Dag og Tid nr. 8, 20. februar 1997

Film:
Sauebonde som filmstjerne

Onkel Oskar går til filmen. Den 7. mars er det premierei 15 norske byar. Til hausten står teateret for tur.

OTTAR FYLLINGSNES

Det er med skrekkblanda fryd onkel Oskars far, Torvald Sund, ser fram til den første visinga.

-- Æ trur nok at folk vil flir litt. Æ trur no det, ja! flirer trønderen. Han ventar seg ein både burlesk og sprø film, men han er svært varsam med å samanlikna Oskar-filmen med andre filmar. Det får folk gjera sjølv.

Han har hatt stor suksess med bøkene om onkel Oskar. I desse dagar kjem dei i eitt band -- i tredje opplag.

Forfattaren er stadig på farten, frå den eine skuleklassen til den andre, og onkel Oskar er stadig med. Stemninga ståri taket, og det hender at ungane ler så dei dett av stolen. Historia om onkel Oskar har synt seg å vera noko som treffer, noko som lever vidare. Men det er ikkje lett å skriva humoristisk, slår opphavsmannen fast.

Først kortfilm

Det er fleire år sidan den eine nordtrønderen --Evald Otterstad -- tok kontakt med den andre.

Torvald Sund kjem opphavleg frå Rakvåg på Nord-Trøndelagskysten. Otterstad kjem frå nabobygda Fosen, og han augna film-potensialet i onkel Oskar. Saman med Torvald Sund, sydde han saman manus til ein kortfilm. I 1995 hadde den 18 minuttar lange filmen premiere på kortfilmfestivalen i Grimstad. Han nådde ikkje heilt til topps i konkurransen, men vart likevel påskjøna. I filmen har amatørskodespelarar hovudrollene.

-- Det er skodespelarar på høgt nivå, forsikrar Sund.

-- Statistane kjem frå store delar av Trøndelag. Og det er neppe til skade for norsk film, legg han til.

Blant alle trønder-figurane er det også gjort plasstil ein vestlending, og han er sjølvsagt predikant. Berre i nokre biroller finn ein kjende skodespelarar.

Andreas Gjermstad frå Sparbu Teaterlag spelar onkel Oskar. Han er amatørteater-veteran med 30 års fartstid på scenekanten. Blant anna har han medverka i spelet om Heilag Olav på Stiklestad. Tolv år gamle Jorg Øwre Rømma frå Rissa spelar den ille plaga guten, medan Hilde Heier, som er profesjonell skodespelar, spelar mora.

Like etter at kortfilmen var ferdig, vart det sendt søknad om støtte til ein spelefilm om onkel Oskar. Svaret var positivt, og regissøren fekk 4 millionar kroner. Dessutan gjekk NRK inn, og planen er at filmen skal sendast som ein serie på tre episodar i fjernsynet.

Dei same tre skodespelarane har hovudrollene i spelefilmen som i kortfilmen. Ein del av kortfilmen er klipt inn i den om lag timelange filmen.

Ein råspurt

Filmen vert lansert som ein folkekomedie. I bøkene om onkel Oskar har Torvald Sund teke utgangspunkt i det folkelege i ei Trøndelags-bygd.

-- Det handlar om ein tolv-åring og råspurten hans inn vaksen-verda. Onkel Oskar prøver å få folk av guten. Han mislukkast heile tida, og det set grå hår i hovudet på mannen. Det dreiar seg om det evige tapet for dei pedagogiske metodane. Det er ikkje lett å ta villkattan'.

-- Filmen er eit rotnorsk produkt. Det er min røyndom, sett gjennom hånfliret og det skeive gliset; det som var så typisk for kystbøndene. Der ein ikkje har anna å flir' av, må ein flir' av seg sjølv.

-- “Onkel Oskar” er ein film som er meir for bygdefolk enn byfolk?

-- Nei, det trur eg ikkje. Alle som tek verda litt uhøgtideleg, bør ha sansen.

Fortvila sauer

Ute i den store filmverda hender det at både filmfolk og forfattarar tildeler seg sjølv ei lita rolle. Torvald Sund har ikkje nytta sjansen til å skaffa seg plass i filmhistoria.

-- Det kom eg aldri på, men eg kika på då filmen vart spelt inn i fjor vår og sommar. Og eg var med på å jaga sauene. Det var litt av eit opplegg. Utruleg at ein greidde å få det til. Det er ikkje lett å instruera ein saueflokk, men filmfolka vart tipsa om ein saueeigar, han Olav Sørfjord i Åfjorden, som hadde ein fantastisk hund. Han gjorde jobben for hundre filmmedarbeidarar. Skjøna sauene lite før, skjøna dei endå mindre etter filminnspelinga. Først vart det jaga, skubba og skrike for å få dei ut av sauefjøset. Så vart sauene jaga rett inn att med det same, før dei vart jaga ut att. Scena vart teken om att tre-fire gonger, og sauene har nok aldri forstått mindre. Heile bygdelag medverka som statistar, og det er nok mange som ser fram til premieren med stor spenning. Då kortfilmen hadde premiere, kom det 300 menneske for å sjå 18 minuttar med film -- og få kaffi etterpå. Publikumsrekorden i lokalet vart grundig slått.

Strile-Oskar

Men onkel Oskar går ikkje berre til filmen, han går til teateret også. I Bergen hadde Yngve Seterås lesebøkene, og han bad Sund skriva manus til eit teaterstykke for Bergen Familieteater.

Meininga var at onkel Oskar skulle ha premiere på Familieteatret i mars, men no er premieren utsett til september.

Bergen Familieteater er eit privat teater som brukar profesjonelle skodespelarar. Planen var at Helge Jordal skulle spela onkel Oskar på strilemål, men Jordal spelar også i “My fair lady”. No viser det seg at dette stykket går sågodt på Den Nationale Scene at ingen torer ta det av plakaten før til sommaren. Difor har Jordal måtta takka nei til onkel-rolla.

Oskar-slutt

Sjølv om Samlaget masar, har Torvald Sund ingen planar om å følgja opp suksessen med bøkene om onkel Oskar.

-- Du har skrive 25 bøker. Er det fleire som høver for film?

-- Eg har ikkje konkrete planar, men eg var aldri inne på tanken på at onkel Oscar skulle verta film då eg skreiv dei to bøkene. Det er flott at ein ny regissør har gripe fatt i stoffet.

I dag finst det lite ny norsk dramatikk for barn, men Sund uttrykkjer von om at fleire scener tek sjansen i framtida.

-- Dei siste par åra har eg ikkje gitt ut nye bøker, men det har vore artig å få arbeida med andre yttrykksformer som teater og film. Eg håpar å få fleire sjansar, seier trønderen -- som har fått ungane til å falla av stolen av latter.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |