Dag og Tid nr. 50, 12. desember 1996

Bokmelding:
Ulateigs likvidasjonar

Egil Ulateigs bok “Med rett til å drepe” er eitviktig bidrag til historia om okkupasjonsåra og rettsoppgjeret.Derfor tilrår eg boka, dersom ho blir lesen med eit kritiskblikk, skriv Tore Pryser, professor i samtidshistorie ved Høgskoleni Lillehammer.

Egil Ulateig:

Med rett til å drepe
Tiden

Likvidasjonar i Noreg under okkupasjonen i 1940-45 er framleiseit ømtolig tema. Dette viser mellom anna pressedebattenom emnet i Aftenposten i år. Debatten har ikkje stilna etterat Egil Ulateig har gjeve ut boka Med rett til å drepe(Tiden). Ho kastar ytterlegare lys over emnet med dei mangedøma og kritiske blikka på det som til no har voregjeldande synspunkt. I utgangspunktet skal Ulateig ha ros fordette.

Kvifor veit vi så lite om emnet likvidasjonar? Kvifor hissarsomme seg så sterkt opp over at somme forfattarar femtiår etter krigen vågar å påstå atdet ikkje berre var 65 likvidasjonar, som er det offisielle talet,men nokre fleire. Dei tala som det siste året har vore nemnde,er 100-110 (A. Moland), 150 (C. Stridsklev) og om lag 200 (E.Ulateig). Ulateigs bok dokumenterer 136 nordmenn med namn. I tilleggkjenner han om lag 70 drepne tyskarar ved namn.

Somme av desse dødsfalla kan opplagt diskuterast. Sommeav dei døma Ulateig gjev på likvidasjonar, er trulegheller spontane skyteepisodar med tap av liv i samband med sabotasjar,tilfeldige samanstøytar og liknande. Men det verkar somom dei aller fleste av likvidasjonane er handlingar planlagdepå førehand for å ta livet av angjevarar ellerandre som vart vurderte som farlege for motstandsrørsla.

Små tal

La meg først slå fast at uansett om det dreier segom 65 eller 200, er tala veldig små.

I Danmark, som først fekk motstandsverksemd for alvor dakommunistane starta opp i august 1943, er talet om lag 400, altsåminst dobbelt så mange som i Noreg. I Frankrike reknar historikaranemed heile 10.000.

Med andre ord er talet på likvidasjonar i Noreg lite. Vimå sjå talet i høve til at 4037 personar vartdømde for angjevar- eller agentverksemd etter okkupasjonen.Enda fleire vart mistenkte, men dette let seg ikkje prove.

Det er også ei overdriving å seia som Ulateig gjerat likvidasjonane frå våren 1944 fekk motstandskrigentil å endre karakter, at det no nærma seg “virkeligeserbiske tilstander, om ikke i kvantitet, så i kvalitet”(s. 173). Partisankrigen mot tyskarar i Serbia og okkupasjoneni Noreg er storleikar som ikkje kan samanliknast.

Likevel hissar altså somme seg opp over skilnaden mellom65 og 200 -- dei tala som ligg føre. Etter krigen tok JensChr. Hauge ansvaret for 55. Sannsynlegvis er dette dei som eigruppe ansvarlege i heimefrontleiinga tok avgjerd om å avrette.Men Hauge var langt frå herre over liv og død. Deter all grunn til å tru at somme også vart likviderteetter lokale heimefront-initiativ, av kommunistiske motstandsgrupper,av XU styrt frå Stockholm, og av grupper under britisk kontroll(SOE). Vi må også rekne med at somme vart drepne vedmistak.

Personvern

Kvifor veit vi så lite om dei tilfella som trass i alt skjedde?Svaret på dette er personvern når det gjeldtilgjenge til dei offentlege arkiva, både av omsyn til offeraog dei som stod for likvidasjonane, medrekna etterkommarane deira.Vanlegvis opererer forvaltningslova med ei tidsgrense på60 år (paragraf 13 c). Ei endring i forvaltningslova frå1977 gjev likevel Riksarkivaren rett til å “bestemmeat taushetsplikten for opplysninger som oppbevares i arkivverketskal gjelde ut over 60 år” når omsynet tilseierdet.

Dette er forklaringa på at historikarane 50 år etterennå ikkje har skrive noko av stor verdi om emnet likvidasjonar.Det skuldast ikkje at vi ikkje vil, men at vi til no har respektertpersonvernet. Elles finst det ikkje noka offisiell historieskrivingi Noreg, slik Ulateig hevdar i kritikken sin av faghistorikarane(s. 93). Ulateig må også fortelje oss kva norske historikararsom han påstår har hevda at Tysklands framferd motNoreg fritok oss frå å følgje reglane i folkeretten(s. 166).

Personvernet er også grunnen til at Egil Ulateig ikkje harsloppe til på landssvikarkivet og andre relevante kjelderi Riksarkivet på jakta etter opplysningar om likvidasjonar.I staden har han måtta gå til andre kjelder, som illegaleaviser, NS-aviser, avisreportasjar etter krigen og intervju medpersonar mange år etterpå. Slike kjelder -- ikkjeminst dei illegale avisene -- inneheld ein god del faktiske feil.

Ein grov feil er til dømes likvidasjonen av Einar Hærlandi Sporveisgaten i Oslo, juni 1944 (s. 130). Hærland varmajor i det sivile luftvernet og mistenkt av tyskarane for illegalverksemd her. Derfor vart han vald ut som første offeri “Blumenpflücken”, ein operasjon som Gestapo sjølvsette i verk for å kaste skulda på motstandsrørsla.Det var SS-Hauptsturmführer Weiner kledd i sivile norskeklede som personleg skaut Hærland i trappeoppgangen derhan budde. Weiner fortel sjølv om likvidasjonen: “Nestedag vart eg kalla inn til Fehlis som uttalte at jeg ikke haddeopptrådt på helt tilforlatelig måte, i det jegbare hadde skutt et skudd, mens patriotene pleide å skyteflere”.

Folkeretten

Eg synest det er heilt greitt at Ulateig tek opp emnet likvidasjonarog “forsøker å plassere dem mot en kulisse avrett og moral”, som han sier (s. 11). At han spesielt harhatt nytte av det nyleg “frigjevne” SOE-arkivet i PublicRecord Office i London (PRO), gjev han tilgjenge til kjelder somkan vege opp for at han ikkje slepp til i norske offentlege arkiv.

Diverre viser ikkje Ulateig særleg konkret til materialefrå PRO når han behandlar einskildsaker. Dersom hanhadde gjeve att dette i form av eit noteapparat, ville det haheva boka monaleg som faghistorisk handverk. At han dessutan byggjerpå kjelder -- både skriftlege om munnlege -- som han“stort sett har lovet å holde hemmelig” (s. 12),er sjølvsagt også eit problem dersom ein skal etterprøveboka faghistorisk. Men eg forstår problema hans påbakgrunn av at det alltid har vore tabu for aktørane åsnakke om desse sakene.

Ulateig er som nemnt oppteken av både rett og moral. I dennesamanhengen fører han inn folkeretten. Som kritikaraneav rettsoppgjeret etter krigen har for vane -- særleg “Folkog Land”-krinsen og forfattaren Kjell Fjørtoft --fører han i samanheng med folkeretten inn både spørsmåletom karakteren av kapitulasjonen i Trondheim 10. juni 1940, somhan meiner var ein fullstendig kapitulasjon, og om Noreg i detheile tok del i Den andre verdskrigen som alliert makt, trassi militæravtalen med Storbritannia. Ulateig kunne her haopplyst kva for dokumentsamling om folkerett han byggjer på,når han konkluderer med at Noreg ikkje vart sett påsom alliert.

“Seierherrens justis”

Kapitulasjonen og spørsmålet om Noregs status somalliert er ein gammal diskusjon, som eg skal la liggje her. Ulateigshovudpoeng i høve til temaet i boka er likevel at likvidasjonarvar folkerettsstridig, med andre ord at dette var krigsbrotsverk(s. 97). Den tyske historikaren Robert Bohn, som har arbeidd mykjei norske arkiv, skriv i 1993 artikkelen “Schuld und Sühne”at gjerningane til likvidasjonsgruppene ikkje kan reknast somrettmessige etter reglane i folkeretten (Ulateig s. 98). Detteer eit vanskeleg tema. Blant sakkunnige juristar internasjonalter det mykje usemje om korleis vi skal tolke folkeretten pådette punktet. I Noreg har det vore minimal forsking påområdet. Når det gjeld likvidasjonar, er såvidt eg veit Johs. Andenæs' artikkel “Okkupasjonstidenslikvidasjoner i rettslig belysning” i Tidsskrift for Rettsvitenskapfrå 1948 det einaste arbeidet som ligg føre.

Andenæs' syn er prega av “at rettsoppgjøretetter en seierrik krig alltid vil bli seierherrens justis”,som den eldre kollegaen hans, professor F. Castberg, uttalte genereltom rettsoppgjeret i 1961. Her skulle eg ønskje meg einskarpskodd jurist av yngre årgang som kunne forske pådette feltet i lys av erfaringane i ettertid, og i eit internasjonaltperspektiv. Eg er ikkje jurist og må la denne innfallsvinkelenliggje.

Det moralske og realhistoriske
kan eg derimot seie nokoom. Ulateig er moralsk når han fordømmer dei somutførte likvidasjonane strengare enn dei som vart likviderte.Han aksepterer ikkje at kampen mot tyskarane og NS meir og meirtvinga fram handlingar av typen “auge for auge, tann fortann”. Her må eg seie meg einig med advokaten PeterMunthe Kaas, som i diskusjon med Johan Scharffenberg hausten 1947hevda at ein ikkje kunne måle krigens handlingar medfredens målestokk (s. 343). Som Ulateig viser, var Scharffenbergein av dei få som kritiserte likvidasjonane. Ein annan varelles historieprofessor Arne Bergsgård, som også ønsktelikvidasjonane granska, noko som viser at iallfall ikkje allehistorikarar har godteke dette.

Nytt stoff

Eg synest det er bra at Ulateig no har komme med det førstestørre bidraget til å setje lys på likvidasjonanei Noreg under okkupasjonen. Han får også fram mykjenytt stoff. Ikkje minst vanlege lesarar kan finne stoff som ellesikkje har komme fram i historiebøkene. Likevel kan detreisast kritiske merknader til boka. Ein hovudveikskap er at Ulateigi ein god del tilfelle let vere å gå inn på den realhistoriske bakgrunnen for likvidasjonane. Her ernokre døme:

Boka opnar med “Gulosten”s bestialske likvidasjon avRaymond Colberg våren 1942 (s. 19 ff). Men Ulateig gløymerå nemne at Colberg var agent for Abwehrs kontraspionasjeIII F og mellom anna hadde operert i Sandefjord-distriktet ogavslørt ein radiosendar. Verksemda hans førte tilat åtte personar vart arresterte i mars 1941, blant deipolitimannen Øyvind Ask og radioamatøren AndreasBertnes, som begge vart avretta. Det er tull når Ulateigymtar frampå om at dette var ein privat hemnaksjon. Colbergvar ein svært dyktig og farleg agent.

Ulateig nemner heller ikkje at Ole Udengen, som vart prøvdlikvidert på Morskogen i januar 1945 (s. 148 ff), opphavlegvar Abwehr-agent med liv på samvitet. I 1941 hadde han opererti Harstad og mellom anna avslørt Per Spilling og Alf Petterson,som begge vart avretta. Udengen unngjekk så vidt dødsstraffi 1946. Fire av dommarane gjekk inn for det, men dødsstraffkravde minst fem stemmer i lagmannsretten, så han fekk livsvarig(ikkje 15 år som Ulateig skriv).

Fleire feil

Eit anna døme er likvidasjonen av Elsa Kristoffersen, somvart funnen under Nesøy-brua i desember 1943 (s. 105 ff,128). Ulateig hevdar at etter havhøyr fann tyske etterforskararfram til at Kristoffersen ikkje hadde gjort noko som gjorde hennefortent til å døy, at ho ikkje var nokon angjevar.Det har vore påstått at likvidasjonen berre var fortreningsføremål. Slik var det neppe. Den velorienterteGestapo-tolken og Kriminaloberassistenten Gertrud Thielicke Karlsenhevda å ha sett ein rapport om at Kristoffersen var spionog angjevar for politifullmektig Krantz i Stapo.

Når det gjeld Astrid Dollis, som også vart utsettfor forsøk på likvidasjon (s. 146 ff), hevdar Ulateigat ho vann rettssaker i Sverige. Faktum er at ho vart dømdtil to års fengsel for spionasje her, noko Ulateig let vereå nemne. Vidare er det feil at hennar kontakt på Victoriaterrasse var ein anti-nazist. Kontakten, som var SS-SturmbannführerFritz Preiss, vart medlem av det tyske nazi-partiet i 1937. INoreg leidde han Gestapos Referat IV A -- det frykta kommunistreferatet-- som tente Nazi-Tyskland på utmerkt måte.

Når det gjeld legen Ingolf Andresen, som overlevde eit likvidasjonsforsøkvåren 1944 (s. 144 f), vart han ikkje frikjend for landssviketter krigen, slik det ofte blir hevda, men dømd til treår og seks månaders fengsel av lagmannsretten i 1948.Men han vart rekna som sinnssjuk da handlingane vart utførteog slapp difor å sone. Andresen var ein av SS-HauptsturmführerFehmers viktigaste agentar, men arbeidde også for den svenskee-tenesta.

Misforståingar

Ulateig viser at det av og til kunne gjennomførast likvidasjonarved misforståingar. Den eldre brukseigaren Einar Haneborgvart drepen i Aurskog i ferbruar 1945 ved ei misforståing(s. 277 ff). Ein trudde han hadde rapportert om ein XU-flyktningtransportmånaden før, som førte til at fire flyktningarvart arresterte. Ei kvinne som var med i følgjet, vartikkje teken, og Ulateig meiner ho var angjevaren. Her har hanheilt rett. Eg kan fortelja Ulateig at etternamnet hennar varAndersen (førenamnet gjev eg ikkje opp av personverngrunnar).Ho var ei ung hushjelp som vart ein av SS-HauptsturmführerWeiners viktigaste agentar med nr. 83. Ho vart mest illgjetenetter krigen for å ha avslørt Formo-gruppa knytttil “Pelle” Sollies sabotasjeorganisasjon, noko somkosta sju menneske livet. Ho avslørte gruppa i november1944. Det gav henne dødsdom, som vart gjord om til livsvarigtvangsarbeid.

Ulateigs bok handlar også om anna enn likvidasjonar. Nokoav dette kunne ha vore kommentert nærare òg. Plassentillet ikkje det. La meg berre til slutt ta ei omstridd sak, somførte til alvorlege skuldingar mot riksadvokat Sven Arntzenetter krigen. Riksadvokaten vart skulda for å ha komme medopplysningar som førte til at XU-mannen Bjørn Johansenvart arrestert av tyskarane. Arntzen visste ikkje at Johansenvar i XU og ville berre hindre at han forsvann til Sverige utanå gjere opp for seg etter ei skilsmålssak, som Arntzenvar engasjert i som advokat. Redaktør Toralv Fanebust,som langt frå var nokon nazist, men likevel kritisk tillandssvikoppgjeret, førte denne historia vidare i tidsskriftetsitt “Paragraf 100”. Det kosta han ni månaderi fengsel for injuriar.

Så langt er Ulateigs framstilling grei. Det han gløymerå nemne, er at Fanebust hadde fått opplysningane fråSipo-tolken Kåre Torgersen i form av eit anonymt brev skrivei fengselet. Den tyske gestapisten Hans Krijom, som etterforskasaka mot Johansen under okkupasjonen, hevda at han ikkje vartavslørt gjennom Arntzens brev, men av den tyske militæree-tenesta Abwehr. Også dette burde ha vore nemnt i boka.

Ein detalj til slutt: SOE-mannen Johnny Pevik var ikkje med pådet mislukka likvidasjonsforsøket mot Henry Rinnan da KarlDolmen vart såra (s. 180), men sat allereie arrestert påMisjonshotellet i Trondheim under lås og slå. Leiarenav gruppa var Ole Halvorsen, utlånt frå ArbjørnSundes gruppe. Den andre, Knut Brodtkorb Danielsen, var SOE-agentsom Pevik. Saka viser elles at kommunistar og SOE kunne samarbeide.

Andre større eller mindre feil kunne også ha vorenemnde. Men trass i at det ikkje er vanskeleg å komme medinnvendingar og peike på feil, er Ulateigs bok eit viktigbidrag til historia om okkupasjonsåra og rettsoppgjeret.Derfor tilrår eg boka, dersom ho blir lesen med et kritiskblikk.
Tore Pryser

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |