Dag og Tid nr. 50, 12. desember 1996

Herbjørn Sørebø:
Folkevaldei skammekroken

Den eine etter den andre av dei fremste politikaranevåre stod fram i fjernsynet og fortalde at Bendik Rugaaskjende dei ikkje noko til. Han hadde dei ikkje høyrt om.Mannen statsminister Thorbjørn Jagland hadde funne framtil som ny planleggingsminister, var eit heilt ukjent namn fordei, og dei skjemdest visst ikkje for å vedgå detheller. Vi får takke dei for å ha svara ærleg,men dei sette seg sjølv i skammekroken med å avsløreat dei ikkje visste kven som var sjef for Nasjonalbiblioteket.Kva tillit kan vi ha til desse politikarane i kulturspørsmålnår dei er så kunnskapslause på dette området?Carl I. Hagen sprang straks til eit klipparkiv og fann ut at BendikRugaas brukte å opne førelesingane sine påBibliotekskolen med eit Mao-sitat. Dermed avslørte partieigarenkva som var det viktigaste for han.

For statsminister Thorbjørn Jagland var detei fjør i hatten at han visste om Bendik Rugaas, medandet var eit nytt namn for dei andre politikarane. Det tyder påat statsministeren har ei kulturell orientering det er grunn tilå verdsetje. Men det finst tilhøve å peikepå som kan tene til å orsake kunnskapsløysai det politiske miljøet. Det er ei minkande interesse forkulturspørsmål i media. Bendik Rugaas, som har hattei så viktig oppgåve, har ikkje vore ofte åsjå i fjernsyn og aviser, elles ville nok mange ha festseg ved det lange skjegget hans og hugsa det. I periodar har hanfaktisk hatt enda meir skjegg enn nå. På talarstoleni Stortinget kjem han til å få tankane til ågå tilbake til den første parlamentariske historiavår.

Sjølv om det er all grunn til å gledeseg over at det vart utnemnd ein planleggingsminister med denbakgrunnen Bendik Rugaas har, må vi vente og sjå kvahan kan drive det til som politikar før det kan avgjerastom det slik sett var eit klokt val statsminister ThorbjørnJagland gjorde. Bendik Rugaas har inga røynsle i politiskarbeid, og det er på ein måte eit fag, det også.Diverre har det vist seg så mange gonger at folk som hargjort ein lysande innsats på andre område i samfunnslivet,har komme til kort på den politiske arenaen. Med forenklasjølvmelding må vi tru at Bendik Rugaas fårlitt lengre fredingstid enn forgjengaren på ein taburettmed litt høgre føter enn dei andre statsrådane,men det ligg så mykje prestisje i bygginga av Det norskehuset at fallhøgda er skremmande stor.

Kommentatorar har fest seg ved at Bendik Rugaas ikkjehar nokon sterk bakgrunn i arbeidarpartiet -- han vart medlemdagen før utnemninga til statsråd. Sameleis var detmed justisminister Anne Holt. Det vanlege har vore å veljestatsrådar blant folk som har slite for partiet i mangeår og dokumentert ei påliteleg politisk overtyding.I det statsberande partiet har det nærast vore eit kravat dei som blir statsrådar har gått den lange vegen,men det har også vorte kritisert at det i dei fremste tillitsyrkaberre har vore folk som ikkje har hatt eit vanleg arbeid i livet.Dei ikkje-sosialistiske partia har med få unntak sendt deiparlamentariske leiarane -- som ofte også har vore partileiarar-- til kongens bord når dei har hatt regjeringa. Dåhar det vorte knurra i partirekkjene med påstandar om atdet har gått ut over partiarbeidet. Svaret på kritikkenhar gjeve seg sjølv: Det er i regjeringa dei store avgjerdeneblir tekne, og det er der partiet er mest synleg.

I ei regjering bær det vere samla røynslefrå mange område i samfunnslivet. Sjølvsagtmå statsrådane dele grunnsynet i det partiet dei skalrepresentere, og så på partiprogrammet, men nårdet gjeld mogne, reflekterte menneske, kan ikkje kravet til aktivmedlemskap tidlegare vere avgjerande. Det kan vere fornyande åfå med folk som ikkje har trakka i den vanlege løypa.Partikulturar kan ofte vere sterkt konserverande.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |