Dag og Tid nr. 49, 5. desember 1996

Liv Holtskog:
Eit kall til å skrive

Liv Holtskog strekkjer armane i veret. Augo strålar.
-- Eg kjenner det som om eg ber to breiddfulle skåler i armane. Eg er livredd for å miste ein drope. For det som er oppi har eg fått. Og eg skal gje det vidare.

JOHANNE LANDSVERK

-- Det er ein slags mystisisme med å skrive dikt. Eg høyrer musikk og eg ser bilete, fortel Liv Holtskog.
-- Med eitt opplevde eg å vere i Egypt for 5000 år sidan.

Det dryp frå himmelen

Me er alle sjeler på vandring
Til tider kjem våre liv
opp i glimt
frå ei større reise
djupt i dei indre lag
Den raude måneskiva
fargar Nil-landskapet
som etter ein farleg fødsel
Blir eit møte mellom krefter
i det usynlege
“Ferda frå Theben”, 1992.

Lyrikaren Liv Holtskog har skrive 15 diktsamlingar. I 1966 gav ho ut den første samlinga, “Kanskje ein”. I 1994kom hennar siste diktsamling, “Gje meg ikkje noko som liknar”. “Ein diktars heimland”, som kom i haust, inneheld utvaldedikt frå heile forfattarskapen.

Født til kunstnar

Liv Holtskog trudde ho skulle bli komponist. Heilt frå hovar lita har ho høyrt musikk og sett bilete. Ho er frå ei kunstnarslekt. Mor hennar var syskenbarn til Eivind Groven. Og ho er i slekt med både Aslaug Vaa og Tarjei Vesaas.

-- Eg er fødd kunstnar, seier ho.

-- Om eg ikkje får skrive, blir eg sjuk. Men det er ikkje lett. Først må eg vente til eg har noko å fortelje, eg må først ha ei innsikt. Stoffet arbeider inni meg, det er som å ha ein vulkan der inne. Dagane før eg skal til å skrive, må eg kvile. For når eg begynner, er det ei voldsom energiutfalding. Eg skriv fort, eg skriv natt og dag, heilt til perioden er over. Då har eg gjort hovudarbeidet.
Forfattaren teiknar sterke bilete framfor lesaren. Naturbilete, kjensleladde stemningar.

-- Eg ser eit bilete inni meg, og eg spør: Kva vil dettebiletet meg? Først då finn eg orda. Orda er som musikk, som noteteikn. Eg må vege orda, kjenne om dei passar til det eg vil ha sagt.

Ordet har ei kolossal makt. Det skal vere noko å stanse opp med. Noko som kan gje mennesket ein ny dimensjon.

Dikt om menneska

“Diktaren ser og undrast, og skriv dikt, i tru og tvil og fortviling”, skriv Hans H. Skei i etterordet til “Eindiktars heimland”.

Dei første diktsamlingane handlar mykje om dei enkle, næretinga, om kvardagen. Ho skriv om minne frå barndommen, ho teiknar bilete av naturen i heimtraktene.

-- Eg er oppteken av menneske, seier Liv Holtskog.

-- I dikta skriv eg om tilhøvet mellom menneska, og bruker naturskildringane som ein bakgrunn. Me er den me er på grunn av forfedrane våre og landskapet. Eg er oppteken av dei eksistensielle spørsmåla. Kvifor er vi her? Kva skal vi med liva våre?

Etter kvart har diktaren utvida landskapet. I dikta om Egypt skriv ho om ei anna tid, ein annan kultur. Men dei fleste av Liv Holtskogsdikt er tidlause. Ho skriv svært personlege dikt. Ho kjem lesaren nær.

-- Ein må våge det, seier ho.

-- Det ligg for meg å vere open.

Kristen lyrikar

Eit av dei store førebileta hennar er Pär Lagerkvist. Ho er også svært glad i dei russiske forfattarane, ho meiner dei har slik ei andeleg djupn.

-- Før eg skreiv “Det lova landet” i 1974 måtte eg setje meg inn i Det gamle testamentet. Det er som ei læreboki psykologi. Eg er fødd inn i ein familie med mange prestar, menneske som ville bruke livet sitt til å gjere noko godt. Sjølv har eg eit kall til å skrive. Eg prøvde å bli kvitt det, men det gjekk ikkje.

Liv Holtskog er personleg kristen. Men ho seier ho er glad i å danse og å drikke øl.

-- Det verste eg veit er slike som set opp normer. Ein har då viktigare ting å drive med i livet!

Måtte lære nynorsk

Liv Holtskog er født i 1934. Då ho gjekk på skulen i Telemark, hadde ho bokmål som opplæringsmål. Det var eit konservativt bondemiljø.

-- Eg voks opp i eit haugiansk miljø, der dei alltid hadde lese Guds ord på bokmål. Men mor mi kom frå Vest-Telemark, så eg hadde fått inn ein annan dåm, seier ho.

-- Det var bare det nynorske språket som kunne uttrykkje det eg ville seie, det var ikkje rett for meg å skrive bokmål. Eg strevde i ti år for å få språket til å bli mitt. Eg måtte lære meg nynorsk. Dikta mine kunne ha kome ut ti år før, for stoffet låg klart. Men hadde ikkje noko språk.

Forfattaren har vore oppteken av å finne sin eigen stil. Av å våge å vere seg sjølv. Stilen er korthogd og knapp. Symbolbruken er ikkje alltid like lett å forstå.

-- Ein treng ikkje forstå alt, meiner ho.

-- Orda vil arbeide vidare i menneska. Før eller seinare vil bodskapen min nå fram til dei det gjeld.

Bonde og diktar

Liv Holtskog er odelsjente på Gvarv i Telemark. Saman medmannen har ho drive garden, dei har dyrka frukt og jordbær.

Men heile tida har ho også skrive dikt.

-- Det har ikkje alltid vore lett å vere kunstnar i lokalmiljøet i alle fall ikkje dei første åra, seier forfattaren.

-- For ein skilde seg ut, og skulle ein skrive, skulle det vere som Vinje eller Vesaas. Men nå kjenner eg meg sterk og sikker. Ingen kan gjere meg noko.

Liv Holtskog fortel at det ikkje har vore lett å vere både bonde og forfattar. Mange gonger har ho kjent at ho burde vore ute på åkeren, men skrivinga kunne ikkje vente lenger.

-- Ein gong stod eg i daglegrommet og skulle ut. Då kjende eg ei hand som tok meg over hofta, seier ho.

-- Eg lever i to verder, i den sanselege og den oversanselege.

Den andre åkeren

Ville vore på åkeren i dag
bruka kniv og bora opp røter
Sola skin og gullbostefrø fyk
Men den andre åkeren
let seg ikkje forsømme lenger
Eg blir dregen ned
med rotstokkar veks
i sumpskogane
“Enno eig me lengsle”, 1986.

Musikk og lyrikk

Forfattaren Liv Holtskog underheld gjerne med dikt i ulike samanhengar, til dømes på matinear på Det Norske Teatret. Gisle Kverndokk har sett musikk til mange av dikta. Det har også Sigmund Groven gjort.

-- Det er kanskje ein tone i dikta mine, ein musikalitet, seier lyrikaren.

-- Eg skreiv ein kantate til 900-årsjubileet for kyrkjene i Nes og Sauherad, der Henrik Ødegård skreiv musikken. Dikta om Egypt skal bli framført av Det norske solistkor på festspela i Vestfold i 1997. Musikken er komponert av Magnar Aam. Seinare skal verket framførast under opninga av det nye biblioteket i Alexandria.

Ho har musikken inni seg. Ho høyrer musikk og ser biletenår ho skriv.

Hans H. Skei avsluttar etterordet slik: “Ein diktars heimland” er ei diktbok lesaren må gå inn i og ned i, for her er det slik at til og med steinane syng, og sjølv om tonane kan vere atonale, syng det frå hugdjups elv, og det kviskrarstilt til alle som vil lyde.”


© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |