Dag og Tid nr. 43, 24. oktober 1996

Leiar:
Dei forskar, men for kven?

Om nokre år kan du få ein laks som veks fire til seks gonger raskare enn vanleg laks. Forskarar har “ordna” på arvematerialet i laksen ved å setja inn gen frå eit anna fiskeslag.

I USA kan du allereie no få kjøpt ein tomat som ikkje rotnar, men held seg fin, frisk og fast lenge etter at ein vanleg tomat ville ha blitt mjuk og lite freistande.

Sprøytemiddelgigantane i verda forskar på harde livet for å finne variantar av matplantar som betre toler sprøytemiddel, og følgjeleg også blir mindre råka av åtak frå skadeinsekt. Men sprøytemiddelgigantane har naturlegvis tukla med gena på ein slik måte at motstandskrafta er best mot sprøytemiddel frå deira eigne fabrikkar.

Dette er berre tre døme på korleis forskarar dei siste åra har fortapt seg i trua på at dei kan endre byggjesteinane for alt levande på jorda. I delar av desse forskingsmiljøa finst ein skremmande mangel på kritisk sans i høve til det dei driv på med. Trua på at dei skadelaust kan endre det naturen sjølv har brukt millionar av år på å byggje opp, er berre enda eit døme på at forskarar kan bli så innsnevra i eige fag at dei sjølv ikkje er i stand til å sjå konsekvensane av si eiga forsking og blinde oppdagingslyst.

Professor dr. philos Rune Blomhoff i Statens ernæringsråd er ein av dei som prøver å roe ned skepsisen til gentukla matvarer blant folk flest.

“Vi er svært bekymret for hvilke konsekvenser genmatskepsisen kan få for våre matvaner. I framtida vil trolig mye av grønnsakene og frukten være genmodifisert ñ enten vi vil eller ei. Hvis vi lar være å spise så viktig og sunn mat fordi den er genmodifisert, så er det en større trussel mot folkehelsa”, sa han til Dagbladet for ei veke sia.

Rune Blomhoff er sikkert ein dyktig fagmann, men det er vanskeleg å ha tillit til han. Det er vanskeleg fordi han ikkje er i stand til å reise motførestellingar mot genmodifiseringa av matvarer, og fordi han så lett avfeier den sterke skepsisen folk flest har til mat produsert ved gentukling.

Uroa hans for folkehelsa blir direkte latterleg så lenge folk flest seier nei takk til gentukla mat. Slik mat er ikkje noko forbrukarønske. Det er eit ønske frå produsentane ñ ikkje for å tene forbrukarane, men for å tene meir. Og mange forskarar stiller diverre opp som lydige hundar med logrande hale.

Forskarar innafor genteknologi ser på motviljen mot gentukla mat blant folk flest som utslag av fåkunne. Vi andre meiner at det er sunn skepsis. Er det noko historia verkeleg har lært oss, så er det å ikkje sluke rått det “vitskapen” gjev oss.
Audun Skjervøy

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |