Dag og Tid nr. 49, 5. desember 1996

Eldrid Lunden:
Sjuande mor i huset

Profilkrinsen eller ikkje Profilkrinsen?
Eldrid Lunden -- norsk kandidat til Nordisk råds litteraturpris-- omtalar seg som ein generasjonsfelag.
-- Då eg kom inn til dei, hiihiiiii... såg dei lurt på meg. Så lo dei litt, og så sa dei: Alt er mogeleg!
-- Det har eg visst sidan eg var ein neve stor, svarte eg.


TEKST: OTTAR FYLLINGSNES

Eldrid Lunden (56) kjem frå Naustdal i Sunnfjord, og der var alt mogeleg i etterkrigsåra.
-- Det lærte eg av mor. Ho var ei glødande og opplystkvinnesakskvinne som var svært interessert i litteratur og abonnerte på kvinnebladet “Urd”. Skal ein greia seg med eit magert utgangspunkt, er trua viktig, seier mora tilforfattarskulen i Bø.

Eldrid Lunden har ikkje visittkort, men hadde ho hatt, kunne ho ha ført opp ein misunningsverdig tittel. Tidlegare i år vart ho professor i skrivekunst, og den tittelen kan ingen andresmykka seg med.

-- Det er ein flott tittel. Eg er nøgd, seier professoren lurt. Ho har ein bror som er professor, men han har drive medhistorie, og vil vera kjent for dei fleste som Kåre Lunden.

Men det var ikkje draumane om det professorale som herja på det lundenske småbruket for førti til femti år sidan.

-- Nei, eg hadde vel spenstigare planar enn som så. Eg ville...,seier Eldrid Lunden.

Og tek seg i det. Det gjer ho når ho skal seia noko ikkje-professoralt. Ho tenkjer seg om, seier nei, eller let det stå til.

-- Eg med min bakgrunn hadde ikkje noko kunnskap om yrke og yrkesval, men eg såg bilete av ei jente utanpå ei spenningsbok. Jenta hadde ei flott bukse med stilige, påsydde lommer. Det viste det seg at ho var spion, og eg bestemte meg straks for å verta spion.

-- Først professor i skrivekunst og sidan spion?


-- Nei, buksa har eg skaffa meg for lenge sidan.

-- Men ei kraftig kjelde til sosial oppdrift må det ha vore i Naustdal?


-- Kall det heller vitalitet og livsglede. Foreldra mine hadde eit bittelite småbruk på 25 mål dyrka mark. Det fanst ikkje arbeidsplassar i industri eller servicenæringar i bygda. Me såg raskt at det ikkje var noko arbeid å få. Skulle ein ha ein sjanse, måtte ein skaffa seg utdanning.

-- Professorane in spe var lesehestar?


-- Nehei, ikkje eg i alle fall.

-- Kanskje evna til refleksjon treivst spesielt godt på småbruket?


-- Vestlendingane hadde no så mykje å streva med. Når det regna for mykje, tok dei seg ein pause, og då fekk dei sjansen til å tenkja seg om. Det var ikkje meirmoro enn ein laga sjølv.

-- Dei store litterære vyane fanst ikkje?


-- Slikt fall oss ikkje inn. Det var ikkje gymnas i bygda, og det var skremmande både med skulebygg og gymnas. Eg tok eit år på realskulen, men som 15-åring byrja eg å jobba i ein landhandel i Askvoll. Det var som ei halvamerikareis å ta båten dit. Sidan tok eg realskulen på eitt år. Eg arbeidde både i Sogndal og Høyanger, før eg tok ein sein artium på Voss.

Sidan har Eldrid Lunden studert litteratur, og ho har arbeidd som lærar fleire stader, blant anna på distriktshøgskulen i Volda.

Lunden debuterte med diktsamlinga “f. eks juli” i 1968og har sidan gjeve ut åtte diktsamlingar og ei essaysamling. Den siste kom i haust og heiter “Slik Sett”.

Eldrid Lunden har fått Nynorsk litteraturpris (82), Doblougprisen (88) og Aschehougprisen (92). I 1994 var ho festspeldiktar i Bergen, og ho er omsett til fleire språk.

Det er femten år sidan Eldrid Lunden byrja å byggja opp forfattarstudiet ved distriktshøgskulen i Bø i Telemark. I dag er ho som ei sjuande mor i det nye, flotte skulehuset.

Opp tre etasjar og inn ein lang korridor. Der møter eg henne. Kontoret er lite. Utanfor vindauget kastar skihopparar seg ut i lufta og skeiselauparar skrid gjennom kulda i kapp medtida.

Eg set meg, men professoren slår fast at her vert det for klaustrofobisk. Me stryk ut i vinteren og ned på hotellet. Lunden lovprisar det nye distriktshøgskulebygget og alle dei obskure linene, medan ho sukkar over at ho aldri vart skeiselaupar eller skihoppar. Kanskje ikkje alt var mogeleg likevel, tenkjer eg litt seinare. Konklusjonen synest rett nok å vera klar; Eldrid Lunden er glad for at ho får sveitta inne.

Innafor døra står hotelldirektøren og nikkar.

Det er tomt for gjestar i restauranten, men det er kvite dukar på bordet.

Eldrid Lunden fortel ei fantastisk og heilt usannsynleg historie frå dette hotellet langt inni den snøkvite telemarka.

Men historia er for god for avisene.

Meiner professoren.

Forfattarskulen i Bø i Telemark var den første i Skandinavia. Skrivekunstakademiet i Hordaland starta seinare, og sidan har Sverige og Danmark kome etter.

Den norske Forfatterforening stod bak, og i januar 1982 starta prøveprosjektet.

-- Me var spente på om det ville gå. Til og med godevener i forfattarforeininga var skeptiske. Jaja, Eldrid, hadde det ikkje vore for at det var deg, så hadde me kanskje drege kniven, sa dei. Me fekk studentar og sette i gong, men det hende at eg låg vaken om natta. Korleis i all verda skulle eg undervisa 15 studentar i tre månader utan pensum? Ein delprøving og feiling vart det, men me har unngått deistore feilskjæra. Søknadsmassen har vore jamt stigande, med 80 søkjarar og ein liten nedgang siste året. Historia om forfattarstudiet i Bø er ei suksesshistorie. Me har greidd å avdekka behovet for ei slik utdanning. Sidan har det vorte sett i gang liknande opplæring over heile Skandinavia. I Göteborg har dei fått ei to-årig utdanning.

-- Dei har henta inspirasjon frå Bø?


-- Ja, det trur eg. Dei har funne referansar i budsjettsamanheng og modell for studiet.

Tidleg på 90-talet var det ein debutprosent på kring30 blant forfattarstudentane i Bø, og det er neppe særleg annleis no, meiner Eldrid Lunden.

-- Du er blant dei mest spente når forlaga lanserer vår- og haustlister?


-- Eg følgjer med ja -- som ei myrsnipe.

-- Kva seier du til den vanlege innvendinga om forfattarfabrikk?


-- Slikt må ein leva med. Ei undersøking ville ha vist noko anna. Berre sjå på dei antologiane me gjev ut kvart år. Det er større mangfald i dei enn i fleire andre, som til dømes Cappelens “Signaler”.

-- Då folk med ei heilt anna livserfaring, som Alexander Brenning og Frank Tandberg, debuterte i fjor, ropa somme kritikarar: herleg, herleg, endeleg forfattarar som ikkje har gått påskrivekurs?


-- Sukket over det einsidige i norsk litteratur vil alltid vera der, uansett om forfattarskulane er der eller ikkje.

-- Er det ikkje ein fare for at studentane får eit Lunden-preg?


Eldrid Lunden tenkjer. Og tenkjer. Og tømmer kaffi i koppen og tømmer kaffi på den kvite duken.

-- No gjeld det å finna eit godt svar, seier ho.

-- Det er ein fare dersom ein trur at det går an å likna, men det er umogeleg. Og skulle ein likna, er det berreoverflatisk, og då får dei heller likna til det går over.

-- Når forskarane om nokre tiår går tilbake til forfattarstudiet, er kanskje Lundenskulen eit etablert omgrep?


-- Når ein held på så lenge, er det kanskje vanskeleg å unngå eit slikt namn. Utforminga har vore mi, men eg håpar ikkje at studiet utviklar seg til Lundenskulen fagleg og litterært. Det ville ha vore ei fallitt-erklæring om studentane tok til å skriva slik som eg, men det uroar meg svært lite. Poesien kan verken kopierast eller parodierast.

-- Nemn dei tre studentane frå Bø som har sett størst spor etter seg så langt?


-- Eg har ikkje måleinstrument for det, men eg kan gje deg nokre namn i ugradert rekkjefølgje: Anne Bøe, Lisbeth Hiide, Pål Gerhard Olsen, Liv Nysted, Arne Hugo Stølan, Tale Næss, Jonny Halberg, Finn Øglænd, Tone Hødnebø, Geir Gulliksen, Eva Jensen og Erik Eriksen. Det er folk som pregar norsk skjønnlitteratur.

-- Er forfattarstudiet i Bø betre enn Skrivekunstakademiet i Bergen?


-- Nok ein gong manglar eg måleinstrument. Eg trur at me kan utfylla kvarandre. I Nord-Noreg driv dei til dømesmed eit desentralisert opplegg.

-- De dyrkar eksperimenteringa meir enn den gode forteljinga?


-- Eg trur ikkje at det er grunnlag for å hevda noko slikt. Me prøver å vera opne for alle sjangrar. Det litterære talentet kan ofte ta fleire vegar. Somme kan finna ut at barnebøker er det rette, medan andre satsar på filmmanus. Me vil visa at det er fleire vegar som fører fram. Det er farleg å setja ein forfattar på skinner i ein startfase.

Eldrid Lunden debuterte for snart 30 år sidan. Det går lenge mellom kvar bok.


-- Skriv du lite eller er du svært kresen?


-- Beethoven skreiv ikkje så mange symfoniar han heller-- utan å få påpakning for det. Det finst sikkert ei god forklaring på det spørsmålet, men det vil ta for lang tid å fordjupa seg i det her og no.

-- Du debuterte i 1968 -- eit nokså spesielt år?


-- Eg oppfatta ikkje året som spesielt, men det har vorte noko anna når ein ser tilbake. Det var få jenter som skreiv den gongen, og me fekk stor merksemd. Heile det litterære feltet har vorte breiare på både godt og vondt. Konkurransen har vorte skjerpa. Kritikken har vorte meir kyndig.

-- Du har omtalt kritikken på 70-talet som ein sosionom-kritikk?


-- Det var ikkje så mange kyndige kritikarar i riket. Det fanst få stillingar ved universiteta, og det litterære miljøet var smalt.

-- Snart kjem Øystein Rottem med ein ny del av litteraturhistoria som tek for seg 60- og 70-talet. Han kjem til å gje storplass til Profilgenerasjonen og mindre plass til dei kvinnelegeforfattarane?


-- Profilgenerasjonen gjorde ein stor innsats på ei rekkjefelt. Dei skreiv gode bøker også, men det er fortidleg å fella ein dom over plassen deira i litteraturhistoria. Dei er framleis i full verksemd. Men det er litt merkeleg at eit miljø som ikkje hadde sansen for Agnar Mykle og Jens Bjørneboe brått vart så “för-tjust” av eit kobbel25-åringar av di dei hadde opprørske eigenskapar. Her er det noko som skurrar, seier Eldrid Lunden.

Før generasjonsfelagen tenkjer seg om -- og legg til:

-- No vert dei glade i meg -- gutane!

-- Kva er det som har prega din forfattarskap på 70-og 80-talet?


Det vert ein lang pause. Eg skjenker lunka kaffi til meg sjølv og sølar på den kvite duken. Restauranten i Bø Hotell liknar meir og meir på ein brun kafe. Eit usedvanleg stort lag i blå drakter dukkar opp bak oss og byrjar å gafla i seg. Dei lét som eit bulgarsk landslag i motorsag.

Men me er vestlendingar -- og lest som ingenting.

-- Eksperimentering, ropar Eldrid Lunden.

-- Men det var ikkje eksperimentering for eksperimenteringa si skuld. Eg har skrive dei bøkene som var viktige for meg å skriva og lesa.

-- Skriv du for deg sjølv, eller har du lesarane i mente?


-- Det er eit spørsmål som er heilt umogeleg å svara ja eller nei på. Er du så “edru” når du skriv at du er oppteken av å vera pedagog, er sjansane store for at du repeterer ting som er kjende frå før. I den forstand er det ikkje mogeleg å tenkja på lesaren, men det er feil at eg ikkje tenkjer på lesaren i det heileteke. Eg håpar på dialog. Kommunikasjon er det grunnleggjande ved språket.

-- Men du krev mykje?


-- All seriøs litteratur krev mykje av lesaren. Eg skriv ikkje bok for å fortelja det som alle veit frå før.

-- Kva vil du fortelja?


-- Eg har sagt at eg ikkje er pedagog.

-- Men du er lærar?


-- Å skriva ei bok for ein poet, er det same som å trekkja pusten. Om nokon kan verta meir opplyst av det, er det flott!

I alle år har ho gjeve ut bøkene sine på Samlaget. I 1994 kom “Dikt i samling”, men årets bok er Lundens første på Aschehoug.

-- Eg er i den alderen som tilseier at skal ein finna på noko nytt, bør ein gjera det no. Aschehoug er eit profesjonelt forlag med ressursar.

-- Finn ein professor i skrivekunst seg i at konsulentar tuklar med innsende manus?


-- Nei! Eg sender det inn og seier at det er ferdig -- uansett. Konsulentane har aldri gjort meg noko.

Eldrid Lundens niande bok tek opp velkjende Lunden-tema som det å vera sett eller usett, lys eller skugge, mann eller kvinne. Ho fører eit nake språk, konkret og utan ornament, med ein indre temperatur som kan tillate dei mest abstrakte og stiliserte framstillingar utan å tapa fallhøgde som poesi.

Les eg bak på boka.

-- Kvifor tittelen “Slik Sett”?


-- For å gje ei opning i fleire retningar. Eg understrekar noko som eg har vore oppteken av sidan debutsamlinga. Eg framstiller det på ein måte, men det er ikkje den einaste måten. Boka kan lesast på fleire måtar.

-- Jean Paul Sartre har vore ei inspirasjonskjelde for deg?


-- Han har vore ein bakgrunnsfigur i alt eg har skrive frå70-talet. Det som eg først fekk auga på via Sartrestankar var dette med blikket og den andre si rolle for korleis me oppdagar oss sjølve og omverda. Det handlar om at du ikkje kan gjennomskoda deg sjølv. Du treng hjelp av einspegel frå den andre for å danna deg eit sjølvbilete som fungerer optimalt. På 70-talet prøvde eg å skriva tekstar som var blikk og som stilte seg opne for å verta sett. Eg ville gjerne skriva tekstar utan ideologisk tryggingsnett. Det skulle vera poesi i saka.

-- Du skriv om å verta sett, men i meldinga av “Slik Sett” i Dagbladet hevdar meldaren at du er oppteken av å skjula deg?


-- Nei! Gjer han det? Det har eg ikkje sett. Hihiiii! Meldaren i Klassekampen skreiv om ei dame som var kliss naken.

-- Somme av dikta forstår eg med ein gong, andre etter å ha lese dei nokre gonger, medan nokre er svært vanskelege?


-- Dei som du forstår med ein gong er dei vanskelegaste! Ein kan snakka lenge om lesevanar. Folk er vanedyr, takka vera den mangelfulle undervisninga i skuleverket. Der kunne ein gjortmykje, og ikkje hadde det vore spesielt ressurskrevjande heller.

-- Du krev av lesaren at han skal tenkja seg grundig om?


-- Det er populært at ein skal føla mykje, og det kan sikkert vera bra å bruka sansane for dei som møter diktet meir eller mindre som ein port. Men den størstegleda ved å lesa poesi er at du kan reflektera over det du les og sjå nye samanhengar.

-- Kva for nye bøker har du sett mest pris på i haust?


-- Prosaen har teke det meste av merksemda. “Skammen” av Bergljot Hobæk Haff er strålande.

-- Kva med stoda for den norske skjønnlitteraturen hausten1996?


-- Har du høyrt om masochisten som undrar seg over kva som er gale med den norske skjønnlitteraturen? Det er ikkje noko gale, seier sadisten. Her har du dei fire store!


© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |