Dag og Tid nr. 40, 3. oktober 1996
Kunst:
God Ekeland, er død Ekeland
Dei kalla han "Tause Eidsvoll". Det var med olje på lerret han helst ville ta del i samfunnsdebatten. Han var den beste me hadde. Premiert, arkivert - og isolert. Arne Ekeland fekk aldri eit offentleg oppdrag.
TEKST: JOHAN BROX
Dei seier at ein god kommunist, er ein daud kommunist. Arne Ekeland døydde den 28. februar 1994. No kan han heidrast. No kan han analyserast av folk som har greie på det. Og no kan eliten sjå, på Høvik-odden kunstsenter i Bærum, kva Arne Ekeland aldri fekk fortelja til massane.
Randi Solheim Ghilzai er magister i kunsthistorie, og godt i gang meddoktorgrad om Arne Ekeland. Når doktorgraden om ikkje lenge blir publisert ved Universitetet i Stockholm, vil han vera det fyrste skriftlege studiet som er gjort av den norske målaren.
- Kor stor kunstnar var Arne Ekeland?
- Etter at Munch døydde i 1944, såg meir enn ein kritikar på Ekeland som den største, og den einaste som kunne ta opparven etter Munch. Dei andre målarane i Ekelands generasjon var meir provinsielle, og arbeidde stort sett med tendenskunst, som var dominerande på 30-talet, seier Randi Solheim Ghilzai.
Krafta
Det er særleg kunstverka Arne Ekeland skapte i tida 1935-75, som opptek henne.
- Eg synst at det er mest kraft i bileta hans i denne perioden. Det var då han var farleg.
- Men det er han ikkje lenger, og difor får han stilla ut. Er det likskjending dei driv med no, fiffen på Høvikodden?
- Vel... då Ekeland stilte ut på Henie-Onstad Kunstsenter i 1986, var han jo i live. Men venstresida i Noreg var døyande, og det gjekk bra med norsk økonomi. Då kunne dei smykka Stortinget med eit kunstverk av Ekeland. Så du kan gjerne lansera ei slik oppfatning, den er ikkje heilt feilaktig, meiner Solheim Ghilzai.
Men ho legg raskt til at Arne Ekeland heile tida hadde støttei kunstmiljøet. Det er i det offentlege rommet han aldri fekk sleppa til.
- Og det er synd, for kunsten til Arne Ekeland reiser mange spørsmål. Om kunsten sin plass og funksjon i samfunnet, spørsmål omkunsten i politikken, om politikken i kunsten. Om kva ein vil med kunst. Ekeland såg kunsten som ei kraft som kunne brukast til å få ei endring, seier Randi Solheim Ghilzai.
"Frihetens Søstre" - og brødrene
I studien "Kunsten i partipolitikkens tjeneste" undersøkjer ho kva som eigentleg gjekk føre seg i 1937-38, då ein lyste etter utkast til den kunstnarlege utsmykkinga av Oslo Rådhus. Dei beste forslaga blei premierte, og tanken var at desse kunstnarane og skulle få ta del i utsmykkinga.
Arne Ekelands originale fresko-utkast til fondveggen i rådhussalen, "Frihetens Søstre" , blei premiert. Men så sa juryen takk til Ekeland, gav han utkastet attende - og jobben til Henrik Sørensen.
- Kva var gale med utkastet til Ekeland?
- Utkastet til Arne Ekeland blei for han ei programerklæring. Ei marxistisk erklæring mot Arbeidarpartiet, som etter 1935 gav oppklassekampen. Ekeland såg det som eit svik. Rådhusutsmykkinga skulle vera ei hylling av Det norske arbeidarpartiet, og av samfunnet det skulle bygga opp: By og land, hand i hand, det Nye Noreg skal bli ein moderne nasjon med tekniske hjelpemidlar og elektrisitet.
- Men slik såg ikkje Arne Ekeland på det?
- Nei, Ekelands visjon var ein heilt annan. I eitt av rådhusutkasta skildrar han fascismen som trugar, soldatar med tyske hjelmar mot ein raudhimmel. Hjå han manglar idylliseringa ein ser i dei andre bidraga.
- Ein skulle vera nokså verdensfjern for å teikna idylliske bilete i 1938 - året før Den andre verdskrigen starta?
- Juryen uttalar likevel at Ekelands bidrag er uforståeleg. Eg trur heller at "Frihetens Søstre" var for tydeleg. Men det blei jo premiert.
- Blei Henrik Sørensen sitt utkast premiert?
- Ja, men Sørensens utkast blei ikkje sett på som særleg bra, og det var ikkje meininga at han skulle få det største oppdraget, som var fondveggen i Rådhussalen.
- Kven sat i juryen?
- Oscar Torp var formann i komiteen for rådhuskonkurransen. Han var òg formann i Arbeidarpartiet. Men også kunstnar-representantane hadde nær tilknyting til Arbeidarpartiet. Jens Peter Thiis, direktør for Nasjonalgalleriet, var etter mi meining den som stod nøytralt. Ekeland var jo òg innkjøpt av Nasjonalgalleriet alt tidleg på 30-talet.
Svar på ope spørsmål
I Henie-Onstad Kunstsenters skriftlege presentasjon av Ekeland, funderer fyrstekonservator Øivind Storm Bjerke ved Henie Onstad-senteret over grunnen til at Ekeland blei avvist av Rådhus-juryen: "Om dette skyldes bildets innhold - forbrødringen mellom menneskeraser, de særpregede koloristiske effekter eller den formale utførelsen, er i dag et åpent spørsmål" .
Men det er ikkje eit ope spørsmål for Randi Solheim Ghilzai. I avhandlinga konkluderer ho slik:
"Ekelands utsmykningsutkast fungerer som en dekonstruksjon av det budskap freskoepokens kunst skulle formidle og må ha blitt tatt til inntekt for en konkurrerende politisk ideologi, som Venstre og senere Det norske arbeiderparti ville bekjempe.
Uansett, "Frihetens søstre" fekk liggja og rotna i kjellaren på Bøn, der Arne Ekeland levde og døydde. Fyrst no er det restaurert, på framifrå vis.
Utan oppdrag
- Kan ein seie at bileta til Ekeland er hans kommentarar til ei skiftande samtid?
- Ja, det kan du gjerne seia. Og han valde eit monumentalt format, meint for det offentlege rommet. Kunsten skulle vera hans innlegg i samfunnsdebatten.
- Men han slapp ikkje til?
- Han fekk ingen offentlege oppdrag. Det einaste forumet han har hatt, er det avgrensa kunstmiljøet. Ekeland nådde ikkje ut til folk utanfor galleriveggen.
- Han mislukkast altså, for det var vel ikkje dei innvigde han fyrst og fremst vende seg mot?
- Ekeland høyrde med sin arbeidarbakgrunn ikkje til i same samfunnsklassa som dei andre elevane Axel Revolt hadde. Men det var likevel desse innvigde som verdsette han mest. Men kunstmiljøet blei splitta då Arbeidarpartiet fekk makta i 1935. Ikkje minst på grunn av Henrik Sørensen. Han var ein sentral figur, og ein stor kommunisthatar. Det gjekk ut over Ekeland. Ekeland var elles ikkje berre politisk kontroversiell. Han tok òg opp seksuell og freudiansk problematikk, som sjølvsagt var omstridd i 30-åra.
- Kommenterer Ekeland desse reaksjonane mot seg?
- Han drog seg attende, men slutta aldri å skapa bilete. Og alt han måla, kan lesast som politiske kommentarar. Men så vidt eg veit, har han ikkje måla noko som går konkret på eigen situasjon. Det var allmenne spørsmål som opptok Arne Ekeland, seier Randi Solheim Ghilzai.
Partikunst
Arne Ekeland blei utestengd frå det offentlege rommet. Ikkje av di han laga partikunst, noko han heller aldri gjorde. Han blei utestengd av di han ikkje ville laga arbeidarpartikunst.
Slikt skjer ikkje i dag. Men om det kjem av at Arbeidarpartiet har endra seg, eller om verda har endra seg, eller om kunsten ikkje lenger kan truga noko som helst, det er det opne spørsmålet.
Eit anna er kvifor kunstsenteret på Hvikodden ikkje har greidd å laga ein skikkeleg Ekeland-katalog. |
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|