Dag og Tid nr. 43, 24. oktober 1996

Fredsprisen:
Sølvpengar og sladder til Aust-Timor

- Det verkar som den norske regjeringa no er meir villig til å støtta solidaritetsarbeidet for Aust-Timor. Slik kan ho møta kritikken mot investeringane i Soeharto-regimet. Slik kan forretningane halda fram, seier Jannis Tavridis.

JOHAN BROX

- Me har fått sterke signal frå UD om at dei vil støtta oss økonomisk, dersom me vil starta prosjekt i Aust-Timor. På den måten blir det me som rettar kritikken mot Indonesia. Me kan seia det regjeringa ikkje vil eller tør seia, fortel Jannis Tavridis. Han er leiar for Aust-Timor-utvalet i Studentenes og akademikernes internasjonale hjelpefond (SAIH).

Folkehjelpa

- Me har lenge prøvd å setja i gang ein komite til støtte for Aust-Timor, som ikkje berre omfattar studentar. Det ser det ut som me skal få til no. Komiteen er ikkje formelt stifta, men fleire bistandsorganisasjonar har meldt seg interesserte. Norsk Folkehjelp og Kirkens Nødhjelp, mellom andre. Då kan me arbeida meir aktivt i Aust-Timor, seier Tavridis.

SAIH held fram støtta til menneskerettsprosjektet for unge timoresarar i Australia. Og til våren blir det ein internasjonal konferanse om Aust-Timor i Noreg, i samband med ein landsomfattande kampanje om demokratisering i Den tredje verda, der Indonesia og Aust-Timor òg vil vera eit sentralt tema, seier han.

Jannis Tavridis er såleis glad for at Aust-Timor endeleg har fått merksemd. Men han undrar seg over somme av dei norske reaksjonane.

- Den norske regjeringa gratulerer så hjarteleg vinnarane av Nobels fredspris dette året. Eigentleg har ho liten grunn til å gleda seg over at han gjekk til austtimoresarane, seier Jannis Tavridis.

- Korkje Jens Stoltenberg eller andre medlemer av den norske regjeringa har gjort noko som helst for Aust-Timor. Tvert om, meiner han.

- Då Indonesias utanriksminister Ali Alatas var i Noreg i 1990, fortalde dåverande leiar av utanrikskomiteen i Stortinget Alatas at Noreg aldri har godkjent fridomskampen til austtimoresarane. Og kven var leiar i Utanrikskomiteen? Bjørn Tore Godal, noverande utanriksminister. Og då Ramos Horta vitja i Noreg i 1992-93, blei han møtt med arroganse av norske styresmakter, og på lågaste nivå.

Dagblad-sladder

Tavridis er skuffa over måten Aftenposten, men i sær Dagbladet, har omtala José Ramos Horta på, den eine av dei to fredsprisvinnarane.

- Den norske nobelkomiteen respekterer austtimoresarane sitt arbeid for ei fredeleg løysing. Likevel måtte desse avisene - ukritisk - trykka sladderen om Horta som indonesiarane delte ut.

- Som gav Dagblad-overskrifta: “Hatet av landsmenn”?

- Ja. At også Aftenposten, som går for å vera ei seriøs avis, skulle referera rykta som indonesiarane sette ut, det hadde eg ikkje trudd. Ramos Horta kjempar jo trass alt mot Indonesia - med fredelege midlar. Det var difor han fekk fredsprisen!

Både Dagbladet og Aftenposten refererte frå artiklar som ei forsmådd, australsk elskarinne av Horta skulle ha skrive, som var fulle av privat sladder og udokumenterte påstandar. Desse artiklane blei delte ut av den indonesiske ambassaden i Oslo straks fredsprisvinnarane frå Aust-Timor var utropte.

- Journalistane prøvde ikkje å setja seg inn i om skuldingane mot Ramos Horta held vatn. I staden gjev dei eit fyldig referat av den indonesiske propagandaen.

- Har Dagbladet og Aftenposten på denne måten skadd solidaritetsarbeidet?

- Avisene kan ikkje påverka dei få, norske politikarane som interesserer seg for Aust-Timor. Heller ikkje det internasjonale miljøet. Men dei skadar Nobelkomiteen i Noreg ved å presentera eit skeivt bilete av prisvinnarane for folk som ikkje har så mange andre informasjonskanalar.

Horta ikkje overraska

- Eg har snakka med Horta om dette. Eg spurde om han ville at me skulle tilbakevisa skuldingane i dei norske avisene. Horta svara slik: “Indonesiarane driv med mange typar desinformasjon. Dette er berre ein. Eg kan ikkje bruka kreftene mine på slikt, men om du vil, kan du skriva sjølv”.

- Eg skreiv til Dagbladet same kveld som skuldingane stod på trykk, søndagen etter at fredspristildelinga. Eg forklarte i brevet kva eg meiner om Horta, og sa elles at eg var tilgjengeleg for kommentar. Dessutan gav eg namn og adresse til folk som kjenner José Ramos Horta betre enn eg, og som kan avkrefta eller stadfesta dei indonesiske skuldingane.

- I verste fall bad eg Dagbladet om å trykka brevet mitt som eit lesarinnlegg. Heller ikkje det har avisa gjort, seier Jannis Tavridis.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |