Dag og Tid nr. 6, 6. februar 1996

Film:
Men så pust då!

Diverre er det ikkje så alt for mykje pusting og liv i denne norske episodefilmen.

Pust på meg!
Produsent: Norsk Film AS
Regi: Eva Dahr, Oddvar Einarson, Mona J. Hoel, Marius Holst, Eva Isaksen
Manus: Arne Berggren, Terje Holtet Larsen, Klaus Rifbjerg, Gunnar Staalesen, Marit Tusvik.

For meg var det ein uvanleg dårleg start at "Pust på meg!" byrjar med å feilsitere Knut Hamsun. "Intet er som å bli pustet på av et liv" , hevdar filmen at Hamsun skal ha skrive. Men i eit lite personleg yndlingssitat frå "Paa gjengrodde stier" står det då vitterleg: "Intet er som at bli pustet paa av det levende Liv." Det er ikkje nett det same. Men dette Hamsun-sitatet er kanskje frå ei anna bok?

Spiseflikking? Tja, ein skal kanskje ikkje setje seg til å pirke slik i maten. Men mykje verre er det at filmen aldri klarte å få meg til heilt å gløyme dette feilskjæret.

Opplegg til slurv

Jo, eg må innrømme at skepsisen velta fram i meg når filmmakarane hevdar seg inspirerte av dette vesle sitatet utan å sitere rett. Eg ventar meg automatisk at resten må vere om lag like slurvete. Så mykje står faktisk på spel dei første minutta av ein film; forventningane skal justerast; avtalane med publikum underteiknast; genre, karakterar, univers, all slags spelereglar skal etablerast. Bommar ein film her, kan det bli tungt å trekkje han opp av gjørma, om han blir aldri så god etter kvart.

No hadde vel det beste vore ikkje å kjenne til dette Hamsun-sitatet på førehand, men for å kverne litt vidare: Opphavet er ein konklusjon etter eit møte som sjukeheimsarrestanten i "Paa gjengrodde stier" har med ei ung kvinne. Ho kjem til han med ei bok av Topsøe som ho har tjuvlånt, og som Hamsun har leita seg blå etter. Den forsvunne Topsøe hadde irritert Hamsun grenselaust, men no kunne han slå fast at det trass alt er betre å bli pusta på av det levande livet enn å gje seg over til ei bok. Meininga i omskrivinga er altså ei anna enn opphavet og spelar først og fremst på kontrastar mellom fiksjon og røyndom.

Heilskap

Det er ikkje berre enkelt å vurdere "Pust på meg!" som ein heilskap. Filmen er sett saman av fire novellefilmar og ei rammeforteljing, skrivne av fem ulike manusforfattarar og instruert av like mange regissørar. Likevel framstår filmen definitivt som ein godt koordinert heilskap, der delane utan tvil høyrer saman. Akkurat det er faktisk noko av det beste ein kan seie om filmen.

For meg starta det som nemnt dårleg, men eg trur likevel at eg ikkje berre er surmaga når eg hevdar Oddvar Einarsons "Pyjamasmannen" , etter Terje Holtet Larsens manus, er den svakaste episoden i filmen. Einarson er glad i effektar og synest visst ikkje alltid han treng å ha motiv for å ty til dei. Han har, etter mi meining, dessutan ein tendens til å vere både pompøs og humørlaus, sjølv når det dreier seg om eit lite kammerspel som dette.

Tar seg opp

Men heldigvis; det tar seg noko opp etter kvart. Den avsluttande episoden; "Svev" , skriven av Arne Berggren og instruert av Mona Hoel, byrja det å svinge av, syntest eg. Men då var òg filmen straks slutt, og det skal som nemnt svære krefter i sving for å få ein skakkøyrd film på rett kjøl igjen.

Dei andre episodane er skrivne av Gunnar Staalesen, Klaus Rifbjerg og Marit Tusvik og instruert av høvesvis Eva Dahr, Marius Holst og Eva Isaksen. Fleire av dei er gode forsøk, men etter mi meining minner dei meir om små pust i sivet, enn om det levande livet.
Hallvard Østrem

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |