Dag og Tid nr. 6, 6. februar 1996

Herbjørn Sørebø:
Revidert biografi

Det er ikkje det minste merkeleg at historikarar, hemmelege tenester og journalistar har vist stor interesse for å få tilgang til arkiva etter det hemmelege austtyske politiet. Dei har tilnærma seg på ulike måtar i kvar sine ærend. Der prøver dei å få stadfest eller avsanna teoriar, påstandar og mistankar. Etter at muren fall, har det etter kvart også dukka opp brev og dokument i privat eige som kastar nytt lys både over historiske hendingar og personar i historia, og det viser seg at både delar av europeisk historie og bandsterke offisielle biografiar må nyskrivast. I Tyskland ligg det nå føre ein ny biografi om Ernst Thälmann, ei bok som bør ha norsk interesse fordi mannen faktisk spela ei viss rolle i norsk politikk i si tid. Under den spanske borgarkrigen organiserte han folk frå mange land som melde seg til kamp mot Franco-styrkane. Nordahl Grieg og Lise Lindbæk var mellom dei som skildra Bataljon Thälmann i kamp.

I gode norske oppslagsverk står det framleis nokre liner om Ernst Thälmann (1886-1944), “tysk politiker (kommunist), presidentkandidat 1925, 1932, i konsentrasjonsleir fra 1933 til sin død.” Dette seier ikkje så mykje, men den som slumpar til å lese det utan nokon annan kunnskap, får likevel inntrykk av at her må det vere ei mykje større historie, og det skal vere visst at det er. På Prenzlauer Berg i Berlin står det ein 13 meter høg og 55 tonn tung bronseskulptur av han, reist til minne om han då det var 100 år sidan han vart fødd. I den austtyske staten gav han namn til gater, skolar og fabrikkar, og han vart brukt i propagandakrigen på så mange måtar etter døden, men sanninga er at han vart offer for det skammelegaste svik av sine eigne.

Kommunistpartiet med Ernst Thälmann som formann, innsett av sjølvaste Stalin, var det tredje største partiet i Tyskland då Hitler tok makta. Berre nazistane og sosial-demokratane hadde større oppslutnad. Det velorganiserte kommunistpartiet, som stod sterkt på arbeidsplassane kring i landet, hadde også ei god etterretningsteneste. Ernst Thälmann fekk varsel om det som skulle hende i januar 1933, men han trudde ikkje på det. Han var overtydd om at borgarskapet ville stille seg i vegen for Hitler. Berre ein månad etter vart Ernst Thälmann arrestert og sett i konsentrasjonsleir. Han kom aldri på frifot meir. Etter attentatet mot Hitler i juli 1944 vart han avretta i Buchenwald etter ordre frå Heinrich Himmler.

Så langt er soga om Ernst Thälmann -- den tyske kommunisten som kalla så mange nordiske eldsjeler til den spanske borgarkrigen -- vel kjend. Det er spelet om lagnaden hans medan han sat i konsentrasjonsleir og minnet om han etter døden Thile Gabelmann -- eit namn ein tidlegare austtysk journalist har dekt seg med -- nå har grave fram. Opplysningane har han funne i brev og i arkiva i det sovjetiske KGB, det austtyske STASI og i det austtyske kommunistpartiet. Av dette materialet går det fram at det aldri passa Stalin å gjere noko for å få sett Ernst Thälmann fri, ikkje ein gong under den tysk-sovjetiske pakta. Stalin tykte den tyske kameraten gjorde betre nytte for seg i propagandaen i fengsel enn i eksil som så mange andre. Ein rømmingsplan vart avslørt. Dei tyske partikameratane Pieck og Ulbricht, som kom seg velberga til Moskva, ville ikkje sjå han på frifot. Dei sende andre partikameratar til Sibir på ferieopphald som ende med nakkeskot. Så overtok dei sjølv makta.

Under oppbygginga av den austtyske staten etter krigen var det bruk for Ernst Thälmann som helt. Det vart lagt vinn på å få fram at Walter Ulbricht bar arven etter denne martyren vidare. Det vart utarbeidd ein offisiell biografi som vart spreidd i 800.000 eksemplar. Der vart bitre brev Ernst Thälmann hadde smugla ut frå konsentrasjonsleiren då han oppdaga sviket gjeve att i avkorta, tilpassa og delvis omdikta form. Både levande og død vart han offer for ideologiar han sjølv hadde fare vill i. Spaniapatriotar som ennå er i live skulle nok ønskje seg ein betre tenkjar i han enn den Ernst Thälmann viste seg å vere i breva -- han tykte Göring var ein bra kar, og han rosa ein tale av den nazistiske ideologen Alfred Rosenberg -- men det er ei anna sak.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |