Dag og Tid nr. 40, 3. oktober 1996
Miljø:
Framtida i feil hender
Kværner-direktør er misfornøgd med Framtiden i våre hender, som svarar med å invitere til grøn lunsj.
SVEIN SÆTER
Terje Osmundsen likar ikkje at miljøorganisasjonar er "teknologi-skeptikere" og negative til økonomisk vekst.
- Kva for organisasjonar er dette, Osmundsen?
- Eg skal ikkje gje meg ut på å sortere alle, men det gåreit klart skilje mellom Bellona med Frederic Hauge og Framtiden i våre hender med Steinar Lem. Eg vil ikkje seie at den eine er meir verdt enn den andre, men det blir vanskeleg når ein organisasjon er prinsipielt mot økonomisk vekst.
- Korleis da?
- Framtiden i våre hender har betydning på det private, individuelle planet. Eg er einig i at det blir lagt for stor vekt på vekst i privatøkonomien. Men på det samfunnsmessige planet må industrien produsere til beste for alle, og den skal sørgjefor at produksjonen blir gjort så miljøeffektiv som råd. Det er lettare å samarbeide med delane av miljørørsla som er positive til ny teknologi og opne for økonomisk vekst.
- Føler du deg treft av Osmundsen, dagleg leiar Tor Traasdahl i Framtiden i våre hender?
- Nei. Eg tykkjer Osmundsen skal komma hit, så skal vi få han på betre tankar over ein god lunsj. Vi er ikkje "teknologi-skeptikere" .Tvert i mot: Vi har vore pådrivarar for å ta i bruk ny, miljøvennleg teknologi, både her heime og i den tredje verda. Her er det veldig mykje å hente, særleg på energi-området. Det finst mykje god teknologi som ikkje er teken i bruk, for eksempel når det gjeld flisfyring og bruk av hydrogen som energiberar. Grunnen til at det går seint er manglande politisk vilje, ikkje at vi bremsar.
- Men økonomisk vekst er framleis skummelt?
- Vi er mildt sagt skeptiske til den forma for økonomisk vekst vi har hatt hittil. Generell økonomisk vekst vil stort sett bli kanalisert feil; luksusforbruket aukar fordi basisforbruket allereie er så høgt. Men det går an å dreie vekst i "grøn" retning gjennom skattar og avgifter. Det skadelege bør bli dyrare og det sunne billegare, slik at vi brukar dei ekstra kronene til å gå på restaurant og møte folk i staden for å reise til syden. Slik kan vi ha vekst i delar av økonomien og samtidig få betre miljø.
Til sjuande og sist er ikkje dette sjokkerande utsikter for Terje Osmundsen.
- Det kan godt hende at vi må innstille oss på periodar utan generell økonomisk vekst, kanskje er det til og med ønskjeleg. Eg er heller ikkje framand for å dreie skattar og avgifter i "grøn" retning. Vi kan sjå kor begrensningane i naturressursane ligg, om det no er vatn, luft eller noko anna, og setje pris ut frå det.
Og dermed skulle grunnen vera lagt for eit grønt lunsjmøte mellom Traasdahl og Osmundsen. |
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|