Dag og Tid nr. 45, 7. november 1996

På tomannshand:
Harald Stanghelle

Heime på Stanghelle gøymde faren unna Dagbladet, slik at ungane ikkje skulle få sjå den syndige sex-spalta. Ein gong i ungdomstida måtte den unge Harald kjøpe opp ei utgåve av avisa, slik at faren ikkje fekk lese om sonen sin svirefulle ferd i hovudstaden. I dag har han vore sjefredaktør i faenskapen i over eitt år.

TEKST: DAG HELLESUND

Det første han spør om når eg treffer han i Dagblad-huset, er om vi ikkje kan gå ned på Håndverkeren og ta ein øl. Det er laurdag ettermiddag, og sjefredaktøren syns han har fortent ein tur ut av kontoret sitt. På vegen treffer vi eit par utflytta vaksdalingar Harald Stanghelle ikkje har snakka med på ti år. “Vi kjøper Dagbladet,” seier dei. Stanghelle smiler. Fordi han har treft gamle kjente, eller fordi dei kjøper avisa hans.

- Siste gongen eg blei frelst var det på Justøya med John Olav Larsen som predikant. Det gjekk over stokk og stein ein periode. Men det er sånn at du har ein periode i livet då du søker og leitar, forkastar og arbeider deg fram. Dei fleste av oss ber oss sjølv med oss kor vi går, og det er jaggu ei tung bør å bere på. Vi leitar og famlar, og i beste fall vert vi menneske til slutt, om ein skal ha eit slikt pretensiøst mål i livet.

Harald Stanghelle ler over tidlegare tider i hjorden. Han har gjort opprør mot mange autoritetar, og Gud er sjølvsagt blant dei.

- Du kan vel rekne med å brenne mange år i helvetet for di tid som redaktør i Dagbladet?

- Det krev jo at du har eit aktivt forhold til eit aktivt helvete. For dei av oss som ikkje har det, men som ser helvetet i ulike variantar til dagleg rundt oss, så blir det eit hypotetisk spørsmål. Eg synest det er meir enn nok å uroa seg for i dette livet om ein i tillegg skal uroa seg for det neste.

Og som sjefredaktør i Dagbladet har han nok å uroe seg for. Opplaget har falle fritt ei tid, og det er ikkje sikkert det er over enno. 50 personar må gå for å spare pengar. Sjølv tar han ut oppunder ein million i lønn.

- Om det er rettferdig, veit eg ikkje. Eg har ei god lønn, eg, men ikkje så bra som dei andre redaktørane i Akersgata. Eg tener noko meir enn den best betalte journalisten i Dagbladet, men eg trur eg har ei litt dårlegare timelønn enn fleire i redaksjonen. Men er det rettferdig å betale ulik lønn? Det er kanskje det.

Opplagstala til Dagbladet har i haust stabilisert seg litt, men Harald Stanghelle heller kaldt vatn i blodet til dei som trur botnen er nådd.

- Eg trur at ein gjer dumt i å tru at den nedgangen tabloidavisene har hatt er slutt. Det dreiar seg om kamp om folks tid, om eksplosjonen i etermedia. Det er pinadø berre fire år sidan Noreg blei eit skikkeleg fleirkanals samfunn. Andre ting trekker i same retning. Mange av dei klassiske tabloidgrepa finn du no i abonnementsavisene, som til dømes dyrkinga av eigne saker i staden for det sams nyheitsbiletet. På mange måtar er tabloidjournalistikken den sigrande journalistiske ideologien. Med det meiner eg at for fire år sidan kunne du komme i ei abonnementsavis med ei nyheit om at sjukehuskøane hadde vakse med 600. I dag vil ein kvar redaksjonssjef seie: “Kvar er menneska bak? Gje meg ein av dei som står i den køen!” Det har skjedd ei utvikling der ein dyrkar nærleiken, dyrkar menneska bak tala eller nyheitene. For få år tilbake var tabloidavisene aleine om den typen journalistikk.

Harald Stanghelle kjem frå ein indremisjonsfamilie. Han var åtte år då det kom gjennomgangsveg til den vesle bygda Stanghelle, som ligg midt mellom industristadene Dale og Vaksdal. Kvar gong det kom ein bil, sprang han for å opne grinda.

Når faren kjørte ut varer frå landhandelen til familien med hest og kjerre, sat han på lasset.

Veslevaksne Harald fann raskt si hylle her i livet, truleg i ein settekasse. Saman med broren John, som no er journalist i Vårt land, ga han ut stensilavis som tolvåring, og frå 15-årsalderen jobba han fast som journalist.

Opprøret starta òg tidleg. Men det blei ikkje rock og hippieliv på Harald.

- Det verste du kunne gjere i Vaksdal var å bli høgremann. Og sidan eg var på desperat leiting etter ulike former å gjere opprør på, blei eg det. Dessutan var eg litt fascinert av alt preiket om den personlege fridomen. Eg har vel etterpå skjønt at det var meir ord enn gjerning.

Og slik gjekk det til at Harald Stanghelle 14 år gammal stifta lokallag for Unge Høgre i Vaksdal. Aftenposten brukte ei side på den unge konservative, og Harald fortalde at det var litt plagsamt å vere kjendis. “Jeg opplever til og med å bli stoppet på gaten i Bergen. Folk tror jeg ikke har annet å gjøre enn å diskutere politikk”, sa fjortenåringen til Aftenposten. Politisk interessert har han vore sidan han var elleve, og hevdar difor at han har fått med seg ti år meir av det politiske livet i Noreg enn andre på hans alder.

Å fornekte gudstrua og indremisjonsbakgrunnen var òg ein del av det personlege opprøret i 13-14-årsalderen, eit opprør han i dag omtaler som “beinhardt”.

Bakgrunnen gjorde òg at Harald Stanghelle ein gong måtte kjøpe opp ei utgåve av Dagbladet. Han var utsend som journalist frå Dag og Tid for å dekke publiseringa av boka Nordiske drikkeviser. Presentasjonen utvikla seg, og Harald Stanghelle song viser av favorittrubaduren Taube. Det blei seint og lystig. Men ein journalist frå Dagbladet var edru, for han skulle skrive om presentasjonen i avisa dagen etterpå.

- Dagbladjournalisten omtalte min songlege innsats. Eg tenkte jo ikkje på at han kom til å omtale dette her, og då eg las det, forstod eg at far min kom til å bli forferdeleg lei seg om han fekk lese det. Så eg ringte til ein venn av meg på Stanghelle og sa at han måtte kjøpe opp heile opplaget av Dagbladet, så ikkje far min eller nokon som stod han nær fekk lese det.

- Frå butikken til far din?

- Nei, er du spinnande galen! Han dreiv ikkje med sånt. Det var to ting han ikkje selde: Dagbladet og alkohol. Han selde ikkje eingong Brigg. Han ville ikkje ha slikt svineri.

Skoleverket fekk òg sitt å stri med då Harald Stanghelle organiserte ein streik mot normerte prøver i ungdomsskolen. Rektor var òg mattelæraren hans, noko Stanghelle meiner var ei viktig årsak til at han fekk karakteren Lite godt i faget. Ein ufullstendig ungdomsskoleeksamen er den einaste formelle utdanninga han har.

- Korfor måtte du gjere eit så kraftig opprør?

- Ja, korfor gjer ein opprør? Det er vel fordi rammene er for tronge. I alle fall måtte eg det.

I dag er Harald Stanghelle ein 40 år gammal mann, og over det verste opprøret. Stor av vekst er han rett nok ikkje med sine 162 centimeter, men det har ikkje hindra han i å komme seg opp og fram. Allereie som 19-åring blei han redaktør i Vaksdalsnytt, før han drog til Grønland. Der var han rekefiskar, budde saman med inuitane, og jakta sel og rein saman med dei. Seinare var han i FN-styrken i Libanon. Eitt år var han vikar i Dag og Tid, og har sidan jobba i Arbeiderbladet og Aftenposten. Hjarteinfarkt fekk han som 33-åring.

- I periodar av mitt liv har eg vel levd opp til journalistmyten, der grensene mellom hardt arbeid, eit aktivt uteliv og eit turbulent privatliv er heller flytande. Men eg har vel jobba nok òg til å vise at det ikkje berre har vore det. For å seie det sånn, du blir ikkje sjefredaktør i Dagbladet av berre å rangle.

- Men du tilstår altså diverse damehistoriar, både på Tostrupkjellaren og på Grønland?

- Eg har ikkje behov for å tilstå noko som helst. Eg tilstår at eg har levd, med alt det inneber.

- Men er det derfor du aldri har reist tilbake til Grønland?

Harald Stanghelle ler, mens han fingrar litt med tannpirkarglaset på bordet.

- Det er ikkje sikkert at ein alltid skal insistere på å treffe seg sjølv i døra, det er ikkje sikkert at alt skal ryddast opp i. Kanskje kan det få ligge der. Det er ikkje alle besøk i gamle minne som er like vellukka.

- Det blir sagt at Nansen har hundrevis av etterkommarar i ei lita bygd på Grønland han måtte overvintre i. Kjenner du deg igjen?

- I motsetning til Nansen var eg på Grønland i ein tidsalder med prevensjon.

No har Harald Stanghelle slått seg meir til ro. I mange år har han vore sambuar med skodespelaren Britt Langlie. Somme seier det var kjærleiken, skrive med feite krigstypar, som fekk mannen til å roe seg. Ryktet vil ha det til at Harald Stanghelle ei tid gjekk på kvar einaste forestilling ho var med i. Etter stykket ga han ho ein bukett roser, kvar einaste gong.

- Kor mange rosebukettar ga du til Britt Langlie før de kom saman?

- Slikt snakkar eg ikkje om.

- Du har ikkje barn og er ikkje gift. Har du aldri vurdert det?

Tabloidredaktøren ler litt brydd.

- Eg veit ikkje. Eg snakkar aldri om privatlivet mitt. Personleg kan eg vere offentleg, men ikkje privat.

- Men private ting er jo noko ein må spørje om i eit portrettintervju?

- Jo, men det er frivillig å svare. Eg har trekt ei grense, og det er privatlivet mitt. Eg kan snakke om episodar frå mitt eige liv, men mitt giftarmål, skilsmål, barn eller ikkje barn, tilhøyrer ikkje det offentlege rommet. Eg meiner også at dersom meir eller mindre kjende menneske ønskjer å trekke desse grensene, skal dei få lov til det. Nokre av dei mest kjende menneska i Noreg har vald å seie at privatlivet er privat. Tor Erling Staff eller Claus Wiese vil for eksempel aldri svare på desse spørsmåla.

- Eg har valt å trekke ei grense der. Noko skal ein ha for seg sjølv, ein kjem alltid til ei dør i eventyret ein ikkje skal opne. Når NRK no skal lage fem program om folk som har hatt ein hjartesjukdom, så har eg sagt ja til å vere med på det. Samtidig har eg sagt nei til alt som går på heimen. Dei får filme meg i Dagbladet, viss eg går på kafé, men ikkje heime.

Heime er han heller ikkje så mykje, for å legge om ei av dei største avisene i landet tek tid. No har han jobba med saka i over eitt år, men langt meir enn eitt årsverk.

- Har du fått gjort det du ville i Dagbladet?

- Nei, det har eg ikkje, men vi er på ganske god veg. Vi er blitt betre i å drive profilert meiningsjournalistikk, noko Dagbladet har eit sjeldant høve til. Det syns eg vi har lukkast med. Vi er snart ferdige med å rydde opp i den bilagsjungelen Dagbladet hadde. Min tanke har vore å lage ei kjerneavis med det same strukturen veka igjennom. I dei nye bilaga skal vi dyrke ordet og biletet, og her er vi òg godt i gang. Vi er komne ganske langt i å utvikle nye, journalistiske bein å stå på, i form av nyttejournalistikken, men vi er ikkje gode nok, enno.

- Korleis kjem avisa til å sjå ut i framtida?

- Eg er ganske sikker på at vi kjem til å drive med meir søkelys-journalistikk i framtida enn vi gjer i dag. Og så er eg heilt sikker på at vi kjem til å gje meir bakgrunn for nyheitene enn det vi gjer i dag. Vi har eit sjeldant høve til å gjere det med personleg stil.

- Du har bakgrunn frå både Høgre og Sosialistisk venstreparti. Passar ikkje det dårleg med den gamle venstreavisa Dagbladet sin liberale profil?

- Eg håpar eg blei vald fordi eg er samfunnsengasjert. Som journalist og kommentator høyrer eg til ein kritisk tradisjon. Eg kom til Arbeiderbladet på ei tid då ein slapp til med andre meiningar enn partiet sine, berre dei var godt argumenterte. Aftenposten var òg på sitt mest liberale då eg kom dit. Det tok ikkje lang tid før eg fekk skrive kommentarar, og uttrykkje mitt engasjement der. Denne kritiske tradisjonen synest eg er svært enkel å ta med inn i Dagbladet, for han tilhøyrer Dagbladets sjel. Eg kjenner meg ikkje heilt igjen når eg blir omtala som ein profesjonalist som kan vere kvar som helst.

Harald Stanghelle gestikulerer gjerne når han snakkar, og det gjer han ofte. Innimellom let han fingrane gli over skjegget, som om han kjenner etter om det er stussa godt nok. Det går ei eiga glo i auga når han snakkar om noko han brenn for. Til dømes samfunnsjournalistikk.

I 1991 fekk han skup-prisen, den gjævaste prisen norske journalistar kan få. Den fekk han for å ha avslørt Mossad-saka, som førte til at overvakingssjef Svein Urdal måtte gå. Harald Stanghelle fekk leve ut ein journalistisk gutedraum, men det var ikkje det einaste som kom ut av saka.

- Møte med menneske er noko av det mest fascinerande eg opplever som journalist. Eg er litt overraska over kor mange gode vener eg har fått blant dei som i første omgang berre interesserte meg profesjonelt. På min førtiårsdag heldt Svein Urdal ein flott tale til meg. Det er litt stort, for den mannen har ingen grunn til å takke meg. Det eg skreiv førte indirekte til at han mista den mest spennande jobben i norsk politi. Og vi blei venner. Vi et smalahove saman ein gong i året.

- Alt dreiar seg om menneske, alt dreiar seg om kjensler. Eg orkar ikkje sjå på oss som nokon umenneskelege riddarar som ikkje har kjensler. Vi skal kjøre beinhardt på samfunnets maktapparat, men viss vi ikkje er i stand til å skjønne at det er menneskelege kjensler bak, då gjer vi eit brotsverk mot oss sjølve, for då vert avisene våre kalde.

Jobben i Dag og Tid fekk Harald Stanghelle på kjendisbula Tostrupkjelleren i Oslo, der journalistar kan drikke seg fulle i fred og chesterfieldstolar, mens unge, kvinnelege bartenderar skjenker dei.

Dag og Tid les han framleis, så sant han rekk det. Men nokon god målmann er han ikkje. I femten år har han stort sett berre skrive bokmål, og leiarar og kommentarar i Dagbladet skriv han heller ikkje på nynorsk, sjølv om det er rom for det.

- Eg nyttar nynorsk som talemål, men sidan eg slutta i Dag og Tid har bokmål vore mitt arbeidsspråk. Det har eg ikkje noko problem med. Eg meiner at ei avis må ha eit konsekvent språk, og eg trur vi må velje. Dagbladet har ein 126 års tradisjon for å nytte bokmål, og det er neppe det første eg kjem til å gjere noko med. Det kan godt vere at vi burde vere meir liberale enn vi er, men eg har eigentleg ikkje behov for å markere liberale haldningar ved å skrive på nynorsk.

- Sjølv Aasen og Garborg brukte riksmål når dei skreiv i Dagbladet, og Hagbard Berner som stifta Dagbladet var òg den første leiaren i Det Norske Samlaget, som seinare blei Noregs Mållag, seier Harald Stanghelle.

Då Dagbladet for første gang kom ut i 1869, var det for å opplyse folket med ei liberal dagsavis. No blir den nye “nyttejournalistikken” plassert i denne tradisjonen av dagbladleiinga. Folkeleggjorde forskingsresultat som gjer at du kan rekne ut når du skal døy, i alle fall statistisk sett, og tips om korleis du betalar ned studielånet har blitt førstesidestoff. Og det sel. Godt.

- Dagbladet blei skapt i ein opplysningstradisjon. Passar førstesider som “Tørk støv, bli slank”, inn i denne tradisjonen?

- Nei, eg vil ikkje bruke eit så pretensiøst ord på det. Det er ikkje alle oppslaga som har vore like treffande. Men samtidig er det ofte sånn at når ein eksperimenterer med noko nytt, så må ein leite seg fram. Det eg er heilt sikker på er at dette er ein del av den journalistikken som er riktig å drive. Alle førstesidene har sjølvsagt ikkje vore like glupe, men for å seie det sånn, det er jaggu meg ikkje alle førstesidene i Dag og Tid som er like viktige heller. Det veit eg, for eg har gått gjennom dei.   

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |