Dag og Tid nr. 40, 3. oktober 1996

Herbjørn Sørebø:
Synspunkt

Opplysningane om at det sørafrikanske tryggingspolitiet og dødspatruljane under apartheidstyret stod bak drapet på Olof Palme på open gate i Stockholm, stiller dei svenske etterforskarane overfor eit problem dei har møtt mange gonger i dei elleve åra som har gått sidan den omstridde statsministeren vart mordoffer. tilståingane må provast. Gjennom åra har det vore mange tilståingar som har vist seg å vere reint oppspinn. Dei sørafrikanske mordarane som snakkar nå, lyg og bakvaskar kvarandre i eit forsøk på å få mindre straff sjølv. Men opplysningane frå to sentralt plasserte i dødspatruljane, Eugene de Kock og Dirk Coetzee, blir tekne alvorleg. Det er det all grunn til. Organisasjonen sette i verk fantastiske aksjonar og stod bak ei lang rad mord. Eugene de Kock er dømd for seks mord. Han har sagt at storspionen Craig Williamsen var innblanda i drapet på Olof Palme. Dette har sjefen til de Kock, Dirk Coetzee, stadfest. Coetzee skal sjølv ha mange mord på samvitet. 80-90 sørafrikanske agentar skal ha vore med på å planleggje drapet på Olof Palme. Aksjonen kosta 100.000 kroner. Drapsmannen heiter Anthony White. Etter drapet heldt han seg på greske øyar ei tid, men det heiter seg at han skal bu i Mosambik. - Feil, seier andre, det var ikkje han. - Feil, seier White.

I samband med desse opplysningane blir også det såkalla politisporet varma opp att. Det blir peika på at svenske politifolk med eller utan høgreekstremistiske synspunkt var i Sør-Afrika både i 1985 og 1986, altså i tida Sverige boikotta apartheidstyret. Spørsmålet er om dødspatruljane hadde medhjelparar i Sverige. Det er på det reine at apartheidstyret hadde folk som heldt dei godt orienterte om det som gjekk for seg i det svenske samfunnet. Apartheidstyret visste at Olof Palme var eit hatobjekt i visse krinsar.

Hatobjekt var også Olof Palme for apartheidstyret. Veka før drapet heldt han ein branntale på den såkalla Folkeriksdagen mot apartheid i Folkets Hus i Stockholm. Der åtvara han mot å høyre på P. W. Botha. Apartheid kan aldri reformerast, berre avskaffast, sa Olof Palme. Det hadde nok dei sørafrikanske maktmenneska høyrt før, så det la dei vel ikkje så mykje vekt på. Det var verre at den svenske statsministeren i sterke ordelag oppmoda USA og England til å røyste for økonomisk boikott av Sør-Afrika i Tryggingsrådet i FN. Apartheidstyret hadde tek til å merke verknaden av det økonomiske presset. Det gjekk etter kvar så dårleg med den sørafrikanske økonomien at det ville vere eit reelt trugsmål mot styret dersom USA og England følgde oppmodinga frå den svenske statsministeren. Eit tusental menneske var med på Folkeriksdagen mot apartheid der Olof Palme heldt den sterke talen som det nå blir vist til. Det var ei høg stemning, og på første benk saman med statsministeren sat ANC-leiaren Oliver Tambo og ei rad andre framståande sørafrikanske gjester. Salen var prydd med ANC-flagg. Det var sett i verk så strenge tryggingstiltak med så sterkt vakthald at møtet var prega av det. Det er likevel all grunn til å tru at apartheidsystemet hadde sine folk i salen som kunne orientere om det som gjekk for seg der og kva som vart sagt.

Internasjonalt hadde Olof Palme eit stort namn. Han mekla i krigen mellom Iran og Irak. Mange stader i den tredje verda vart han beint fram dyrka. I det internasjonale samfunnet var opinionen mot det sørafrikanske apartheidstyret veksande, og det ville bli lagt merke til ein branntale som den Olof Palme heldt - i dobbel tyding ein drepande tale. Men apartheidstyret hadde også andre grunnar til å følgje med i det svenskane gjorde. I ein hjelpeorganisasjon for sørafrikanske studentar med sete i Geneve var det ein svenske som sat i leiinga. Denne organisasjonen hadde spionen Craig Williamson greidd å infiltrere, men han nektar for å ha vore i Stockholm den dagen Olof Palme vart drepen, og at han budde nær drapsstaden i eit hus som tilhøyrde den internasjonale politiorganisasjonen. Det sørafrikanske tryggingspolitiet hadde enorme ressursar, og innstillinga var å slå tilbake over alt. Det vil sikkert vere styrkjande for den svenske sjølvkjensla dersom det kan provast at Olof Palme vart offer for apartheidstyret.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |