Dag og Tid nr. 4, 23. januar 1997
Våpeneksport:
Kvinner knuste krigsfly
I fjor vinter gjekk fire engelske kvinner laus på eit krigsfly. Med hamrane sine greidde dei å gjera skade for 15 millionar kroner. Dei vart arresterte og hamna i fengsel. Saka kom for retten i Liverpool i fjor sommar, og det enda overraskande med at kvinnene vart frikjende.
OTTAR FYLLINGSNES
Jonsokaftan i fjor byrja rettssaka. Ei veke seinare -- den 30. juli-- hadde fleire engelske aviser bilete av fire smilande kvinner. Etter nærare seks månader i fengsel, var dei endeleg frie. Med ti mot to røyster slo juryen ved Liverpool Crown Court fast at kvinnenevar uskuldige på alle punkt.
Inne i rettssalen rann tårene. Utanfor mottok både vener og tilhengarar dommen med glede. Mange hadde følgd saka kvar dag i meir enn ei veke.
Også nobelprisvinnaren i fjor, José Ramos Horta, noterte sigeren. Då dommen vart offentleggjort, ringde han heim til slektningane på Aust-Timor. Mange samla seg i huset hans for å feira, syngja og dansa. I fleire andre heimar feira dei på liknande vis.
Under rettssaka kom Ramos Horta frå Portugal for å gje vitneprov. Han fortalde om folkemordet på Aust-Timor, og at indonesiarane ofte brukte britiske våpen.
Andre vitne møtte også.
Carmel Budiardjo, som starta den indonesiske menneskerettskampanjen, snakka i retten om brot på menneskerettane på Aust-Timor.
Den kjende journalisten John Pilger som laga dokumentaren, "Death of a Nation" , fortalde om opphaldet sitt på Aust-Timor. Då han vart spurd om korleis det var å koma til Aust-Timor, svara han: Som å gå inn i dødsleirane etter Holocaust.
Mange aviser var skeptiske til frifinninga av dei fire kvinnene.
-- Ein pervers dom, skreiv dei. Somme gjekk så langt som påstå at kvinnene hadde manipulert juryen.
Prøvde alt
Sidan 1975 har Indonesia okkupert Aust-Timor, trass i ti FN-resolusjonar. I alt har 200.000 menneske mista livet.
I den samanhengen har Indonesia brukt britiske Hawk-fly til å bomba sivilbefolkninga på Aust-Timor, slår dei britiske kvinnene fast. Dei har reagert kraftig på dei indonesiske overgrepa.
Ein vinterdag i fjor gjekk dei laus på Hawk-flyet i Warton i Lancashire. Bakgrunnen var at British Aerospace hadde fått ein ordre om leveranse av 24 Hawk-fly til Indonesia, og det var eitt av desse kvinnene øydela.
Før dei gjekk så langt, hadde dei prøvd det meste. Dei hadde skrive brev, drive lobbyverksemd overfor parlamentsmedlemmer, laga flygeblad, arrangert vakenetter, hatt offentlege møte, laga underskriftslister, praktisert sivil ulydnad, hatt møte med British Aerospace og fredsmøte. Alt vart ignorert, og flya var klare for levering.
Etter åtaket på flyet, let kvinnene etter seg ein rapportom kva som var bakgrunnen for aksjonen. Ein video let dei også liggja att på pilotsetet. Videoen syner scener frå Dili-massakren i 1991 då fleire hundre sivile vart skotne ned av indonesiske troppar.
Direkte aksjon
I samband med tildelinga av Nobels fredspris før jul, kom ei av dei fire kvinnene på vitjing til Noreg. I Oslo heldt Angie Zelter eit foredrag som berre svært få høyrde.
Både Angie Zelter og dei andre kvinnene er med i ein gruppe som har gått under namnet "Ploughshares Women" . "Rolla til direkteaksjon for å oppretthalda internasjonal lov" heitte Zelters foredrag i Oslo. Der tok ho utgangspunkt i ei usedvanleg brutal augevitneskildring av massakren i Lacluta der 500 menneske vart drepne. Ho fortalde om indonesiske soldatar som tok små barn i leggene og knuste hovuda deira mot ein stein.
-- Dette var ikkje eit isolert tilfelle, det er ein del av ein drapskampanje som held fram også i dag, sa Zelter.
Ho meiner det er grunn til å vera skamfull over den støtta som Storbritannia har gjeve Indonesia. I 21 år har dei britiske styresmaktene vendt eit blindt auga både til invasjonen og drapa på journalistar som har prøvd å åtvara omverda.
Zelter er skamfull over at Storbritannia selde våpen og lest som om ein ikkje visste omfanget av drepinga på slutten av 70-talet og byrjinga av 80-talet. Ho er vonbroten over at engelskmennene held frammed å handla med Indonesia.
-- Eg er skamfull over at dei ti FN-resolusjonane framleis vert ignorerte og at internasjonale humanitære lover vert brotne utan at det fører til straff. Det er ikkje det britiske folket som støttar Suharto. Han hentar støtte frå regjeringar og selskap som gjev blaffen i menneskerettar for å få tilgang til olje, gull og tømmer.
-- Dei siste 20 åra har mange arbeidd hardt, men dei har hatt lite suksess med å overtala det internasjonale samfunnet til å få slutt på slaktinga i indonesisk-kontrollert område. Me har venta lenge på ein permanent internasjonal domstol der vanlege borgarar kan få oppreising for lovbrot som regjeringar og selskap har gjort mot dei, men me har venta til fånyttes.
Rett og plikt
I rettssalen i Liverpool tok Angie Zelter utgangspunkt i dommane frå krigsdomstolane i Nurnberg og Tokyo etter den andre verdskrigen. Der går det fram at borgarar har rett og plikt til å hindra internasjonal kriminalitet ved direkte aksjon.
Zelter peikar på at Indonesia bryt internasjonale lover. Når britiske styresmakter og British Aerospace leverer Hawk-fly til Indonesia, er det blod også på britane sine hender, meiner ho.
-- Me må alle sørgja for rettferd og at lovbrot vert stogga før dei finn stad. Me må ikkje gå i fella og tru at eksporten av Hawk-fly til Indonesia er lovleg berre av di britiske styresmakter offisielt har godkjent leveransane. Ut frå internasjonal lov er eksportlisensen for desse Hawk-flya ulovleg.
-- Saman med tusenvis av andre britiske borgarar prøvde me å få British Aerospace og den britiske regjeringa til å stogga denne ulovlege og umoralske våpeneksporten til Indonesia. Men alt slo feil. Det ville vore lettast å seia at me gjorde alt me kunne. Men korleis kunne me gje opp -- med Dili-massakren i minne og kjennskap til at lidinga held fram i Aust-Timor.
Nurnberg
Zelter viste til krigsdomstolen i Nurnberg som held folk personleg ansvarlege når dei bryt internasjonal lov. Einskildindivid har eit ansvar for å hindra lovbrot som dei er klar over -- også før dei finn stad, seier Zelter.
I retten viste ho til Nurnbergdomstolens behandling av Zyklon B-saka frå andre verdskrigen. Der handla det om tyske forretningsmenn hadde rett til å selja den giftige Zyklon B-gassen til SS når det var gode grunnar til å tru at desse ville bruka han til drap på menneske. Selskapet selde gassen for å drepa skadedyr som rotter, men han vart brukt til drap på millionar av menneske. Tyskarane argumenterte med at Zyklon B kunne brukast til lovlege føremål, og at gassen kunne seljast som eit kvart anna produkt. Nett som aktor og British Aerospace hevda om Hawk-flya.
I Nurnberg fann krigsdomstolen ut at dei to forretningsmennene var skuldige, men dette skjedde først etter at dei hadde medverka til drap på mange tusen.
-- Kva om ein kunne gått tilbake i tida, og ein visste det ein veit no? spurde Zelter i retten.
Ho argumenterte med at det ville vore fornuftig og lovleg for vanlege folk -- om ein hadde mot til det -- til å prøva å hindra gassleveransane.
-- Nurnberg-prinsippa ville ha oppfatta øydeleggingane som me stod for som lovlege, ettersom me gjorde det i eit forsøk på å hindra lovbrot. Å hindra lovbrot er viktigare enn å straffa krigsforbrytarar etterpå.
-- Sjølv om nazistane ville ha sett på det som eit lovbrot, ville ingen objektiv person eller domstol sett på det som eit lovbrot om ein prøvde å hindra gassen å nå fram til konsentrasjonsleirane, sa Zelter.
Ho viser til parallellen med øydelegginga av Hawk-flyet.
-- Me prøvde å hindra leveransen av krigsflyet til Indonesia, der flya etter vår meining ville verta brukt til å halda frammed folkemordet på Aust-Timor. "Avvæpninga" vår vart utført for å hindra lovbrot, og difor var ho lovleg, meiner me. I åra som kjem vil ein krigsdomstol på Aust-Timor finna president Suharto skuldig i massemord og sjefane i British Aerospace vil verta funne medskuldige. Då vil det vera for seint for folk på Aust-Timor og Vest-Papua som er drepne av desse våpna.
-- Det indonesiske regimet nekta for sitt ansvar, British Aerospace nekta for sitt og den britiske regjeringa nekta for sitt ansvar. Difor var me plikta til å ta ansvar. Me visste at dersom indonesiarar prøvde å øydeleggja flya, ville dei verta torturerte og skotne. Me tok difor ansvar ved Warton-fabrikken, etter å ha prøvd alle andre utvegar, sa Angie Zelter.
|