Dag og Tid nr. 43, 24. oktober 1996

På tomannshand - Else Michelet:
Ho som trampa på vår tru

- Humor og satire går rett til hjartet, utan å ta omvegen om hjernen. Difor blir det så sterkt, seier Else Michelet. Sterkt for mørkemenn og minotaurar i Gruve 7, når ho trampar på vår tru. Etter at Dagen-redaktøren blei råka av ein djevelsk urinlekkasje, fekk ho fy-fan-post i bøttevis. Men det går framover, slår Hallo i uke-produsenten fast.

TEKST: JOHAN BROX

Eg såg henne for fyrste gong i Longyearbyen i 1983. Ho såg ikkje meg. Det var mørkt på Huset, kolgruverampen treng lite lys. Men ho var ein framand fugl. Slike som før varsla gass i gruvegangane, dei fell i uvit før folk.

- Eg var nervøs den kvelden, lokalet var ikkje godt, eg fekk ikkje skikkeleg kontakt med folk der i mørkret, minnest ho.

Men me såg, 50 mannfolk glodde på ei einsleg kvinne. Slikt høyrer kvardagen til på Svalbard. Men denne kvinna fortalde og song for oss. Om Skapningens herre og andre eventyr. Det var ikkje kvardagskost.

- Det var den fyrste heilaftens framsyninga eg laga. Ho slutta med eventyret om Espen og Askepott, og min eigen tekst på “En liten gylden ring”.

Askeladden dultar til Askepott så ho trør i ei bleie. Ho er ei sjuske, seier han. Men Askeladden er ikkje håplaus. Han er den mest sympatiske mannen Else Michelet har skildra litterært.

- Kan hende, det. Dei sit begge fast i kvart sitt rollemønster. Og det er ho som fyrst trakkar på Askeladden. Kaldt og nådelaust. “Du er ingen prins”, seier Askepott.

- Og fuglane veit kor mange gonger eg har spela denne førestellinga, likevel er eg ofte gråten nær, etter å ha fortald eventyret om Askepottladden, seier Else Michelet.

Ho har skrive bøkene “Sin egen herre”, “En annen historie” og “Ariadnes tråd”, omsett Asterix, og dikta songar og kabaretar til dei mest ulike føremål.

Som då Den norske lægeforeningen møtte Sosialkomiteen på Soria Moria slott. Ho opna sjølvsagt med Skilpaddesongen, som tonar ut med at “jeg må hvile nååå”, på ein djup, molltung C. Så var ho tørrvittig: “Før ville det hete at han blottet seg, men nå henger han ut hele etaten”, og så bortetter. Og legane lo. Ho fantaserte om han som måtte smaka sin eigen medisin i gynekologstolen; og då smilte legane forsiktig, og Else “fekk ei melding på øyra”: Vil den som korkje ler eller klappar vera gild å ta seg saman, elles kan han bli skulda for å vera min psykiater, sa Else Michelet strengt, før ho logga ut med song: “Vi kan ikke ta i høyt nok når vi synger legens priiis”.

Det er taktikken: Else Michelet får oss til å le av oss sjølve. Så forlet ho oss i undring. Om me kanskje heller burde gråta?

- Eg lærte å lesa veldig tidleg, og var alt-etande. Dessutan hadde eg ei fornuftig og morosam mamma som fora meg med “Græske gudesagn for Børn” alt som seks-åring. Eg var på førenamn med Tesevs og heile gjengen før eg byrja på skulen, historiene er jo så spennande! Som vaksen møtte eg desse gudane att, då eg førebudde “En annen historie” og verkeleg grov meg ned i religionshistoria, for å koma på baksida av dei greske mytane. Eg måtte vita kva røyndom dei var fordreiingar av.

- Du som er så oppteken av gudar, trur du på nokon av dei?

- Nei, eigentleg gjer eg ikkje det. Men eg prøver å tenkja meg noko som er større enn oss, som har med årstider, med rytme å gjera, noko som må ned i jorda, og som gjenoppstår. Ein livssyklus. Men at der oppi ein sky, eller i ein tretopp, skal finnast ein arrig mannsperson eller for den del ei sterk og fyndig kvinne, som seier Skal! Skal ikke! Nei, nei.

Det har ikkje alltid vore like moro å hevda slike meiningar. Heller ikkje i NRK, som har vore litt av eit gubbevelde, blir det sagt. Men ikkje av Else Michelet.

- Eg veit ikkje kor mykje du bør skriva om dette. Men det stemmer at det måtte krigast ein del før eg blei fast tilsett. Og då skjedde det nok mot ein del personars uttalte og mindre uttalte ønske.

- Vil du nemna dei ved namn?

- Nei. Ikkje no.

- Men dei var middelaldrande, middelmåtige menn...

- Middelmåtige ville eg ikkje ha sagt. Men gubbar, det var dei på ulike vis. Eg blei fast tilsett i -74, opptakten til kvinneåret. På den tida blei jo menn oppover i systemet provoserte, truga! av at me i det heile tatt skulle laga program!

- Det har gått framover, òg i NRK?

- Ja, det har skjedd mykje på desse 20 åra.

- Nok?

- Nei, det har det ikkje. Men mykje. Det er mest så ein skulle tru at det har nytta litt.

- Har feministane blitt til overs?

- Nei. Med jappebølgja fekk rett nok ein generasjon ganske historielause, vellukka unge kvinner. Som kjem og seier at det er sjølvsagt at eg skal ha utdanning, jobb og avansement. Men feminisme - fytti rakkaren!

- Det er provoserande. Utan at feministane i tidlegare generasjonar hadde stått på barrikadane, hadde dei ikkje hatt nokon jobb, og inga utdanning. Då hadde dei sete heime med nuperellene og venta på den rette. Og når fyrste barnet kjem, merkar dei at det likevel er eit stykke att, før likestillingsarbeidet er fullført.

Else Michelet valde radioen av di ho er oppteken av å kommunisera med ordet. Dessutan har radioen finare bilete enn fjernsynet.

- Eg har aldri hatt lyst til å prøva meg på fjernsyn. Fjernsynsbileta forstyrrar det dirrande som ligg i ei oppriktig stemme, som seier noko veldig til deg.

- Og det skjer på radioen?

- Ja. I gode og store og riktige stunder, skjer det, påstår ho.

Eg har ikkje lenger TV, men klokkeradio, bilradio, kjøkkenradio, kortbølgeradio. Alle står på P2.

- Stadig fleire seier dette. Etter kvart som fjernsynet forfleirar seg sjølv, oppdagar dei radioen. Som er ei større utfordring, og samtidig mykje meir avslappande. Du kan tassa rundt og halda på med dine små syslar. Radioen har kome for å bli, seier me til fjernsynsfolka. Då blir dei sure...

“Hallo i Uken” er “Kulturkanalens nest morsomste program”. Mange spør seg om kva er det mest morosame. Det må dei halda fram med.

- Det svarar me ikkje på. Aldri!

Hallo i uke-sjefen er ubøyeleg. Og rappkjefta, når ho rundar av programmet med sitt “blablablabla - og produsent Else Michelet”, skulle ingen tru at ho er trønder. Men det er Else Michelet.

- Eg elskar det programmet, og me har eit team som dreg godt i lag og tek vare på kvarandre. Me hadde ikkje klart dei fredagane elles, seier ho.

Hallo i Uken-fredagen startar før sju, med 70-80 manussider som skal vurderast, reduserast og reproduserast. Skodepelarane kjem klokka halv ni, og kan ofte berre bli eit par timar. Etterpå kan Else Michelet og Are Kalvø lydleggja og sy saman sendinga.

- Er me ferdige til i 10- eller 11-tida om fredagskvelden, reknar eg det som bra, seier produsenten. Men verket blir krona på laurdagen.

- Då kan me òg få med dei siste nyhenda. Og ta ting ut, om nokon me omtalar har døydd i ei bilulykke i løpet av natta. Ein må alltid ha høve til å ta ting ut, Hallo i Uken er eit program som held snørr for seg og bartar for seg.

- Som sparkar, men ikkje dei som ligg nede?

- Nei, ikkje dei. Du tek folk for det dei gjer i eigenskap av offentleg person. Du går ikkje på privatlivet deira, på private eigenskapar.

- Då Thorbjørn Jagland sleikja Haakon Lie, så var det i arbeidstida?

- Nettopp, det var partileiaren Jagland. Dette er nok noko av det grellaste me har sendt, og eg trur radioen gjorde det sterkare enn kva fjernsynet kunne klart. Å sjå ein fyr som ligg og sleikjer skoa til Haakon Lie, blir lett ganske plumpt. Men når du berre høyrer slafsinga og pustinga og pesinga, då blir det sterkt!

- Det er ikkje berre underhaldande at ein skosleikjar blir vår neste statsminister. Tek de også småpartia?

- Når toppolitikarar i Senterpartiet eller Kristeleg Folkeparti uttalar seg om godtfolk, er det politikarane som representerer makta. Sjølv om dei sit i opposisjon på Stortinget. Me held oss til “Elsters lov”. Han sa: “Satiren må per definisjon alltid rettast mot dei med makt. Aldri mot dei utan makt”. Og så kom den nydelege presiseringa: “Då meiner eg ikkje berre økonomisk og politisk makt, men også ordets makt”.

- Slik at de kan ta oss journalistar?

- Når kronprinsesse Märtha blir fotfølgd av pressa, då er ikkje ho makta. Makta er dei som ligg på lur i buskene med telelinser. Prinsessa er den makteslause. Slik må me sjå kvar situasjon.

Avisene grafsar på ein måte som blir meir og meir forferdeleg, meiner Else Michelet.

- Eg snakkar om den såkalla “bulevard-pressa”, og fy faen for ein bulevard, spør du meg. Når me lagar satire på avisoppslag kan me gå så langt me berre vil; neste veke vil dei likevel overgå oss. Som då Dagbladet slo opp “myrdet luksusprostituert” på fyrstesida, illustrert med biletet av kvinna i annonsekostyme.

- Då kjørte me veldig hardt og brutalt ut, med ein sketsj der redaksjonen i Dagbladet var horer og hallikar, som fingerte eit mord for å få oppslag i eiga avis.

- Redaktør Bjørn Simensen var jo lei seg, etterpå. Og orsakingane hans blei nærmast ein eigen sjanger.

- Kjøss meg i midt trykksverta! Men det er ikkje like lett for Dagbladet å rykka ut mot seg sjølv, slik dei gjer mot andre. Tenk om dei gravande journalistar hadde intervjua naboane til redaktøren, under tittelen: “På meg virket han alltid så snill”. Ein kunne unna han det av eit stort og vondt hjarte.

- Går du i operaen?

- Det hender.

Ho har det travelt, Else Michelet. Dei eksklusive kabaretane hennar er populære, og tek mykje av tida. Men dei gjev også mykje.

- Radioen og kabaretane utfyller kvarandre. I radioen snakkar du ut i eit vakuum. Difor er det fint å reisa rundt med kabaretane, møta publikum andlet til andlet og sjå om dei forstår kva eg seier, få respons. Eg gjer som eg vil med kabaretane, seier det eg vil. Så får folk ta det, eller la vera. Det er deilig, og går det for lenge utan at eg får hatt ei framsyning, då blir eg litt... arrig.

- Arrig har òg publikumet ditt blitt. Som Arthur Berg i avisa Dagen...

- Det redaktør Berg hadde sett, var fjernsynsversjonen av “En annen historie”, som jo grip inn i hans verd. Det seier litt om kor norsk konservativ kristendom står, når framstillinga av Paulus blei kalla blasfemisk. Orsak meg, men er Paulus Gud, då? Ein apostel, la gå, men han er faen sprette meg ikkje nokon gud! Redaktør Berg fekk seg likevel ikkje til å kalla programmet noko satans piss, som var det han eigentleg meinte. Han kalla det “djevelens urin”. Det synst eg er veldig morsomt! Det synest også Stabell i Dusteforbundet, han laga ein fantastisk teikning - av ein sur, liten djevel som stod og tissa i vatnet, med små ringar rundt. Eg har det i klipp-bunka mi heime. “Djevelens urin”!

Alle reaksjonane ho den gongen fekk er ikkje like morosame. - I telefonar eg fekk frå såkalla kristne som hadde sett fjernsynsprogrammet, blei det brukt ord og uttrykk ...som kunne fått ein sjømann til å gå på land, altså.

- Til dømes?

- Ganske detaljerte skildringar av kva som skulle skje med meg og mine ulike kroppsdelar, med klare nemningar på same, som skulle skjerast i småbitar før dei blei kasta i helvete. Sadistiske, grisete, obskøne skildringar av korleis eg skulle parterast, torturerast og ekspederast til det hinsidige...

- Kva er ...

- Ein ting er å skriva slik: Men dei underteikna med fullt namn og adresse! Det betyr at dei trur det er legitimt, at det er greitt å skriva slike ting til vilt framande menneske.

- Kva er det som..

- Det er ganske skummelt. Dei styggaste breva eg har fått i mitt liv, fekk eg av menneske som viste til Bibelen som grunngjeving for det dei skreiv. Og eg måtte plugga ut telefonen.

- Kva er det som held prestane...

- Det er klart du kan seia til deg sjølv at okei, dette er folk som er forblinda på ein eller annan måte. Men når driten blir stygg nok, kan du ikkje verja deg mot han. Det blir for fælt, å få dei derre bøttene over hovudet.

- Kva er det som held prestane igjen frå å brenna deg i dag?

- Dei er for avslipte, for ordentlege og for skolerte, sjølv om fleirtalet av medlemene i presteforeninga framleis er motstandarar av kvinnelege prestar. Så det skal ikkje stå på det! For å seia det slik.

- For 500 år sidan ville du gått rett på bålet?

- Hadde nok det.

- Då går det vel framover?

- Dei får ikkje lenger lov. Terskelen mot å ta liv har i det heile tatt blitt høgare.

Ho er ganske rå sjølv, Else Michelet. Det er ganske mykje blod og vald og sex i bøkene hennar.

- Eg skildrar samanhengen mellom religion og blod og vald og sex.

- Var alt betre for 5000 år sidan, før mannen kom på banen?

- Nei, eg er glad for at eg lever når eg gjer. Eg har aldri meint å seia at dette er ei forferdeleg tid på grunn av mannen, og at det fanst ei tid då alt var perfekt. Eg vil berre visa at det fanst ei tid då mykje var annleis. Det å seia at kjønnsrollene er naturgjevne eller fastlagde av Gud, er TØV.

- Dette er me etter kvart ganske mange som har greidd å dokumentera. Men det tek frykteleg lang tid før det kjem inn i historiebøkene.

- Ville “En annen historie” ha vekt slike reaksjonar i dag?

- Nei. Å knyta saman arkeologi, religionshistorie, sosiologi og feminisme - det var relativt nytt då boka kom ut for femten år sidan. “En annen historie” var mitt livs scoop. Det fiksar eg ikkje ein gong til. Boka kom ut i ei tid då det gjekk opp for folk kor mykje vald det var i heimane. Eg fekk telefonar frå vilt framande kvinner, som trong hjelp. Krisesentra var ikkje utbygde den gongen. I dag har dei andre stader å venda seg.

Då er det råd å endra verda! - “Hallo i Uken” endrar ikkje verda, men me lettar trykket litt. Det er ein viktig funksjon. Annleis er det med den feministiske bodskapen eg har, som handlar om kva einskildmenneske gjer med privatlivet sitt. Haldningar kan faktisk endrast.

- Det beste dømet eg har på at haldningar kan endrast, er ei vise om barnepornografi som eg har brukt i mange samanhengar. Ho er bygd opp over ein fuglemetafor, sterk - og vond. I nummeret før spelar eg “Alken”, full mann, veldig morosam. “Alken” sjanglar og snøvlar og klagar over at “de tar fra oss bladene”. Folk ler.

- Så kjem songen, som går på Janis Ians melodi “At 17”:

“Løse fugler/ særlig små/ er veldig populære nå/ Dem tar de gilde bilder a'/ og selger det i pornoblad/ De bretter ut bestilt begjær/ der spriker hun i lånte fjær/ Men spede bryst og spinkle lår/ og øyne som er 100 år,/ på video blir fuglen plukket/ hakket og partert og stukket,/ øyenslyst og underholdning/ og hun fylte nesten 12...”

- Etter dette er ikkje “Alken” fullt så morosam lenger. Eg har opplevd at menn har kome bort til meg etterpå for å fortelja at dei nett hadde forstått kvifor kvinner blir så rasande. Dei hadde blitt sitjande og tenkja på døtrene sine.

- Det er dette eg meiner med å gå snarvegen til hjartet, utan å ta omvegen om hjernen, seier Else Michelet. Før ho må fly.      

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |