Dag og Tid nr. 45, 7. november 1996
Bokmelding:
Blikket skjerpt og senka
Høsten er et påskudd, diktdebuten til Wetle Holtan er ujamn, men inneheld mange og gode nok tilløp til at eg vel å ta han på alvor, skriv Atle Christiansen.
Wetle Holtan:
Høsten er et påskudd
Kolon Forlag
Wetle Holtan debuterer i år med diktsamlinga Høsten er et påskudd. Det som i første omgang kan sjå ut til å vere ein debutant som i ungdoms-iver spring i skjørtekantane til dei kjappe replikkane, er ein avmålt debutant som like fort kan hamne i faldane til den strenge norske diktinga.
I debutboka til Wetle Holtan finn vi slike ungdomslette linjer: distanse som demrer/ jo lenger ned i mudderet du glaner og Hjernesvinn er skallens brød og sirkus (...) et patostryne kan skimtes/ bak hvite gardiner og Jeg ligger og lurker i en bakevje og Det hender/ jeg tar spasmer på fersken. Det er ungt. Det er kult. Det er hipt og uforpliktande. Det er poetiske øvingar i opptrakka spor. Holtan gjer som nybegynnarar bør gjere; han etterliknar. Han låner til dømes aggresjon og hånflir frå det antipoetiske i poesien til Øyvind Berg. Det er fint. Det er riktig å herme etter dei som har fått det til før.
Uferdig
Titteldiktet i Holtans debutbok let seg karakterisere på mange vis: Det er ein god impresjon, det er ei vellykka visualisering av noe som er sett og sansa presist, og det er ein god kopi av baksidene av steinane til Tor Ulven og Tarjei Vesaas:
HØSTEN ER ET PÅSKUDD
små sølepytter/ har fått is til skjold/ i lyset fra en lommelykt/ ser jeg kantrede insekter/ på ryggen i mørket/ de som ble værende her/ av en eller annen grunn
Holtans debutbok er uferdig, og det er som det skal vere, ein kar frå 1970 skal ikkje vere ferdig. Men det er slett ikkje berre uforpliktande og ungdomslette linjer som pregar denne boka, her finst gode linjer som prøver å registrere omverda så konkret og presist som mogleg også. Det ligg ein vilje til å ville unngå å nytte seg av forslitne og forterpa poetiske gloser hos Holtan, jamvel om han øver seg i enkelte opptrakka spor. Han vil registrere det som let seg sanse, og her viser Holtan at han ikkje diktar som ein svev- og tankelaus tingdiktar utan syn og sans for at tingen kan vise utover seg sjølv. Holtan ser ut til å dikte med medvitet om at tingen - landskapet, bilda vi omgir oss med - så å seie kan innta eller bli overmanna av meirbetydning når mennesket tolkar tingen. Dermed viser tingen utover seg sjølv, han kan bli symbol for noe anna enn seg sjølv.
Synssjekk
Det er den reine tingen eller det sansa inntrykket Holtan vil fange, men han er merksam på mennesketankens pussige talent for å lese symbol og verteikn inn i omgivnadene, han er klar over vårt underlege talent for å lese noe abstrakt og dunkelt inn i det konkrete og openberre:
JEG LUKKER OPP VINDUET
for bedre å kunne se dagen/ ved nærmere øyekast/ ligner den tente talglys/ rundt gravene ved juletid/ mitt barkfaste hjernevev/ lar seg så lett smigre/ meg jeg forsikrer/ at det er på denne måten/ man lettest unngår hjerteskimmer/ og gravgnål
Tre gonger blir blikket eller synet sjekka og skjerpa i dette diktet. Først blir vindauget opna for å sjå den konkrete kvardagen. Deretter blir dagen samanlikna med noe han ser ut til å vere, men til slutt - og for det tredje - blir samanlikninga kollkasta ved at diktar-eget peikar på kor lett mitt barkfaste hjernevev/ lar seg (...) smigre.
Konklusjonen er at diktar-eget i møte med det konkrete får skjerpa eller skal vi seie senka blikket sitt mot det jordiske og konkrete. Hjerteskimmer og gravgnål er noe uønskt i dette diktet, og det skal truleg lesast i retning av hjerte-smerte-avsporingar og avsporingar i retning av død-og-himmel-lengt. Diktar-eget unngår desse feiltolkingane ved å måle den konkrete dagen mot fleire augnekast.
Ujamn
Det som i første omgang kan sjå ut til å vere ein debutant som i ungdomsiver spring i skjørtekantane til dei kjappe replikkane, er ein avmålt debutant som like fort kan hamne i faldane til den strenge norske diktinga som ikkje vil seie for mye, men ha alle orda sine i behald. Debuten til Holtan er ujamn, men inneheld mange og gode nok tilløp til at eg vel å ta han på alvor.
Atle Christiansen
|