Dag og Tid nr. 40, 3. oktober 1996
Miljø:
Svina møter vernarane
Industrien har nærma seg miljøvernarane og omvendt, meiner industrimann Terje Osmundsen.
- Tullprat! Osmundsen burde vore stoppa ut og hengt opp på museum, seier Kurt Oddekalv. Men Heidi Sørensen kan tenkje seg økonomisk vekst.
SVEIN SÆTER
Skal miljøvernarane komma miljøsvina i møte?
Det sprakar hissig frå ein vestlandsk mobiltelefon når Kurt Oddekalv, Miljøvernforbundet personleg, får spørsmålet. Truleg er det namnet Terje Osmundsen som utløyser sinnet. Osmundsen har lang fartstid i politikk (Høgre) og næringsliv. Han slutta nyleg som direktør i NHO og vart adm.dir. i Kværner Water Systems. Som leverandør og utviklar av miljøteknologi meiner han at industri og miljørørsle skal gå hand i hand.
Fjerne NHO
- Ha! Osmundsen er berre redd for turbinproduksjonen sin, for at han ikkje skal få byggje på Borneo og demme ned urbefolkning jorda rundt, freser Kurt Oddekalv.
- Så det er ikkje noko poeng at miljøvernorganisasjonane og bedriftene møtest oftare?
- Vi møter bedrifter kvar einaste dag, vi. Dei kontaktar oss og vil veta korleis dei skal bli betre på miljø. Vi jobbar akkurat no med eit miljøbedrift-prosjekt. Dei små og mellomstore bedriftene er seriøse, problemet er dei største. Dei er vant til å kunne kjøpe seg fri frå ting. NHO og tungindustrien er eitt. Dei står fjernt frå den kvardagen resten av industrien lever i.
Opphenget
Lars Haltbrekken, leiar i Natur og Ungdom, oppfattar verda omtrent på same måte.
- NHO og LO går i tospann. Vi møter lite vilje til miljøsatsing der. Dei kjører på gamle, oppkonstruerte konfliktar mellom miljø og arbeidsplassar. Derimot finn vi eit glødande engasjement i lokale fagforeiningar. Mange har lagt press på bedriftsleiinga for hardare satsing på miljø, om det så kostar mykje pengar. Det finn vi gode eksempel på mellom anna i Odda.
Spenninga
Heidi Sørensen, leiar i Norges Naturvernforbund, tykkjer biletet har vorte meir nyansert dei siste åra.
- Det er slutt på tida da vi kunne sjå på industrien som ei gruppe. No er det nokre bedrifter som ligg milevis føre pålegga innan miljø, andre heng langt etter. Det skjer mykje spennande i næringslivet, for eksempel finansinstitusjonar som vrir investeringane over til bedrifter som tek miljøomsyn. Bedriftene er også flinkare enn folk flest til å spara energi. Men det er framleis for mange av dei som deltek i kjøret på Stortinget mot CO2-avgifta og for store vegutbyggingar og andre miljøfiendtlege prosjekt.
Stort er godt
Terje Osmundsen meiner dei store er best.
- Storindustrien har komme langt med miljøarbeidet, det er nødvendig for å bli teke seriøst på den internasjonale marknaden. Små og mellomstore bedrifter heng derimot framleis etter.
- Så alt er fryd og gaman med storindustrien?
- Samanliknar du norske bedrifter med verksemder i Sverige, Danmark og andre nordeuropeiske land, er det ikkje tvil om at vi ligg etter når det gjeld miljøinvesteringar. På den andre sida: Det har skjedd ei veldig interessant utvikling i prosessindustrien dei siste åra, og det er framleis mykje å hente, mellom anna når det gjeld energiforbruket. Her har miljøorganisasjonane og industrien felles interesser. Eg ser snarare på miljørørsla som samarbeidspartnar enn som motstandar.
Rekk meg handa di
Osmundsen meiner klimaet for samarbeid er godt, truleg betre enn på lang tid.
- Miljøvernarane har nærma seg industrien, og industrien har nærma seg miljøvernarane.
- Korleis da?
- Delar av miljørørsla er ikkje lenger så fokusert på motstanden mot økonomisk vekst og skepsisen til ny teknologi. Dei er meir opptekne av innhaldet i veksten, av at den er berekraftig.
Banninga
Her skil miljøorganisasjonane lag. Osmundsen får langt på veg følgje av Heidi Sørensen.
- Er det så viktig å vera kompis med industrien?
- Nei, ikkje berre for det å vera kompis si skuld. Men i mykje større grad enn før ønskjer industrien å høre på oss. Det ville vera farleg ikkje å bruke eit slikt høve.
Heidi Sørensen vrir og tøyer i gamle sanningar for å gripe dagen: Ho gjev Osmundsen rett i at økonomisk vekst ikkje treng vera skadeleg.
- Det hørest ut som om du bryt med miljøvernets første bod, at økonomisk vekst er bannord?
- Vi må prøve å forklara korfor vi meiner ting, elles blir det lett besvergelsar. Dersom økonomien rettar seg etter dei økologiske rammevilkåra, er eg ikkje så oppteken av om resultatet blir vekst eller nedgang. Dei tre viktige "beskrankningane" økonomien må ta omsyn til gjeld ressursane (som matjord og energi), forureininga og det biologiske mangfaldet. Greier næringslivet å operere innanfor dei økologiske grensene på desse tre punkta, er ikkje sluttsummen for økonomien så viktig. Sjølv om eg ikkje trur det, vil det vera positivt om vi får eit pluss. Vi er da ikkje sjølvplagarar av natur.
Feite nordmenn
Men det er kanskje Kurt Oddekalv.
- Vi har overskride grensa for vekst så langt at det held på å ta livet av oss.
- Vil du ha økonomisk nedgang?
- Det vil komma av seg sjølv. Jorda pustar allereie anstrengt. No er det kinesarane og alle dei andre som skal vekse, vi er meir enn feite nok. Du kan måle økonomisk vekst i feittlaget på nordmenn. Det er grenser for kor feit Ola Nordmann kan bli, og kor mange timar han kan bruke på helsestudio for å få feittet bort.
- Berekraftig vekst...
- Kan du berre glømme! Det er eit håplaust omgrep som vi ikkje har bruk for. Berekraftig bruk og utvikling er noko heilt anna, seier Kurt Oddekalv, som framleis er ein dverg i miljørørsla sjølv om han er stor i kjeften. Norges Miljøvernforbund har berre 1200 medlemmer, dei fleste i og kring Bergen.
Kjerneproblemet
- Tykkjer du Heidi Sørensen er i utakt med resten av miljørørsla, Lars Haltbrekken?
- Det vil eg ikkje seie noko om. Men det er klart vi må vera nokså pragmatiske no og da, når det betyr at vi får gjort noko.
- Sjølv er du ikkje vidare glad i omgrepet økonomisk vekst"?
- Nei. Økonomisk vekst kan ikkje løyse noko problem. Det er tvert i mot kjernen i problema vi står overfor. I dag opplever vi ei globalisering av den økonomiske veksten gjennom EU, NAFTA og andre organisasjonar. Veksten får enda større kraft og akselerasjon. Det er farleg, fordi økonomien byggjer på økologien, og dei økologiske ressursane er avgrensa. Derfor er det ei sjølvmotseiing å hevde at det er likegyldig om vi får økonomisk vekst eller ikkje.
Teknologi-angst
Fleire av miljøorganisasjonane er ikkje berre negative til økonomisk vekst. Dei er også skeptiske til teknologi, meiner Terje Osmundsen.
- Berre tull! Vi arbeider hardt med å finne ny teknologi som kan brukast i miljøvernet, seier Kurt Oddekalv.
- Terje Osmundsen definerer sikkert Natur og Ungdom som skeptisk til teknologi. Og det er vi, i den forstand at teknologi aleine ikkje vil løyse problema. Men teknologi kan vera eit godt hjelpemiddel, seier Lars Haltbrekken.
- Vi har prøvd å løyse miljøproblema med teknologi i 20 år, men problema er mykje større i dag enn i 1976. Samtidig ville dei vore enda større utan ny teknologi. Eit eksempel: Utsleppa frå biltrafikken har auka kolossalt, men ville auka enda meir om vi ikkje hadde hatt katalysatoren.
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|