Dag og Tid nr. 47, 21. november 1996

Fløgstad:
Inspirert av Perry Moatræ

I 1977 gav Kjartan Fløgstad ut romanen “DalenPortland”.

-- Det var då det byrja. Teksten trefte meg rett i hjarterota,seier Reidar Brendeland.

OTTAR FYLLINGSNES

I desse dagar gjev Reidar Brendeland og Vestlandsfandenut tretten av Kjartan Fløgstads tekstar på plate.Brendeland har laga melodiane, og tekstane er henta fråsentrale bøker i Fløgstads forfattarskap; som “DalenPortland” (77), “Fyr og flamme” (80), “Det7. klima” (86), “Arbeidets lys” (90) og “Diktog spelemannsmusikk” (93).

Plata er nummer ni i rekkja for Vestlandsfanden,og ho har fått tittelen “Ei god stund”. Tittelmelodiener ein song frå romanen “Fyr og flamme” der denbergenske rockekongen Perry Moatræ frå Laksevågskal i studio for å spela inn den storslåtte poesien:

“Eg vil bli god og full

For ei dame si skuld
Eg vil ha ei god stund
Eg vil ha hjarta av gull”

Også ein annan av Moatræs legendarisketekstar er med på plata. Reidar Brendelands tolking av detsalmistiske verket “Fjetra” er eigna til å påkallatårer i ulike sjangrar.

-- Perry Moatræ er ein skikkeleg rockeheltsom prøver å sprengja grensene for tradisjonell rock.Han har inspirert oss båe til dette plateprosjektet, seierdei.

Revolvermenn

Koplinga mellom Brendeland og Fløgstad ergammal. Då “Fyr og flamme” vart lansert påein brun kafe i Oslo, var Brendeland ein av deltakarane. Samarbeidetbyrja med teksten “Skipsekspedisjonen”, fortel dei tofrå toppen av Grand Hotell i Oslo.

Der kan ein tenkja seg resten, slik Ragnar Hovlandhar gjort i ein tekst på plateomslaget:

“Og her kjem dei altså saman, to bleikerevolvermenn i regnet som spelar neonlys på E-76 over Haukelifjell,mens Rimbaud ligg og døyr i Marseille, og lysa fråsmelteverket vitnar om at Kjærleiken og Draumen og Arbeidetno blir smelta saman til den Store Songen”. Det er den deihar å by på.

Songar

“Vestlandsfanden” hadde tidleg både Kjartan Fløgstad, Ragnar Hovland, IngvarMoe og Einar Økland på repertoaret.

-- Fløgstads tekstar er fantastiske åsyngje. Dei grip fatt i folk, seier Reidar Brendeland.

Måndag spela han i Bok-badet i Oslo, og derfekk han prøvd ut materialet. Responsen var god, men sjølvundrar han seg om det er mogeleg
å trø til med kassegitar i fire minuttar i våre harde platetider. Han trøystar seg med at “odde” tinghar slått til før.

Kjartan Fløgstad kallar sine metriske versfor songar, men han har aldri prøvt å laga musikktil dei.

Trekanten

Kjartan Fløgstad vert biletleg når hanskal skildra heimlandet til songane.

-- Tenk deg ein metalltrekant som gjev fråseg ein ferrolegeringslyd. Ein trekant med bedehuset i det einehjørnet, Folkets hus i det andre og ungdomshuset i dettredje. Ut frå dette får ein ei blanding av songtradisjonanefrå skulen, frå bedehuset og frå rock n'roll.I denne trekanten er det musikken spelar seg ut, og der har detvore kjekt å vera, seier Fløgstad.

Visa styrken

Dei to saudabuane understrekar at dei byggjer påden same musikalske botnen.

-- Er det Saudas sjel de formidlar?


-- Det òg! seier Brendeland.

-- Noko av det flotte er Reidars stemme. Han greierå uttrykkja seg like presist som Einar Rose gjorde det dåhan song på oslo-målet, seier Fløgstad.

“Ei god stund” inneheld ei salig blandingav ulike musikkformer; av rock'n roll, slagermusikk, gammaldans,salmesong, arbeidarkor, folkesong og protestviser.

-- Tekstmaterialet kravde variasjon. I “Fyrog flamme” er til dømes rallarviser. Elles er detfleire klassiske songar og det er popballadar.

-- Det finst også ei arbeidarromantisering?


-- Båe kjem me frå eit arbeidarmiljø.Eg kjenner behov for å feira dette miljøet; å gje det verdigheitog framstilla styrken i det, seier Kjartan Fløgstad.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |