Dag og Tid nr. 4, 23. januar 1997
Bokmelding:
Bygut på bærtur
Den tidlegare Se og Hør-journalisten Vidar Kvalshaug (25) debuterer med ein i dobbel tyding tynn roman frå ei skogsbygd nord for Sinsenkrysset, skriv Arne Mo.
Vidar Kvalshaug
Ingen landeveg tilbake
Aschehoug
Vidar Kvalshaug skriv frå det veldige, mørke audelandet som vert kalla Utkant-Noreg, eller som den gjennomurbaniserte forfattaren seier det ein stad i boka: "...denne utkanten av livet."
Distansert
Boka handlar på sitt eige vesle vis om kvardagen til dei to bygde-gammalmanns-klisjeane Halvor og Kristian, einfaldige brør, skogskarar og bønder på hillbilly-garden Stillåsen, og om nokre av naboane deira. Handlinga utspelar seg i 1970-åra, altså i ei moderne tid der bygdefolk var minst like opplyste som byfolk, men som i denne versjonen blir like tilbakeståande som uoppdaga pygmestammer i Amazonas, og forfattaren like betrevitande og dømmande som dei tidlege misjonærane.
Problemet er at forfattaren stiller seg på altfor stor avstand frå personane og stoffet. Den vonleg ufrivillige Bærum-blærum-tonen bryt stadig gjennom og riv dermed ned det "eksotiske" hillbilly-biletet forfattaren vil ha oss til å tru på.
Keisamt
Ein stad i boka heiter det: "Slik skulle en god historie være, direkte og likefrem" . Eg oppfattar det slik at dette også har vore intensjonen for forfattaren, men dessverre motarbeider han stadig dette ved å bryte inn i forteljinga med overflødige, irriterande og pubertetsaktige kommentarar til både folket og miljøet i boka.
Slik sett er boka med sine knappe 130 sider likevel for lang for historia. Det er stygt å seie det, men det blir rett og slett uengasjerande og keisamt. Det verkar på meg som om forfattaren ikkje heilt trur på sine eigne personar, og korleis skal då ein lesar kunne tru på dei?
Eit par døme på det eg meiner med for stor avstand til stoffet: Dei to brørne vurderer seriøst å drukne kattungar i brønnen! Drikkevatnet! Sannsynleg?
Eit anna døme: På bytyr for å handle blir dei vitskremde av trikken! I 1970-åra! Slik kunne eg ha ramsa opp.
Ei ny og interessant biologisk opplysning må likevel med. Det viser seg nemleg at "bondegutter" generelt har større fotblad enn andre, underforstått meir urbane/intelligente/livstrøytte jamaldringar.
Har eg då ingenting godt å seie om boka? Det har eg.
Ein god og stilig tittel som passar til intensjonen i boka: Å skildre eit utsnitt av livet i Utkant-Noreg, og folket som er grodd fast der. Det må også seiast at den siste fjerdedelen av boka er monaleg betre enn det. Her verkar det som om forfattaren endeleg tek til å stole på forteljinga, og let ho få slentre i mål på eigne bein, utan den utidige og bremsande innblandinga. Den middelmåtige og småvittige analytikaren trør til side og slepp fram diktaren, som i dette partiet likevel oppviser eit godt brukande talent. Det er på langt nær nok til å berge denne romanen, men kanskje i nesteomgang?
Arne Mo
|