Dag og Tid nr. 40, 3. oktober 1996             

Leiar:
“Lebensraum”

I 1945, like før freden kom til Europa, vart den tyske geografen og forfattaren Albrecht Haushofer avretta av nazi-regimet i Tyskland. Han vart arrestert etter eit mislukka attentat mot Adolf Hitlers hovudkvarter 20. juli 1944. Albrecht Haushofer var antinazist og stod politisk langt vekk frå det far hans hadde lagt eit ideologisk grunnlag for, sjølv om faren også var geograf.

Da det tyske nasjonalsosialistiske partiet i 1920 gjorde omgrepet “lebensraum” til ein del av sin ideologi, var det ut i frå ein ide utvikla av Karl Haushofer, grunnleggjaren av den geopolitiske skolen. Eit folk måtte ha livsrom, meinte Karl Haushofer. Det hadde ein naturleg rett til livsrom. Nazistane saug til seg tankane, og tok i bruk tesen for å rettferdiggjera okkupasjon av nabostatar og koloniområde i Afrika.

Historia om kva krigen for tysk livsrom førte til treng ikkje forteljast ein gong til. Men tanken om “lebensraum” er diverre ikkje død, og han finst der ein minst skulle tru at det var mogeleg å finne han.

Sist helg heldt Ap-leiar Thorbjørn Jagland ein sjeldant klar og refsande tale mot Israel og den nye statsministeren der, Benjamin Nethanyahu. Jagland la skulda for at fredsprosessen i Midtausten var i ferd med å køyre i grøfta på Israel og statsminister Nethanyahu.

Sjølv om Oslo-avtalane var skjøre og berre gav det palestinske folket litt meir rom og sjølvstyre, opna dei for eit håp om at det etter kvart kunne vekse fram ein fred i Midtausten.

På dei få månadene som er gått etter at Benjamin Nethanyahu overtok statsministerstolen i mai, har dei israelske styresmaktene greidd å rive vekk mykje av grunnen under Oslo-avtalane. Thorbjørn Jagland gjekk ikkje for langt i talen sin. Tvert i mot plasserte han ansvaret der det skal sitje.

Heilt sia 1948 har israelsk politikk i Midtausten handla om livsrom, om "lebensraum". Det handla om å gje rom for jødane som strøymde til den unge staten i Midtausten, men også om å tryggje grensene mot nabostatane, som såg på den nye staten som ein inntrengjar. Dei som har lide mest under den israelske politikken, er palestinarane. Dei lid framleis.

Benjamin Nethanyahu gjekk til val på ein politikk for “lebensraum”, for at Israel skulle halde fram med nybygginga i palestinske område for å sikre jødane land, og for å sikre staten Israel "tryggleik".

Da Albrecht Haushofer vart avretta i 1945, levde far hans framleis. Og ein skulle kanskje tru at ein så vanvittig ide som “lebensraum” gjekk i grava med opphavsmannen, da Karl Haushofer døydde i 1946. Men ideen levde diverre vidare, og lever framleis - i ein stat oppretta for det folket som vart råka hardast av nazi-terroren gjennom krigen.
Audun Skjervøy

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |