Dag og Tid nr. 45, 7. november 1996
Musikk:
Annbjørgs fasetterte feletonar
Annbjørg Lien har gjeve ut sin tredje CD. Mest alt stoffet på Prisme har ho sjølv komponert. Elles er plata blitt til i samarbeid mellom svenske og norske musikarar og innspelt i Värmlands skogar.
INGER ROBØLE KRISTIANSEN (NPK)
- Det var ein super måte å jobbe på fordi vi kunne starte tidleg og halde på lenge utan å måtte spreie oss på andre ting. Plata er skapt i impulsivitet der og då, men alle hadde den same magekjensla for målet med plata. Dei svenske musikarane på plata er Roger Tallroth og Mikael Marin. Dei andre er Hans Fredrik Jacobsen, Rune Arnesen og Bjørn Ole Rasch.
Og Annbjørg har brukt heile fargespekteret på den nye CD-en, som inneheld lyrisk melodiøst stoff så vel som det meir rytmiske. Aprilbarnet er ei fødselsdagshelsing til far på 50-årsdagen sendt på kassett frå Bhutan, der Annbjørg var på spelejobb saman med Sondre Bratland.
- Far er ein roleg og lyrisk person. Det er han som har lært meg å spela hardingfele, og sette visst pris på helsinga, seier Annbjørg. Sjølv har ho akkurat fylt 25, så utruleg det enn kan høyrast for alle som har sett henne på kappleikar og på fjernsyn i ei årrekkje.
Fela har ført henne vidt omkring. Ho har halde konsertar og møtt musikarar i alle verdsdelar.
Norsk distanse
- Det er så moro å reise. Overalt har eg prøvd å treffe lokale folkemusikarar og spele i hop med mange. Folkemusikken ligg nærare til daglegmusikken i andre land enn her hos oss. Nordmenn har lenge hatt ein distanse til eigen kulturbakgrunn. Men den norske kulturen held, og er ganske unik. Medan musikksjangrane her i landet er inndelt i båsar, går musikkmiljøet om kvarandre med pop, rock og folkemusikk i dei fleste andre land. Mange musikarar eg møter får eit kikk når dei høyrer opptak av gamle norske hardingfelespelarar.
Prisme
Akkurat dette, at tradisjonane møtest gjennom mange instrument, får nye uttrykk og blir spreidde omkring så nye farger oppstår, ligg til grunn for platetittelen og melodien Prisme. Plata kjem også ut på selskapet Shanachie i USA. Felefeber som kom i 1994 er selt i 4.000 eksemplar i Noreg, og i heile 10.000 eksemplar i USA.
Prisme inneheld også ein springar Annbjørg har skrive til telemarkspelemannen Hauk Buen.
- Hauk har gjeve meg så mykje støtte, både psykisk og musikalsk, og ein del kloke læresetningar eller basisformlar om kva folkemusikken eigentleg er, seier Annbjørg. Ho meiner at det i hennar tilfelle så vel som for mange andre er umogleg å arbeide innanfor dei rammene folkemusikkmiljøet set, at ein skal spela musikk frå sitt eige område.
- Vi har ikkje så sterk hardingfeletradisjon på Sunnmøre, så eg har vore nøydd til å bli ein liten bastard som flyg omkring og tek melodiar eg har lika og gjort til mine eigne.
Musikk-glede
- Det er avgjerande viktig å ha det moro med musikken. Ein må ikkje la hjernen overta fullstendig, så det blir berre teoretisk tenking att. Dei verste kritikarane er dei som ikkje spelar sjølve. Spelemennene vil helst berre spela i fred. Toppspelemennene vil halde konsertar og bestemme sjølve kva rammer dei skal halde seg innanfor. Men det er synd at dei blir borte frå kappleikane. Dei betyr så mykje som førebilete for dei unge. Det hugsar eg vel frå eg sjølv kom med, seier Annbjørg.
I tillegg til Prisme, har ho også vore med på ei plateinnspeling med kvinnelege artistar på plateselskapet The Cieftains i haust. På eitt spor spelar Annbjørg saman med Sissel Kyrkjebø, og saman med to spelejenter frå Dublin og Canada på eitt anna.
- Det var ei kjempeoppleving, både lærerikt og inspirerande å sjå at det går an å vera så avslappa og ha det så moro med musikken. Dei har sanneleg forstått det, seier Annbjørg. Plata kjem ut i USA i november, og i Europa over jul.
På vårparten skal Annbjørg og musikarane på turne både i Noreg og USA med stoffet frå Prisme.
Støtte heimanfrå
Ikkje mindre enn ni prisar har Annbjørg fått dei siste ti åra. Blant desse er Sagaprisen, YS likestillingspris og Øyvind Bergs minnepris, og ikkje minst ei rekkje prisar frå heimemiljøet på Møre; Sula kommune og fylkeskulturprisen, så vel som ærespris frå Sparebanken Møre.
- Denne veldige og solide støtta heimafrå, frå grasrota til næringslivet, set eg umåteleg stor pris på. Eg er veldig heime-kjær, glad i det heilt nære nettverket, og den stabile faktoren som denne støtta utgjer. Det ligg til menneskenaturen å ville ha nokre stabile krokar. Om ein fer rundt som eit romskip, kan ein fort kome i feil retning, seier Annbjørg.
|