Dag og Tid nr. 4, 23. januar 1997
Kunst:
Sårbart og fargerikt
Lange, syltynne skulpturar med sterke menneskelege uttrykk. Musikalske landskap i sterke fargar, aktmodellar i gråtonar. To av dei største biletkunstnarane i dette hundreåret, Nicolas de Staël og Alberto Giacometti, blir i desse dagar presenterte på Astrup Fearnley-museet i Oslo.
JOHANNE LANDSVERK
I Astrup Fearnley-museet for moderne kunst møtest Nicolas de Staëls måleri frå 1950-talet og dei uttrykksfulle figurane til skulptøren Alberto Giacometti. Landskap med grove strukturar i overflata og fargerik natur fylt av musikk står i kontrast mot spinkle, langstrakte skulpturar, nokre av dei så tynne og sårbare at dei nesten dett overende.
Abstrakt eller figurativt
Nicolas de Staël har skrive om det sårbare i sitt eige måleri, det er "sårbart som kjærleiken" .
-- Denne utstillinga er eit eksperiment, og det ligg noko uprøvd bak tittelen "En sårbar balanse" , seier direktørved Astrup Fearnley-museet, Hans-Jakob Brun.
-- Dei to kunstnarane balanserer i grenselandet mellom det abstrakte og det figurative uttrykket. Alberto Giacometti og Nicolas de Staël var to sterke individualistar som levde på same tid i det same kunstneriske og intellektuelle miljøet i Paris.
I ei etterkrigstid som var prega av sorg voks den abstrakte kunsten fram.
-- De Staël og Giacometti kjende ikkje kvarandre, seier Brun.
-- Men vi synest det er spennande å sjå om dei to kunstnarane fungerer saman i ei utstilling. Brytninga mellom det abstrakte og det figurative uttrykket er interessant.
Frå mørke til lys
Den russiske kunstnaren Nicolas de Staël (1914-1955) flykta til Polen saman med foreldra sine under Oktoberrevolusjonen, og slo seg seinare ned i Frankrike. Han beundra Cézanne og dei gamle meistrane, som Rembrandt og Velasques.
-- Nicolas De Staël starta med å måle abstrakt i 1940-åra,fortel Ole Henrik Moe, som er ekspert på fransk kunst frå den tidlege etterkrigstida.
-- Men i byrjinga av 50-åra gjekk de Staël over til å bli meir figurativ igjen. Etter ein lang abstrakt periode kom det første figurative verket. Det var etter at han opplevde ein fotballkamp i Le Parc des Princes i Paris, ei oppleving så nær røyndomen at han ikkje greidde å uttrykkje dette i eit abstrakt formspråk.
Nicolas de Staël fekk kritikk for å bryte med den aksepterte stilen i tida, han måtte kjempe for sitt kunstsyn.
Ole Henrik Moe skriv i utstillingskatalogen at for de Staël sjølvvar det ikkje nokon motsetnad mellom abstrakt og figurativt måleri.
-- Han var russisk, intens og fanatisk. Han gjekk frå mørke, abstrakte måleri til meir figurative, lyse bilete, fortel Moe.
De Staëls bilete er fylte av harmoni, men også av spenning. Det er mykje musikk å finne i bileta, han vanka i eit musikarmiljø og var svært oppteken av jazz.
De Staël hadde starta på to store måleri, Le Piano og Le Concert då han i 1955 tok sitt eige liv, bare 41år gammal.
Avlange og kjensleladde
Alberto Giacometti (1901-1966) var sveitsisk bilethoggar, utdanna i Genève og i Italia, og budde seinare i Paris. Han er rekna som ein av dei mest revolusjonerande kunstnarane på 1900-talet og har vore eit sterkt førebilete for eit par generasjonar av bilethoggarar. Dei utvalde skulpturane på utstillinga er alle frå den siste arbeidsperioden til Giacometti, då han utvikla dei lange, smale og uttrykksfulle skulpturane, som han er aller mest kjend for.
Ekskludert surrealist
Giacometti starta som surrealist, men vart ekskludert frå surrealistrørsla i 1935, då han begynte å nytte levande modell. Etter fleire års prøving og feiling kom han fram til det nye sterkt forenkla uttrykket. Han bygde opp figurar i leire, og deretter skava han av lagfor lag til det nesten ikkje var noko att av figuren. Slik oppstod dei overdrivne, syltynne, lange figurane. Giacometti ville uttrykkje erfaringane sine gjennom kunsten, og rommet rundt figuren var viktig.
Samtidig var Giacomettis kunst full av intensitet og kjensler.
-- Giacometti oppfatta seg sjølv som naturalist, seier Hans-Jakob Brun.
-- Men han fjerna seg aldri heilt frå det abstrakte. Denne utstillinga gjev ikkje nokon oversikt over utviklinga til Giacometto, vi har bare teke med dei seinare arbeida hans.
Astrup Fearnley-museet ventar besøkjande frå heile Skandinavia til denne utstillinga. Museet har fått låne sentrale kunstverk frå kunstinstitusjonar og private samlarar i heile Europa. Utstillinga blir open til 23. mars.
|