Dag og Tid nr. 4, 23. januar 1997
Bokmelding:
Ein roman å vende tilbake til
I "Ensomhetens private historie" tek den rettsforfylgde tyrkiske forfattaren Ahmet Altan oss med på eit djupdykk ned i knugande sjeleleg einsemd, erotisk desperasjon og religiøs fanatisme, skriv Arne Mo.
Ahmet Altan
Ensomhetens
private historie
Gyldendal
Omsett frå tyrkisk av Ayfer
Erbaydar og Alf Storrud
Hovudhandlinga utspelar seg i eit gammalt ærverdig herskapshus i Istanbul i moderne tid. Her lever den gamle eks-leigemordaren Hüsrev Bey sitt tilbaketrekte liv, i lag med den ugifte sonedottera Nermin og ei gammal hyper-religiøs grandtante, som skryt av aldri å ha blitt rørt av ein mann. Men det er i hovudsak dei to førstnemnde denne romanen handlar om, medan tanta meir fungerer som deira ynkelege og tragiske motpol som set det heile i relieff.
Politisk historie
Boka innleier med at Hüsrev Bey rømmer heimafrå som ung gut ein gong kring hundreårsskiftet, for aldri meir å vende tilbake. Gjennom regelmessige tilbakeblikk får vi etter kvart danna oss eit bilete av det fandenivaldske livslaupet hans. Han vert leigemordar for "Komiteen for einskap og framsteg" ; ei autentisk hemmeleg opposisjonsgruppe som tok makta i Det osmanske riket i 1908, og heldt på makta fram til slutten av andre verdskrigen. Dette er likevel langt frå nokon politisk roman. All diktarleg energi er vigd til ei gradvis utforsking av psyken til dei to hovudpersonane, og all ytre handling er direkte relatert til dette.
Hüsrev Bey vert ein kynisk og iskald mann fullstendig utan respekt for menneskeliv, ikkje eingong sitt eige. Altså den perfekte leigemordar. Han er klar til å døy når det måtte vera, og irriterer seg over veikt prat om ein bagatell som døden. "Å døy er enkelt," seier han likegyldig. "Det er berre å drage pusten djupt, sleppe den sakte ut, og så ganske enkelt late vere å trekkje den inn att." Ein fascinerande romanfigur, ein slags tyrkisk Morgan Kane, berre langt meir einsam og komplisert.
Berre ei kvinne har han følt kjærleik til, og henne drap han på oppdrag frå Organisasjonen, men også dels fordi ho med sin jambyrdige styrke kunne finne på å såre byrgskapen hans ved å gå frå han. På hans siste dagar kjem det likevel fram at den gamle krigaren smugles poesi, og stundom feller ei tåre, så heilt botnfrosen er han altså ikkje.
Den erotiske og vakre sonedottera Nermin, foreldrelaus frå barnsbein av, er den åndelege likesinna for bestefaren. Det syner seg ettersom romanen skrir fram og dei gradvis skaper ei gjensidig forståing mellom seg, ei forståing ingen andre kan ta del i. Nermin lever eit utsvevande og rått erotisk liv med hyppige partnarskift, slik også bestefaren gjorde i sine velmaktsdagar. Men Nermin har eit meir ambivalent forhold til dette livet. Ho lengtar og brenn nesten konstant av lyst, men kvar gong ho får tilfredsstilt hovudtemaet i boka: Kva er det Nermin, som nærmar seg førti, søkjer? Er det den Store kjærleiken, med tryggleik og sjelefred? Eller representerer alle mannfolka berre ei flukt frå hennar knugande einsemd?
Med utgangspunkt i desse og liknande spørsmål dreg forfattaren oss stadig djupare inn i materien, inn i det rungande tomrommet i hovudpersonane. Men det er den suverene måten det er gjort på, som er det store med denne romanen. For trass i at hovudpersonane ytre og moralsk sett framstår som kyniske dritsekkar, fører forfattaren oss så langt inn i dei psykologiske årsakssamanhengane at vi til ein viss grad kan forstå dei. Forfattaren vil ha lesaren til å tenke, noko han i høg grad lukkast med. Tankane og temaet engasjerer.
Religiøs fanatisme
Gjennom den gamle nedstøva tanta som "luktar mugg" , latterleggjer forfattaren det religiøse mennesket. I dette tilfellet eit sjølvundertrykt menneske som innarst inne fantaserer febrilsk om gigantiske ståpikkar og dyrisk sex. Det heile endar med at ho rett og slett tørnar galen av livslang undertrykt lengsel, og i sanselaus ørske blottar seg for ein flokk av unge gutar i nabolaget. Ho vil nemleg bevise at ho har møydomen intakt, tenk, noko dei no kan kome og sjekke sjølve.
Tanta refererer stadig til Koranen og slår om seg med religiøs mytologi. Men underteikna sin heller avgrensa kjennskap til islam gav dette ei kjensle av å miste ein viss dimensjon ved romanen. På den andre sida har boka eit allment grunntema og kunne for den saks skuld like godt handle om folk i Noreg, og om dei religiøse fanatikarane her.
Stramt komponert
Boka er med sine to hundre sider tett og stramt komponert. Ein såkalla tradisjonell stil, oftast med korte kapittel. Eit utsnitt av bestefaren si fortid her, eit nedslag i Nermins fortid der. Forteljarvinkelen skiftar stadig, og mange av kapitla er reine indre monologar med Nermin som eg-forteljar, der ho reflekterer over dei store spørsmål, på desperat jakt etter meininga med livet. Språket er biletskapande og lynande presist, ofte på grensa til språkleg artisteri á la Kundera.
Eg assosierer likevel romanen og djupna i han meir i retning av Dostojevskij, noko som vel skulle seie det meste. Det er tragisk, men forståeleg kvifor dei likesinna til den gamle tanta i Tyrkia vil kneble (også) denne forfattaren. Kort sagt: ei stor, rik og tankevekkande lesaroppleving, ei av dei bøkene eg nok vil vende attende til.
Omsetjinga er etter mitt skjønn glimrande gjennomført av Ayfer Erbayder og Alf Storrud, som også har utstyrt boka med eit kortfatta etterord, samt ei ordliste over spesielle tyrkiske uttrykk innanfor mattradisjonar, religion osb.
Arne Mo
|