Dag og Tid nr. 4, 23. januar 1997
Leiar:
Farse for eiga ære
Like oppunder jul vart det kjent at overvakingspolitiet hadde granska Berge Furre, ein av medlemmene i Lund-kommisjonen, mens Lund-kommisjonen var i arbeid. Tenestemenn hos overvakingspolitiet hadde fått den lysande ideen å undersøkje om det var mogeleg å finne noko om den politiske veteranen dei austtyske Stasi-arkiva. Ryktet kunne også fortelja at det var ein artikkel i Aftenposten som hadde utløyst kreativiteten i politihuset på Grønland i Oslo.
Ein rapport frå Stortingets kontrollkommisjon for dei hemmelege tenestene var så kritisk og refsande han pulveriserte den vesle resten av tilliten som nokre framleis hadde til overvakingspolitiet.
Etterforskinga mot Berge Furre vart droppa. Men da starta også farsen. Det skodespelet som blir framført gjennom media for tida gjev oss daglege stadfestingar på at det "gamle" overvakingspolitiet ikkje lenger har nokon rettkommen plass i samfunnet vårt.
I påtalemakta har det oppstått strid om kva som eigentleg var grunnlaget for at etterforskinga av Berge Furre vart stoppa. Lasse Qvigstad påstår at justisminister Anne Holt hadde truga med kongeleg resolusjon for å få slutt på tullskapen i overvakingspolitiet. Assisterande riksadvokat Tor-Aksel Busch hevdar at Justisdepartementet ikkje dreiv med utidig press for å stoppe etterforskinga, medan riksadvokat Georg Fr. Rieber-Mohn har vanskar med minnet.
Men det er førstestatsadvokat Lasse Qvigstad som har hovudrolla i dette spelt, og om han ikkje er i stand til å stagge seg sjølv, bør nokon annan gjera det.
Stortingspolitikarane gjev klart uttrykk for at etterforskinga av Berge Furre var utidig. Da kan ein verkeleg lure på kva samfunnsinteresser Lasse Qvigstad trur han tek vare på når han framleis tviheld på at det er grunnlag for å etterforske Berge Furre.
Sannsynlegvis -- og diverre -- handlar det om eigeninteresser. Førstestatsadvokat Lasse Qvigstad ter seg som ein grinete unge som ikkje har fått viljen sin, og som er smekka over fingrane fordi han har gjort noko gale og på toppen av alt vart teken på fersk gjerning.
Han kjempar for æra, men di meir han kjempar, di meir ærelaus blir han.
Audun Skjervøy
|