Dag og Tid nr. 44, 31. oktober 1996

Bokmelding:
Draum eller krise?

Ragnar Hovland har til dels lukkast med å skrive ei underhaldande bok, skriv Dagne Lund om romanen “dr. Munks testamente”.

Ragnar Hovland:
dr. Munks testamente
Samlaget

Kva gjer at tre menn i 40-åra, tilsynelatande fornøgde med tilværet, bryt banda som bind og forpliktar dei i nærmiljøet og legg ut på ei reise i alle fall to av dei ikkje har aning om meininga med?

For denne lesaren ligg dette spørsmålet under i Hovlands nye roman dr. Munks testamente, utan at Hovland korkje stiller spørsmålet eksplisitt eller gir svar i løpet av forteljinga.

Hovland fortel historia om Munk, Waglen og Forteljaren, tre vener frå ungdomsåra som bygde ein fellesskap rundt mellom anna det at dei spelte i rockebandet Saba de Luxe saman. 20 år seinare møtest dei att og den “åndelege leiaren” deira, Munk, har ein plan om at dei skal stable eit nytt band på føtene og turnere Noreg med ei førestelling.

Let seg rive med

Både Waglen, videoforhandlaren frå Sogn med kannibalfilmar som spesialitet og eit språk og eit livssyn som lever opp til alle dei fordommane ein måtte ønske seg om folkelege videohandlarar og lokale AP-politikarar, og Forteljaren, ein halvintellektuell og lettare misantropisk lektor av få ord og beste vestlandskvalitet, møter prosjektet med skepsis og motførestellingar, bundne som dei er i etablerte, trygge familietilhøve med ansvar både for jobb og ungar. Men utan dei store grunngjevingar og konsekvensanalysar let dei seg rive med, anten det er utstrålinga til Munk, alkoholen som naturleg høyrer med til diskusjonar der viktige spørsmål skal avgjerast, minna frå den tapte ungdomen eller noko heilt anna som overtyder dei.

Gjenforeininga blir ei reise både i Noreg og Europa, der mykje vin, øl og damer blir konsumert og mange evige og meir flyktige spørsmål i livet diskutert utan at påtrengjande konklusjonar blir trekte. Målet med reisa er for Munk å finne sin nyoppdaga, ukjende og vaksne son som studerer i Heidelberg. Hindringar på vegen møter dei i ein grad som er eit eventyr verdig og nett før dei er framme ved målet, opplever dei Walpurgis-natta i eit vertshus i ein tysk landsby. Natta då fanden sjølv skal vise seg i menneskeskapnad; det blir sjølvsagt ei natt med konsekvensar.

Diskuterer kulturlivet

Synsvinkelen i boka er lagt til Forteljaren, som nok har ei viss interesse av å underkommunisere si eiga rolle i forteljinga og sine eigne motiv for handlingane sine. Vi blir derfor betre kjende med Munk og Waglen, særleg i dei mange dialogane, der dei er sette opp mot kvarandre i kontrast; den noko utlevde, intellektuelle originalen og sjølvoppnemnde åndshovdingane med ein viss kultstatus, og den bannande og vulgære, litterært belesne og insisterande folkelege videodeltaljisten.

Smått og stort i kulturlivet blir diskutert og allusjonane til både folkeleg og meir elitistisk kultur er mange, frå den uunngåelege Clint Eastwood til meir sære kultfenomen som Kaurismäki. Og sjølvsagt spøkjer lagnaden til John Lennon i bakgrunnen, vi har då å gjere med førtiårige rockeartistar, og då treng vi ein Mark Chapman som kan fungere som spenningsskapande frampeik i forteljinga.

Mannsdraumen

Populærkulturens makt over medvitet er demonstrert til overmål i denne boka; knapt ei setning blir ytra utan at ho knyter linene til våre kollektive erfaringar frå kinosalen eller platerillene. Og desse tre modne(?) mennene syner også korleis språket frå folkedjupet, frå mannens djupaste stader, er plassen der sjeler kan møtast og fellesskap oppstå.

Eller syner dei det motsette? Som Munk uttrykkjer det i noko som nærmar seg ein seriøs dialog mellom han og Forteljaren i lugaren på Kiel-ferja:

“dette skulle bli ei slik reise der alle seier det dei meiner, og må stå til rette for det...Vi som driv slik med ord...vi treng mykje kjærleik...Vi sit stort sett og pratar drit. Sjelden har vel nokon hatt så bruk for Nåden som oss”

Kva driv eigentleg desse tre med ñ lever dei ut mannsdraumen og mannsfellesskapen eller er dei tre såre sjeler på flukt frå noko vanskeleg og keisamt, mot noko ukjent, spennande og lovande som livet ein gong hadde synt dei? Jaktar dei på meininga med livet og finn damer, vin og son(g)?

Eg tykkjer ikkje boka gir noko svar på dette og som lesar synest eg at dette er noko av det gode med ho; Hovland er open i måten å fortelje dette på, og han gjer meir for å opne for spørsmål hos lesaren enn å gi svar. Og slik gjer han det mogleg for meg å sjå spørsmåla frå litt andre vinklar.

Frodigheit

Det er mogleg å lese dette konfirmerande; slik går det med menn som aldri blir vaksne og som har som livsprosjekt å rømme attende til evig ungdom heile livet. Som kvinneleg lesar i 1990-åra kunne eg godt leggje an ein slik synsvinkel og skrike høgt og lenge om kvinnebiletet i boka. Det har eg valt å ikkje gjere, eg vil heller vere ein sympatisk innstilt lesar som let meg leie inn på dei stiane Hovland tek meg og for der å kikke på dei trea og dei fuglane han syner meg. Då blir ein slik moraliserande lesemåte ikkje så interessant.

Her ligg mykje frodigheit i skildringane av desse eventyrlystne mennene, her er livs-gneist og vilje til å gjere noko i livet som kan hende kostar meir enn det smakar. Det er ikkje gitt at svaret er å seie med Voltaire: “Il faut cultiver son jardin”. Men så sit heller ikkje Cunegonde eller Solveig og ventar på mannen sin i 1990-åra...

Hovland har nok vilja ñ og til dels lukkast med ñ å skrive ei underhaldande bok. Farten er stor, handlinga blir driven framover i ei forteljing som låner strukturar frå både eventyr og action-film. Tilfelle, hindringar, hjelparar og hendingar driv handlinga framover, refleksjonar og medvitne val er tilsynelatande fråverande som retningsgjevande element i livet til menneska.

Kan hende er det slik livet er, og ein god grunn for Forteljaren, representanten for offisiell norsk fornuft (lektor i vidaregåande skule) til å halde att på tankane rundt sin eigen lagnad i dette? For blir han verkeleg meir styrt av drifter og halvt erkjende draumar enn av fornufta?

Folkeleg forteljing

Hovland er ein forfattar som trivst i mange sjangrar, og han har blanda godt i denne boka òg. Boka er kalla ein roman og er på overflata ei samanhengande forteljing eg kan tru på, om eg godtek overdrivingane og dei litt surrealistiske skildringane som korleis dei tre subjektivt tolkar verda. Her er innslag av (ikkje akkurat høgttravande) lyrikk, kokebok, brev og skisser.

Diktaren sjølv har ordet i dei lyriske innslaga, der han svært konkret fortel og kommenterer hendingane. For meg er det ein peikepinn om at dette er ei folkeleg forteljing om livet slik vi lever det og fortolkar det ut i frå dei fortolkingsrammene vi har erverva oss.

Tonen i boka er lett og humoristisk og humoren ligg mykje i skildringa av dei tre typane Hovland har skapt og som eg trivst godt saman med. Humor er det òg i dei saftige og på ein gong formularmessige og overraskande replikkskifta deira (her ligg det overraskande ofte i blandinga av den høge og låge kulturen), og i dei patetiske situasjonane Hovland lét dei hamne i, utan å fordømme dei av den grunn.

Litt trøyttande blir all bannskapen i lengda, sjølv om han illustrerer språkets avmakt med all ønskjeleg tydelegheit. Men dei tre har vel lært der dei har blitt sosialisert; hos Clint Eastwood & co: “Ein mann er ein mann er ein mann”. Og det er visst sanneleg ikkje så lett heile tida(?)!
Dagne Lund      

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |