Dag og Tid nr. 4, 23. januar 1997
Herbjørn Sørebø:
Aldri meir i høg hatt
Vi er ikkje så rike som marknaden og vi sjølve trur. Hadde det vorte ført rekneskap og sett opp budsjett for landet på den same måten som det blir gjort i alle andre verksemder, hadde resultatet vorte mykje annleis. Hadde den pensjonsplikta som ligg på samfunnet vorte rekna med, ville overskotet ha vorte snudd til underskot. Det hadde kanskje vore sunnare for norsk økonomi, og kanskje hadde det vore betre både på kort og lang sikt å bruke nokre milliardar meir til gode føremål enn å halde så hardt på den budsjettramma regjeringa hadde rekna seg fram til. Nå har vi fått ei sterkare krone enn vi vil ha. Det er til skade for eksporten og reiselivet. Låg rente kan også få mange til å oppføre seg på ein måte som ikkje er til det beste for dette oljerike landet. Om mykje er usikkert her i verda, så treng vi ikkje å tvile på at eit norsk forsøk på å styre valutamarknaden i verda kjem til å vere mislykka. I all oljerikdommen er ikkje landet vårt stort nok til det, og det veit alle,
finansminister Jens Stoltenberg medrekna. Stakkars mann som skal forklare at vi ikkje har råd til å løyse dei mest påtrengjande oppgåvene.
Framstillinga av norsk økonomi som eit unntak i verda kan få oljerikdommen til å gå oss til hovudet. Midt i det hardaste presset på kronekursen smelte Dagens Næringsliv til med ei feit førsteside der det heitte: Norge det nye Sveits. Det er klart at slikt kan gjere oss høge i hatten. Det skal vere usagt om det var for å ta oss ned på jorda att, men i den same avisa var det ein reportasje der det vart fortalt at flosshatten, den høge hatten, nå blir sett på museum, og bowleren med den. På Christies auksjonar går flosshattar under hammaren for 500 pund.
Det er reint så ein kan bli nostalgisk av å høyre at både flosshatt og bowler nå har vorte antikvitetar. Det er då ikkje så lenge sidan Rolf Stranger gjekk med bowler her i hovudstaden. Det gjorde han så visst ikkje fordi han ville vise rikdom, men fordi dette hovudplagget passa han så godt. Flosshatt var så sjeldan i bruk også i hans siste tid at ikkje alle i svært framskotne posisjonar skaffa seg det ein gong. I gravferda til kong Haakon skulle medlemene av Stortingets presidentskap gå med flosshatt bak kista. Lagtingspresident Bent Røiseland hadde ikkje flosshatt i garderobeskapet sitt, og han hadde ikkje lyst til å kjøpe seg eit slikt hovudplagg heller. Dagen før gravferda fekk Bent Røiseland høyre at ordføraren i Kristiansand, sjefredaktør Johannes Seland i Fædrelandsvennen, hadde ein flosshatt. Denne flosshatten vart send med nattoget, og så kunne
lagtingspresidenten møte rett kledd til prosesjonen.
Motane går i bølgjer, og gamle motar blir som nye etter ei tid, men flosshatten kjem neppe tilbake. Då John Lyng hadde gått av som utanriksminister, vart han spurd om det var vanskeleg å unnvere flosshatten. Han fortalde då at dette hovudplagget hadde prydd manken hans berre ein gong, men det var under slike tilhøve at det ikkje var til å gløyme. -- Det skjedde under kongens besøk i Etiopia, og protokollen krevde formelt antrekk, hvilket også inbefattet flosshatt, fortalde han. -- Vi kom til Addis Abeba i stekende varme, ca. 40 grader i skyggen, og formodentlig det dobbelte i solsteken.
-- Da jeg gikk ut av det lufttempererte flyet og satte på meg flosshatten, var det som å få et slag av en gummikølle i hodet, for hatten ble momentant glødende. Sportsånden ble imidlertid vakt til livet, foran oss stod en mottakelsesdelegasjon på ca. 30 regjeringsmedlemmer, alle i flosshatt og stripebukser. De hadde stått i solen og ventet på oss i sine flosshatter, og de bar sant å si preg av påkjenningen. De svettvåte hattene -- på begge sider av mottakelseslinjen -- ble hurtig løftet av og på, så seremonien gikk relativt hurtig.
-- Aldri mer flosshatt, sa John Lyng, og det er alltid noko å lære av historia.
|