Dag og Tid nr. 50, 12. desember 1996

Vikingtida:
Vikingane slåst mot kyrkja

Vikingtida tok likevel ikkje til den 8. juni 793. Vikingane varikkje villare og grådigare enn andre euro-pearar. Dei var ikkje ute etter å terrorisera verjelause munkar, men å forsvara seg mot ei stadig meir barbarisk kyrkje, skriv Tormod Titlestad.

JOHAN BROX

Kva veit me om vikingane? Lite meir enn det sogegranskarane harfortald oss. Kva veit me om sogegranskarane? Ottar Dahl presentererdei slik i “Norsk historieforskning i det 19. og 20 århundre”:“Det er allment erkjent at historieforskningen har ennær sammenheng med sosiale, politiske, religiøseog andre forhold i et samfunn og den tid historikeren befinnerseg”.

Historikar Torgrim Titlestad “befinner” seg ved Høgskuleni Stavanger i året 1996; eit godt år for å lanseranok eit nytt syn på vikingtida, meiner han. Og innleierpraktboka “Kampen om Nordvegen” (Fagbokforlaget 1996)med å minna om dei gamle synsmåtane. Sigerherraneskriv historia, og vikinghistoria er ikkje noko unnatak.

Geistlege Alcuin (747-814) skildrar overfallet på klostereti Lindisfarne i “Den angelsaksiske krønike”.Skildringa har blitt ein merkestein for når vikingtida toktil. Alcuin rapporterer om drakar, lyn, tore og uår somvarsel om at herjande, heidne menn var på veg mot England.Munkane i kneler i bøn: “Fri oss frå villskapentil normannarane”, trygla dei. Men nei.

Frå Alcuin går ei line rakt gjennom tusen årog inn i vår tid:

“De plyndret, voldtok overalt der hvor de for fram. Ivikingtida var Norge i høyeste grad isolert fra Europa.Vikingene hadde en stort grad av kulturforakt”,
påstårhistorikar Eivind Luthern i ein Dagblad-debatt (om bruken av viking-symboli OL).

“Det er ingen vil om at det først og fremst varfor å tilfredsstille sitt begjær etter rikdom, enposisjon i samfunnet og i det hele tatt ære og heder, atde nordiske høvdingene hjemsøkte de vestlige strender...”,
kan den franske historikaren Lucien Musset fortelja (i bokasom følgde med vikingutstillinga til Berlin og Paris i1992).

“Vikingenes ekspansjon var i virkeligheten rene røvertokter”,
legg historikar Øystein Sørensen til i “Norgead notam” (1992).

Galopperande galskap?

Det er ikkje dokumentert at skandinavane var spesielt blodtørstigerøvarar og valdtektsmenn før den 8. juni 793. Mensidan herja dei over heile Europa -- dei neste to hundre åra.

Dei mest idealistiske historikarane vil framleis ha oss til åtru at vikingane brått blei råka av ein slag kollektiv,galopperande galskap. Men der er andre; på 1930-talet meinteden norske historikaren Andreas Holmsen å ha funne ei materialistiskårsak til vikingferdene: Overskotet i folketalet gjordedet uråd for stormannssønene å skaffa seg nokjord til si makt her heime. Å dra i viking blei naudventilendå trykket i det overfolka samfunnet bygde seg opp.

Holmsen lanserer teorien i standardverket “Norges historiefra de eldste tider til 1660”, spreidd i meir enn 80.000eksemplar, og framleis halden levande i nyare pensumbøker(supplert med tidsrette element av eventyrlyst og oppdagartrong).

Viking-hetsen har òg vore skiftande. Alt i førrehundreåret tok norske historikarar som Ernst Sars til mælemot dei historiske partsinnlegga frå kronikørar medankerfeste i kristendomen. Nazistane gjekk endå lenger.Sidan har debatten mellom historikarar og filologar bølgjaatt og fram, der kjeldeverdien til sagalitteraturen har ståttsentralt.

Arkeologane

Torgrim Titlestad har snudd seg til arkeologane, i fyrste rekkjetil Bjørn Myhre, som avviser at vikingtida tok til medåtaket på Lindisfarne i 793. Ei slik tilnærminger utan meining, seier han. Like grunnlaust er det å hevdaat skandinavane skal ha levd isolert frå Europa, førdei blei “smitta” med europeisk kultur og kristendompå hærferdene til utlandet.

Myhre støttar seg på arkeologiske funn frådei siste tiåra, som syner at der var livleg handel og samrørei heile Nordsjø-bassenget frå 300-talet.

Vikingane var såleis godt kjende i England før deidukka opp i Lindisfarne 8. juni 793. Men denne dagen kom dei medvåpen i hand, som krigarar. Det var det nye.

Karl den Store

Men kvifor kom dei med våpen? For å finna svaret hardet vore vanleg å granska skandinaviske tilhøve påden tida, slik mellom andre Andreas Holmsen gjorde. Det har ogsåMyhre og Titlestad gjort. Men dei har òg sett etter kvakrefter som var i arbeid utanfor Skandinavia. Og i hjartaav Europa fekk dei då auge på den mektige frankarkongenKarl den Store. På ein einaste dag i siste halvdel av 700-talethogg han hovuda av 4500 saksarar -- etter å ha døyptdei, slik at sjelene kunne finna frelse.

Om den blodige signingsferda til Karl den Store var ein militæraksjon, må han ha blitt møtt med ein reaksjon.Myhre og Titlestad meiner det var dette motåtaket,som Alcuin skildra frå Lindisfarne i 793. Men skal ein verakjeldekritisk, høyrer det med til historia at Alcuin varkyrkje- og kulturminister for, nettopp, Karl den Store!

To system i strid

På midten av 700-talet pressa den kombinerte frankiske ogkyrkjelege ekspansjonen mot forsvarsverka danane hadde reist isør. To makt-, verdi-, retts- og trussystem stod mot kvarandre.

Skandinavane forsvarte småkongesystemet sitt og åsatrua,men måtte lenge vika for sentral- og kyrkjemakta fråsør.

Sist på 700-talet endra makttilhøva seg, meiner Myhre.Stor-Karl stod på fallande føter, samtidig som deiskandinaviske småkongane hadde bygd seg opp og akkumulertoverskot nok til endeleg å slå attende. Og dei haddevikingskip, “sin tids 'stjernekrigsvåpen' og vissteå utnytte det”, skriv Titlestad. Dermed forkastar hanòg overbefolkingsteorien til Holmsen.

Når det gjeld den tusen år gamle læra om atskandinavane brått blei råka av to hundre årssamanhengande barbarisk råskap og grådigheit, skrivTormod Titlestad lakonisk:

“Kanskje vi kan si at de lærte fort i den skolede ble tvunget til å gjennomgå? De historiske kildenesynes derimot ikke å rettferdiggjøre synet om atde var mer
grådige enn de andre europeere i samtiden...”

“Kampen om Nordvegen” omhandlar òg den politiskestriden i Noreg mellom rikssamlarane, som representerte dei rådanderetningar på kontinentet, og storhovdingane som forsvartedei skandinaviske verdiane. Parallellen til EU-striden er slåande.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |