggar utanfor ein bar. Innanfor ser han eit klaver, og dette vert eit vendepunkt i det tragiske livet hans.

Derfrå går filmen tilbake til byrjinga, til Davids relativt kummerlege oppvekst i Melbourne i Australia. Guten er fem år gammal, og faren, Peter, er polsk-jøde som mista foreldra i ein tysk konsentrasjonsleir. Som gut har Peter lært seg å spela fiolin, men faren hans knuste fiolinen. Likevel har han greidd å læra seg kunsten. Han ivrar sterkt for å vidare føra dei musikalske kunnskapane sine til David som viser seg å ha svært store musikalske evner. Faren oppmuntrar sonen med stor entusiasme, for stor for ein liten gut, som går glipp av den barndommen han skulle hatt. For den usympatiske og svært autoritære familiefaren står full kontroll over både familien og Davids liv i første rekkje. Likevel når David eit publikum utanfor sine eigne dører. Han får sjansen til å delta i musikkonkurransar, og den kjende fiolinisten Isaac Stern ordnar med musikkstudium i USA, men faren nektar. David innrettar seg deretter, men i lengda kan ikkje faren stogga den talentfulle musikaren. I 1966 trassar David faren og reiser til England for å studera klaver på Royal College of Music, men dette fører til at faren bryt kontakten. Også i London har David stor suksess, og han vert samanlikna med dei største. Likevel kjenner han seg einsam, usikker, forlaten og utstøytt av familien. Til slutt går det gale. På ein storslått konsert i Royal Albert Hall i London framfører David faren sitt svært komplekse yndlingsverk, Sergej Rachmaninovs 3.konsert, men då skjer det. Den lysande karrieren fell samanmed eit brak, og supertalentet vert sendt tilbake til Australia. I om lag ti år -- frå 1970 -- bur han på psykiatrisk sjukehus. Legane set forbod mot at han skal få spela klaver, og i mange år rører han ikkje tangentane.

Men David Helfgott endar ikkje sine dagar som ein gløymd musikar på ein trist institusjon. Det fantastiske skjer, og ein dag sit han ved klaveret på nytt. Filmen fortel det på sin måte korleis dette skjer. I Politikens film-bilag får ein lege i Perth æra for å ha fått Helfgott tilbake til livet. Legen hadde høyrt om pianisten og tilbaud han plass bak pianoet i sin eigen restaurant. På den tida røykte Helfgott 120 sigarettar i døgeret, han var svært underleg, med ein nesten autistisk oppførsel. Men pianoet i restauranten gav Helfgott ny giv i livet.

Tilfeldig møte

Den ukjende Scott Hicks har regissert “Shine”, og han fortener verkeleg Oscar-nominasjonen. Tidlegare har han berre laga to spelefilmar som ikkje sette noko spor etter seg. Den manglande suksessen førte til at han satsa på dokumentar filmari ein tiårs-periode i staden. For ti år sidan hamna han tilfeldigvis på ein konsert med Helfgott, og han vart fascinert av den merkelege skapningen som spelte så bra medan mumla, nynna og braut av når det passa han. Etter mange besøk hjå Helfgott lærte Hicks pianisten å kjenna, han skreiv manus til “Shine”, forkasta det og fekk ein kollega til å gjennomgå det.

I september i fjor hadde “Shine” europeisk premiere på filmfestivalen i Venezia, og sidan har han hausta laurbærder han har vore vist.

Spenning

Det er noko befriande uamerikansk med heile filmen. Det gjeld både den lune humoren som gjennomsyrer filmen, men også realismen i scenene frå dei første åra i Australia. Men det gjeld også sistedelen som kunne ha opna for det søtlåtne, men som held seg godt unna Hollywoods sukra glansbilete. Så godt som kvar einaste scene der David Helfgott nærmar seg pianoet er ladd med spenning.

Geoffrey Rush, som den vaksne utgåva av den mumlande pianisten, er strålande. Biletet av den sprøe pianisten sit på netthinna lenge etter du har forlate kinosalen. Den autoritære faren er glimrande tolka av Armin-Mueller Stahl. Det er fulltfortent at både Rush og Stahl er nominerte til Oscar.

Feirar i Tivoli

Hadde ein ikkje visst betre, hadde ein sagt at historia bak “Shine”er oppkonstruert. Det gjev utan tvil ein ekstra dimensjon til filmen at hovudpersonen lever og har det bra.

Eg veit ikkje om Helfgott har hatt konsertar i Noreg, men han har spelt i Danmark fleire gonger. Der likar han seg, og dit kjem han tilbake for å feira 50-årsdagen den 19. mai med stor solokonsert i Tivolis Koncertsal. Sist han vitja Danmark var i november, og då spelte han Rachmaninovs 3. klaverkonsert. Også den gongen hadde han store problem med å riva seg laus frå klaveret, og han song nesten like høgt som han spelte.

Ettertrakta

Den suksessen som “Shine” har hatt, har gjort Helfgott vidgjeten. Interessa for den australske pianisten er sterkt stigande. Han har hatt fleire konsertar i Australia, og han planlegg ein ti-månaders turné til USA, Canada, Asia og Europa. I London skal han spela i Royal Albert Hall, og filmen har nærast sprengt konsertkalenderen.

Ei plateinnspeling med Helfgott har dessutan klatra til topps både på klassiske og pop-lister i England og USA, skriv New York Times.

Avisa omtalar “Shine” som ei påfallande sannferdig attforteljing av Helfgotts liv. Pianisten sjølv er nøgd med filmen, og han omtalar “Shine” som “den største film som er laga”.

Astrologisk naudhjelp

“Shine” vert omtalt som ein film om kjærleikens destruktive og lækjande kraft. Den lækjande krafta i denne samanhengar står astrologen Gillian for. Ho er 15år eldre enn pianisten. Nyleg gav ho ut boka, “Love you to bits and pieces”, på Penguin, og der tek hofor seg samlivet med pianisten. I dag bur paret landleg eit par timars køyretur sør for Sydney.

Til New York Times fortel Gillian Helfgott at mannen øver seks timar for dagen. Han vert behandla for ein psykisk sjukdomsom lækjarane har vanskar med å setja namn på.

-- Han er ikkje schizofren eller manisk-depressiv. Han er aldri depressiv. Han er berre vedunderleg eksentrisk, seier ho. Og legg til at medisin-dosane vert halde på ei lågt nivåfor ikkje å hemma kreativiteten.

Etter at filmen har vorte kjent og vist kringom, vil alle sjå og høyra David Helfgott. Somme vil helst sitja på fremste rad i konsertsalen av di dei ønskjer å høyra kva pianisten seier når han spelar. Nett som i filmen pratar han gjerne, og det meste av det han seier, gjentek han eit par gonger.

Ein merkeleg mann?

Javisst, men bruk gjerne halvannan time på David Helfgott.“Shine” er ein film som absolutt kan tilrådast. Han både fengjer og lyftar.
Ottar Fyllingsnes

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |