Dag og Tid nr. 43, 24. oktober 1996

Kulturminneåret:
Fryktar kulturminnejippo

- Det er katastrofalt om kulturminneåret berre blir ein jippo for Miljøverndepartementet. Vi treng fokus på kulturminne, men vi må ha løyvingar til å gjere det skikkeleg, meiner Seppo Heinonen, eigedomssjef i Fortidsminneforeninga.

TIRIL REM

Miljøverndepartementet og Kulturdepartementet har saman teke initiativet til å arrangere Kulturminneåret 1997. Både organisasjonar og offentlege styresmakter er engasjerte i planlegginga av ei brei markering som startar i Ålesund i januar neste år. Dette er ei samla satsing frå Regjeringa si side, og ho reknar med at ulike sektorar lokalt og sentralt stiller opp for å markere kor viktig det er å ta vare på kulturminna i bygd og by over heile landet.

Slik uttrykte miljøvernminister Thorbjørn Berntsen seg i ei pressemelding først i oktober. Sjølv om han har ei samla regjering bak seg, viser statsbudsjettet at viljen til å løyve midlar til kulturminneåret ikkje er heilt på topp.

- Nasestyvar

Fortidsminneforeninga er ein av organisasjonane som har engasjert seg i arbeidet for eit kulturminneår i håp om at markeringa skal styrke kulturminnevernet.

Eigedomssjef Seppo Heinonen karakteriserer løyvinga på statsbudsjettet som ein nase-styvar.

- Vi søkte om vel seks millionar kroner til å gjennomføre ein kulturminnestafett saman med Norsk Forening For Fartøyvern og Forbundet KYSTEN, men den totale løyvinga til alle prosjekta er berre på fire millionar kroner så langt. Til samanlikning vart det løyvd rundt ti millionar kroner til Naturvernåret. Så vidt vi kan lese av løyvingane til Miljøverndepartementet på statsbudsjettet, er dei fire millionane tekne frå post 14.01, som gjeld ordinære løyvingar til friviljuge organisasjonar.

- Æra til styresmaktene

Seppo Heinonen meiner det er ille at friviljuge organisasjonar som legg ned mykje arbeid i ulike “år” opplever at styresmaktene ikkje løyver nok pengar til dei budsjetterte planane som ligg føre.

- Styresmaktene flyttar ansvaret over på dei friviljuge organisasjonane, men tek sjølve æra for ideen og gjennomføringa. Reduserte løyvingar legg eit ekstra press på oss som vil vere med på å gjennomføre prosjektet. Vi må anten senke ambisjonsnivået eller bruke tid på å finne andre finansieringsmåtar for å få skikkeleg utteljing.

Kulturminnestafett

“Forankring fryder” er mottoet for kulturminneåret, som har to hovudtema: Kulturminne langs kyst og vassdrag og Tekniske og industrielle kulturminne.

Ruta til kulturminnestafetten, som vil dekkje begge hovudemna, blir gått opp i desse dagar.

- Bodskapen skal i hovudsak fraktast sjøvegen frå Kirkenes i nord til Austlandet med stopp og markeringar undervegs. Stafetten har ein viss parallell til OL-stafetten ved å setje fokus på arrangement med lokal tilknyting. Men med den statlege løyvinga som det ligg an til no, kan stafetten bli avlyst.

Seppo Heinonen meiner at Miljøverndepartementet har eit problem om dei ikkje klarer å motivere politikarane til å støtte opp om kulturminne-året.

- Det ville vere ein katastrofe om kulturminneåret berre vert ein jippo for departementet. Vi treng fokus på kulturminne i høgste grad no, og det må gjerast skikkeleg.

- Svekt vern

Sjølv om styresmaktene ynskjer å fokusere på kulturvernet gjennom eit kulturminneår, meiner Fortidsminneforeninga at kulturminnevernet har vorte svekt gjennom delegeringa av mynde frå Riksantikvaren til fylka i 1990.

- I prinsippet var dette eit ledd i å gi meir sjølvstyre til fylka. Enkelte stader er stillinga som fylkeskonservator borte, og arbeidsoppgåvene delegerte til fylkeskulturstyra som er politisk styrte. Difor blir denne løysinga ofte meir usikker enn det å ha ein faginstans.

- Lokalt ser vi ein tendens til frustrasjon fordi ein ikkje har ein institusjon som er objektiv nok å vende seg til. Der ein framleis har fylkeskonservator, burde fagleddet kunne forvalte verneinteressene på same nivå som Riksantikvaren gjorde tidlegare. Det vi som foreining opplever rundt om i fylka, er at den heilskaplege vurderinga på nasjonal basis manglar.

- Stillingar fjerna

Seppo Heinonen seier at stillinga som fylkeskonservator er fjerna fleire stader i landet.

- Reint subjektivt føler vi at dette er ein trend. Når ein fylkeskonservator går av på grunn av aldersgrensa, så blir høvet nytta til å fjerne stillinga og leggje arbeidsoppgåvene inn under fylkesadministrasjonen på same måte som ein ofte gjer på kommuneplanet. Men det er kanskje meir skremmande at dei kommunale hovudutvala, til dømes kyrkje, kultur og fritid, blir slått saman med andre utval. Slik blir det verre for ulike etatar å fremje sine interesser. På eit seminar i regi av Kulturrådet i fjor gav fagfolk og til dels politikarar på kommune- og fylkesplan uttrykk for stor uro over at fagsynspunkta blir svekte av den nye styringsforma.

Konfliktar

Fortidsminneforeninga Bergen og Hordaland avdeling meiner at Bergen kommune si handsaming av bustad- og vegutbygginga på Nordnes er eit døme på korleis planleggingsarbeidet i samband med eit urbant kulturminneområde ikkje skal gå føre seg i byar som får smykke seg med den tittelen “Historic Towns” under UNESCO. Fortidsminneforeninga har fremja fredingsforslag for Fredriksberg Fort og området rundt. Dette forslaget og eit privat forslag om freding av landets eldste sivile tørrdokk, Dikkedokken, vart begge liggjande hos Fylkeskonservatoren i Hordaland og ikkje sendt vidare til Riksantikvaren.

Seppo Heinonen meiner at dette er endå eit døme på situasjonar som fortidsminneforeninga fryktar i kontroversielle saker.

- Dersom fylkeskonservatoren ikkje støttar andre verneinteresser, stoppar saka gjerne der. Men lokale interesser kan prosedere på at objektet eller prosjektet har nasjonal verneverdi. Då kan Riksantikvaren gripe inn, slik som han gjorde med freding av Klingenberg kino og godkjenning av forslaget om brusteinlegging av slottsplassen i Oslo på visse vilkår.

Fredingsforslaga for Nordnes er no sendt direkte til Riksantikvaren.

- Det ville vere fantastisk om Nordnes-prosjektet kunne profilere seg i Kulturminneåret som eit føredøme, der ein tek kulturvernet på alvor og ikkje knegår utbyggingsinteresser, meiner Seppo Heinonen i Fortidsminneforeninga

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |