Dag og Tid nr. 40, 3. oktober 1996

Bøker:
Forteljing som erkjenning

Heller ikkje metaromanen er død. Det kan ein slå fast når ein har lese Erobreren av Jan Kjærstad, skriv Heming Gujord.

Jan Kjærstad:
Erobreren

Med Erobreren held Kjærstad fram med å granske eit medium han har stor kunnskap om, nemleg forteljinga. Dei som har lese Forføreren(1993) vil vite at Kjærstad held forteljinga for å vere ein kognitiv kategori, ein måte å forstå seg sjølv på. Slik blir forteljinga og ein måte å forstå verda ikring seg på. Og skal vi vere tru mot grunnsynet i dei to siste bøkene til Kjærstad, må vi tale i bunden form: forteljinga er ikkje berre ein måte å forstå seg sjølv og verda på, det er måten.

Narrativ teologi

No er ikkje Jan Kjærstad den einaste som tenkjer slike tankar for tida. Vi finn dei att hos franskmannen Paul Riceur, i ein filosofi som har mykje til felles med Gadamers nyhermeneutikk. Riceur har via eit trebandsverk til tankar kring forteljinga: Tid og forteljing(Temps et Récit 1-3, 1983-85). Her hevdar han at alle menneskeber med seg evna til å skape forteljingar, at vi har ein narrativ kompetanse. Ut ifrå ei forforståing av kva ei forteljing er, kan vi samle omverda i slutta einingar med byrjing og slutt. Modellen (grunnparadigmet)til denne evna har Riceur funne i Poetikken til Aristoteles og i Bibelen. Men vi treng ikkje gå omvegen om Frankrike for å finne parallellar til Kjærtads nittitalspoetikk. Fleire danske teologar har fest seg ved forteljinga som erkjenningskategori, og dei dannar ein skule som går under namnet narrativ teologi. Svend Bjerg høyrer til denne skulen, og med bøkene Den kristne grundfortælling (1981) og Fortælling og etik (1986) tangerer han problemstillingar som også Kjærstad er oppteken av. Dei narrative teologane knyter sin filosofi opp mot forteljinga om Kristus, og her skil dei lag med Kj¾rstad.Eg er freista til å sitere Jonas Wergeland, som er hovudperson i Erobreren til liks med Forføreren. Mot slutten av Forføreren(s. 512) seier han til sitt forsvar: "Jeg er ikke prest. Jeger en forteller." For Kjærstad avgrensar ikkje sin erkjenningsteori til eitt livssyn, til kristendommen. Kjærstad hevdar vel heller forteljingas allmakt. Han nyttar også andre grunnforteljingar enn den vi finn i Bibelen, og eventyrsamlinga Tusen og ei natt har truleg status som grunntekst og forståingsmønster i alle høve for dei siste bøkene hans.

Samanvovne tekstar

Forføreren og Erobreren er samanvovne tekstar. Metaforikken i den førre setninga  eigentleg ein pleonasme  er ikkje tilfeldig. Dei siste tiåra er vi stadig blitt minte om at ordet "tekst" har den etymologiske tydinga "vev" . Omslaga til Forføreren og Erobreren er nye påminningar. Det er persiske teppe som er avbilda. Omslaget til Erobreren illustrerer på særleg finurleg vis at renningane går frå den eine teksten til den andre: under det eine teppet kan vi  i namnet til forfattaren  skimte delar av det andreteppet. Dette minner om ein annan god bokillustrasjon, nemleg den til Anne av Paal-Helge Haugen. Der er det avbilda eit negativ. Av den forstår vi at lesaren sjølv må framkalle forteljinga, og som kjent kan det skje mykje i overgangen mellom eit negativ og det positive fotografiet. Forteljinga eller forteljingane om Jonas Wergeland har og dette mangfaldige aspektet i seg: Historiene er ikke slik jeg forteller dem, men slik du forstår dem. (Erobreren, s. 65) seier den gåtefulle forteljaren: ein kvinneskapnad med orientalsk utsjånad. I henne skimtar vi eit skrømt frå barndommen til Jonas Wergeland, eit skrømt som elles er demonstrativt fråverande i Erobreren. Den orientalske metaforikken som er skriven inn i teksten, understrekar òg at det går ei linje mellom liv og forteljing. Eit avgjerande samleie mellomforeldra til Jonas Wergeland skaper til dømes den førsteknuten på det teppet som skulle bli hans liv (Erobreren, s.86). Denne linja mellom liv og forteljing kan vi følgje ut av forfattarskapen og i retning av dei franske og danske tenkjarane eg viste til tidlegare.

Spor og blindspor

Når ein les bøkene til Kjærstad, er det vanskeleg å vere noko anna enn ein "flink" lesar. Slik eg les Kjærstad, følgjer det alltid eit tydingsimperativ med bøkene hans. Forfattaren legg igjen eit utal spor som lesaren etter beste evne må tyde. Like viktig: her finst ei mengd blindspor. Den flinke lesaren prøvar å tyde spora og skilje dei frå blindspora. Det er ikkje alltid like lett, og Kjærstad skriv i ein artikkel om korleis nokre blindspor i Homo Falsus (1984) er blitt teikna inn på Oslo-kartet i ei omsetjing av boka. Slik er fiksjonen blitt til røyndom, og ingenting høver betre til denne arketypen av ein postmoderne roman. Med andre ord: ein er ikkje flink lesar utan risiko, og sjansen for å gå i baret er større ved Kjærstad enn ved nokon annan norsk prosaist eg kjenner til. Det minner om eit paradoks dette: at ei bok ber om at lesaren skal skape henne samstundes som her finst så mange spor som må ha ei positiv (eller negativ) tyding. Under lesinga av Erobreren har eg stilt meg sjølv spørsmålet om dette er eit problem. Men problemet kan òg liggje hos ein lesar som freistar å vere eit hakk flinkare enn romanen ber han om å vere.

Likskap og skilnad Som flink lesar har eg blinka meg ut eitt sentralt omgrep i bøkene Forføreren og Erobreren, eit omgrep som allereie er skrive inn i tittelparet. Ein aner at det er noko som bind tittelorda saman. Her finst likskapar, men her finst vel og skilnader. For meg synest det som om at likskapane og skilnadene er til stades samstundes. Då blir ein ikkje særleg overraska over at ein møter den danske tenkjaren Niels Bohr fleire stader i begge tekstane.

Komplementaritet er omgrepet som har gjort Bohr kjend, og komplementære storleikar, det er storleikar som tilsynelatande er motsetningar, men som likevel uttrykkjer noko sentralt om det objektet vi observerer. Forføreren og Erobreren gøymer mange komplementære storleikar, til dømes i kapitteloverskiftene: Helvete - I den sjuende himmel; Den magiske penis (kf. forførar)  Den erogene kampsone (kf. erobrar); Ultima Thule - Verdens midtpunkt; Når vi døde våkner - Levende død; Knuten - Løkken; osb. På eit nivå over dette kan vi stille opp omgrepa biografi-roman, som vel her seier mindre om tilhøvet mellom Forføreren og Erobreren enn om tilhøvet mellom dei to sjangrane i det heile. Vi kan og sjå korleis dei to tekstane utfordrar kvarandre: i Forføreren blir ei rad kapittel innleidde med eit kategorisk "Derfor" . Desse kapitla får sitt tilsvar i Erobreren. Her heiter det meir søkjande "Går det an å forandre et liv ved å fortelle det?" Forføreren og Erobreren set med dette tradisjonell kausalitetstenking undertiltale og lanserer forteljinga som ein sannare måte å erkjenne på.

Forteljing

Dei komplementære storleikane/omgrepa blir ikkje ståande ukommenterte. Mange stader reflekterer personane kring omgrepet komplementaritet, særleg i samband med eit anna omgrep: forteljing. Ein historieprofessor som har fått i oppdrag å skrive den definitive Wergeland-biografien, tenkjer til dømes slik om den gode hjelparen sin:

Hun viste meg muligheten for at man kan komme til innsikt angående et liv også gjennom noe tilsynelatande fragmentarisk, rekker av fortellinger som ved første inntrykk ikke har noe med hverandre å gjøre, men som når det kommer til stykket, er en ny form for sammen heng og helhet. (Erobreren, s. 189)

Slike brokkar vil eg kople til Jan Kjærstads eigen poetikk. Eg er vel heller ikkje særleg dristig når eg gjer denne koplinga all den tid Kjærstad har halde foredrag der han har gitt uttrykk for liknande tankar (til dømes på Lysebu våren 1994).

Inga lesaroppleving

Erobreren gir ikkje lesaren noka umiddelbar lesaroppleving slik i alle høve eg opplevde Forføreren. Boka rettar seg til lesarar som har lese Forføreren og som har godt langtidsminne. Andre lesarar bør ta seg tid til å lese Forføreren (opp att) før dei set seg til med Erobreren. Utan Forføreren som bakteppe, blir Erobreren ein for gåtefull tekst. Men Jonas Wergeland vil ingen av oss gripe. Jonas Wergeland er framleis "somewhere out there" i eit mylder av fortalde og enno ikkje fortalde forteljingar. No lyt vi berre gi oss til å vente på at Kjærstad let hovudpersonen sin skrive sitt eige liv i ein sjølvbiografi. I 1999 må vi kanskje lese opp att to bøker før vi grip til den tredje i trilogien om Jonas Wergeland.
Heming Gujord

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |