Dag og Tid nr. 4, 23. januar 1997

Teater:
Humørfylt om pompøsitet

Molière og Kjetil Bang-Hansen latterleggjer dei pompøse, dei tanketomme, dei sjølvopptekne, dei forfengelege. Det passar Asgeir Olden godt.

Det Norske Teatret:
Misantropen
av Jean Baptiste Molière
Regi: Kjetil Bang-Hansen
Scenografi: Kari Gravklev

Ein kunne tru at ein var komen inn i ein klassisk farse. Scenerommet inneheldt dei sedvanlege dørene og stolane og lite meir. Slik var det ikkje: Døropningane vart ikkje brukte til å skape virvar, men til effektiv speleavvikling.

Og når vi likevel er innom scenografien, skal det straks seiast at Kari Gravklev har skapt det nær perfekte rommet for Kjetil Bang-Hansens oppsetjing av Misantropen. Ho antydar svakt både adelskap og forfall, men fell ikkje for freistinga til å overdrive. Rommet er på sett og vis både nake og strengt, men blir med sine marmorerte speglar ei sikker ramme rundt teksten. Meir skal det ikkje til.

Kjetil Bang-Hansen har skrella Misantropen pent ned til ei open tekstflate, der du sjølv får vere dommar i dei alvorlege moralske spørsmål. Særleg ser du det i framstillinga av misantropen sjølv, Alceste, suverent framstilt av Paul-Ottar Haga. Om fyren er ein alvorsmann, surpomp, grinebitar, stribukk eller ganske enkelt ein rakryggja helt i eit forsoffent landskap, blir opp til deg sjølv å avgjere. Det var ei løysing eg likte godt.

Det same med dei store spørsmåla: Er Alceste ein gammaldags heidersmann i 80-talets jappetid, med sin egoisme, kynisme og utrettferd, eller står han berre i vegen for pragmatisme, framsteg og rom for nytenking og modernitet? Ei lita stund sat eg og funderte på om Bang-Hansens misantrop sat og leverte skeive kommentarar til visse sider ved norsk kulturliv, men eg konkluderte med at så frekk er nok mannen ikkje. Det artige er at det meste er mogeleg.

Alceste har denne salige evna til å rote det til for seg; han fornærmar folk, han hamnar i prosessar, men mest av alt, han har falle fullstendig for ei heilblods kokotte, Célimène. Hans naive tru på at ho kunne late seg omvende til eit moralsk liv i “splendid isolation”, er såpass rørande at ein nesten synest synd i stakkaren. Tragikomedie er dette likevel ikkje, til det er løysingane til Bang-Hansen for opne, for fleirtydige.

I den komedietradisjonen som er vald, blir orda viktige. Svein Selvig har valt eit lettflytande, lettsnakkeleg språk som ikkje står tilbake for nokon av dei store, klassiske omsetjingane dette teatret har vore så heldig å ha tilgang til. Dermed blir det også tempo i framsyninga, og med ein flink regi, får skodespelarane verkeleg høve til å vise seg fram. Paul-Ottar Haga er nemnt, snerpete, intolerant, forelska, einvis, hovmodig og mistruisk, og hans kjære Célimène blir tolka likså elegant av Nina Woxholtt. Denne dama imponerer meg meir og meir, mimisk, språkleg og plastisk. Jon Eikemo er så ubetaleleg sprø at han ikkje ein gong gidd å spele -- han briljerer berre frå første sekund som den velmeinande tusseladden Oronte som også kjempar om Célimènes gunst.

Nykomarane Gjertrud Jynge og Trond Høvik representerer eit slags pust frå den verkelege verda, og sjølvom ikkje Trond Høvik var heilt venn med metrikken heiletida, er det meir enn godkjent der også. I det heile er det verre å kome på nokon å kritisere enn det motsette.

Molière og Kjetil Bang-Hansen latterleggjer dei pompøse, dei tanketomme, dei sjølvopptekne, dei forfengelege. Det passar meg bra, særleg når det er gjennomført med lun humor. Skrallande latter ville ha vore for enkelt.
Asgeir Olden

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |