Dag og Tid nr. 43, 24. oktober 1996

Bokmelding:
Flagget (nesten) til topps

Svein Roger Nilsen (29) debuterer med ei til tider imponerande novellesamling, skriv Arne Mo om “I dagens lys, i svarte natt”.

Svein Roger Nilsen:
I dagens lys, i svarte natt
Noveller
Aventura

“I dagens lys, i svarte natt” handlar i grove trekk om oppvekst og ungdomsliv i og rundt Drammen, men heile tida med ein mørkare, illevarslande understraum, som fangar lesaren og skapar spenning i stoffet. Samlinga inneheld ti noveller/forteljingar, frå knappe femsiders-greier til andre og tyngre som nesten kan minne om komprimerte romanar, den lengste på heile førti sider.

Heis flagget

For flesteparten av desse novellene er det berre å heise flagget til topps med det same. Forteljarstilen er avslappa, alt er lett og kvikt fortalt. Det vesle som er av replikkar sit som skot. Altså ein utprega forteljar med glimrande evne til å skildre og skape levande, pustande personar vi trur på. Attkjenningseffekten og assosiasjonane til eigen barndom er sterk, noko som sjølvsagt slår ut til fordel for forfattaren, men dette kan likevel ikkje gjerast til noko innvending. Spesielt ikkje når novellene elles er så rike som dei er. Mange av dei er beint fram snop, eller for å seie det på ein annan måte: fortetta nyting som kan samanliknast med litt av kvart. Grunnlaget for ei slik ytring ligg i det som etter mi meining er eit vilkår for all god kunst: nemleg den velbalanserte kombinasjonen mellom form og innhald, mellom stil, konstruksjon og ide. Alt dette som må stemme for å nærme seg det fullendte. Eit anna stort pluss er det at forfattaren så medvite har fjerna alt som kan minne om påtrengjande politisk korrekte meiningar. Det er ei lette å sleppe all den pompøse og sjølvhøgtidelege intellektualismen som pregar så mykje anna. Det største og mest gledelege er likevel dette: Boka er kjemisk reinska for småvittig og lettvint ironi, denne trendy betrevitartonen som for tida gjennomsyrar det meste og som fullstendig dominerer “dei gylne pennane” i dagspressa. Svein Roger Nilsen greier seg utan. Han står fram ærleg og reieleg, for å seie det litt banalt, og viser med det at han stolar på stoffet sitt. Det har han all mogeleg grunn til.

Freud-inspirert

Dei fleste novellene blir spunne rundt ei traumatisk oppleving i livet til hovudpersonane. Ei hending som har vore med på å forme vedkomande, og som seinare slår ut i livet til personane, ofte med dramatiske og fatale konsekvensar. I dei aller fleste novellene fungerer det godt. Det verkar truverdig sjølv under dei mest halsbrekkjande vendingar historia måtte ta. Her vil eg spesielt trekkje fram “Når dragene våkner”, den lengste og kanskje den beste teksta i boka, som i si lagnadstunge skildring av veksten og fallet for ein sprø pyroman, nærast røskar lesaren gjennom sidene. Ved sida av tung psykologisk tragedie inneheld novella også vill og satirisk humor, samt ei interessant krinsing rundt temaet skuld og ansvar. På tampen av det heile får vi ein fiffig og overraskande slutt. Originalt og glimrande gjennomført.

Ei anna sterk og medrivande novelle er “Den tynne veggen”, om to ungdomskompisar på skråplanet med eit felles traume i fortida, ei hending som innhentar dei samstundes med at dei er på vill flukt frå det dei trur er purken. Slik er det med mange av novellene. Dette skjulte, mørke i menneskesinnet som brått og uventa bryt overflata og grip inn i det meir kvardagslege. Også opningsnovella “Tiger” må dragast fram. Ho handlar om ein gammal mann med angst for innbilte tigrar og med ein slutt så utspekulert briljant at tanken på ein beinveges jubeltelefon til forfattarane slo meg. Liknande begeistring opplevde eg jamt under lesinga. Også humoren bør nemnast, sjølv om han ikkje alltid er like vellukka.

Mindre skavankar

Når alt dette er sagt, må det likevel med at boka inneheld nokre få svakare tekstar. Der blir ideen rett og slett klistra under børa av for sterke verkemiddel og for sterk dramatikk, som til dømes i “Balladen om en grønnsak”.

Ei anna novelle handlar om den klassisk mobba læraren. Novella fungerer på sitt vis ut frå ide og intensjon, men vert likevel for opplagd. Dermed står for lite att til å forsvara plassen i ei så god bok. Avslutningsnovella verkar også noko konstruert etter min smak, sjølv om eg på eit vis fatta poenget til slutt, etter ein del att og fram-blading og dobbeltsjekking av teksta. Eg sit likevel att med spørsmålet om gjenferdet i denne novella er autentisk meint frå forfattaren si side, eller om det også denne gongen handlar om fortidstraume med påfølgjande innbilling. Men uansett vert det heile for usannsynleg ut frå samanhengen og føresetnaden for teksta.

Men trass i desse varsame innvendingane. Boka myldrar og lever, rispar og riv, og det beste av alt: Det vert aldri keisamt. Sjølv dei sistnemnde teknisk svakare novellene er godt fortalde og på sitt vis spennande. No er det berre å håpe at forfattaren peisar sakte på og utviklar talentet vidare.
Arne Mo

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |