Dag og Tid nr. 4, 23. januar 1997

Musikk og lyrikk:
Ni lyrikarar får sjansen

Ni norske lyrikarar skal laga tekstar til gamle, norske folketonar.

OTTAR FYLLINGSNES

Resultatet skal presenterast 2. august på Telemarkfestivalen.

-- Du kan kalla det eit tingingsverk, men denne gongen tingar me tekstmaterialet, ikkje musikken, seier prosjektleiar Kirsten Bråten Berg.

Fleire gonger har ho etterlyst nye, gode tekstar til gamle folketonar.

-- Det finst mykje fint melodistoff, men mange av tekstane er dårlege. Før dikta alle, og dermed vart det ein del skrot. Etter eit fjernsynsprogram for seks-sju år fekk eg tilsendt ei heil mengd med tekstar, men dei var akkurat like dårlege som dei eg hadde frå før. Dei som tok opp tråden, var dei som sit heime på kammerset og skrivi skillingsviseform.

-- Når me no inviterer nokre av dei beste lyrikarane, er det ikkjemeininga at dei skal skriva om jomfruer og grevar. Me vil ha moderne tekstar. Eg har nettopp vore på ein studietur til Sardinia. Der brukar dei gamle folketonar, men dei syng om dagsaktuelle tema.

Ni sa ja

Sjølv sit Kirsten Bråten Berg på eit musikalsk materiale som ho har samla frå arkiv, frå vener og kjende og eigne opptak i mange år, men som berre har vorte liggjande. For å få gode tekstar er det gjennom Telemarksfestivalen sendt ut invitasjon til ti lyrikarar om å laga tekstar. Ni av desse har sagt ja; den tiande har ein ikkje lukkast å spora opp.

For tida er Bråten Berg i gang med å syngja inn melodiar på band. Kvar lyrikar skal få eit lite melodiutval som dei skal laga tekstar til.

Dei ni lyrikarane som har sagt ja til å skriva er Paal-Helge Haugen, Edvard Hoem, Per Olav Kaldestad, Sidsel Mørck, Karin Sveen, Ove Røsbak, Kolbein Falkeid, Håvard Rem og Lars Saabye Christensen.

Kirsten Bråten Berg fortel at ein tek sikte på å i alle fall bruka eit par dikt frå kvar.

-- Me anar ikkje kva dei kjem til å skriva om, men dei kjem til å få ulikt stoff frå ulike sjangrar. Den einaste forma for vokal folkemusikk som me held utanfor, er mellomalderballaden. Den er god nok. Elles er det slåttestev, stev, viser, salmar, bånsullar og dansetrallar. Det skal ikkje vera nokon raud tråd i tekstane. Det er vanskeleg å binda lyrikarane på den måten. Her skal det vera fritt fram.

Musikarliste

Enno er ikkje musikarlista klar, men Kirsten Bråten Berg skal framføra songane. Ho har bede om å få med seg eit par av dei musikarane som ho har arbeidd mest saman med; Arild Andersen og Hallvard T. Bjørgum.

-- Prosjektet kjem vel til å enda med plate og konsertar landet rundt?

-- Det veit me ingenting om. Det er festivalen i Bø som er viktig. Då me laga Arild Andersens "Sagn" til Vossajazz, trudde me at det skulle verta ein konsert, men det enda med 50-60 konsertar over store delar av kloten.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |