Dag og Tid nr. 40, 3. oktober 1996
Bøker:
Når kompasset manglar
Toril Brekke har kalla den siste boka si for Ibsens røde lykt, men i det litterære landskapet ho dristar seg ut i, ville kompasset vore eit meir høveleg hjelpemiddel, skriv Liv Nysted.
Toril Brekke:
Ibsens røde lykt
Aschehoug
Nokon og ein kvar kan gå seg vill i skoddeheimen med berre ei lita lykt uansett kor raudt ho måtte lyse. Og Toril Brekke er ikkje noko unntak. Det er synd, for ho freistar nemleg på noko så pretensiøst, dristig og vanskeleg som å skildre den betente gråsona med diagnostisering og behandling av alle seksuelle avvik som mellom anna pedofili, sadisme og homofili, og så drøfte kva som er såkalla legning, avvik, skade, generell forvirring, genetisk betinga framferd eller rein og skjer protest-reaksjon mot barndommens opplevingar.
Tre aktørar
Romanen er konsentrert omkring tre aktørar, psykiateren Gunilla, advokaten hennar Eugene og deira felles venninne journalisten Isil. Når romanen startar, er Gunilla dømt til fire vekers varetekt grunna luguber praksis. For i det heile å kunne ta saka, må Eugene gå på akkord med seg sjølv, men kva gjer ein ikkje for ei barndomsvenninne som står i fare for å miste både fridom og arbeidslisens?
Så langt så bra. Men kvar endar så dette dramatiske oppslaget? Jo, det fører til at dei begge går i den felles barndommen dei no eingong har. Det er ikkje måte på kor navlebeskuande dei blir. Så skulle ein da tru at dette står i sterk kontrast til sjølve etterforskingsdelen av saka, men det gjer det ikkje. Den gode hjelparen Isil er ein del av same fellesskapet, av dei same gamle uløyste spenningane. Og medan Isil og Eugene eigentleg skal granske videoopptak av den tvilsame praksisen til klienten, let forfattaren dei snakka seg inn i dei tilsynelatande mest irrelevante og tåkete digresjonane utan vise evne til selektiv framstilling.
Retningsvill
Det er tydeleg at forfattaren ikkje veit kor ho vil. Ho freistar glimtvis overtyde oss om at her skal ho forsere glødande kol, men så lenge ho trippar meir og mindre att og fram på same staden, verkar det lite overtydande. Romanen har meir preg av første gongs gjennomskriving enn ferdig produkt, og det er synd, for Brekke har både trøkk, temperatur og tempo inne når ho berre vil, eller kanskje ikkje vil, skulle eg heller seie. Ho står fram som ein kunnskapsrik og engasjert forfattar som vil seie oss noko om samtida, men ho maktar sjeldan å legge vekk overtydelegheita i denne boka. Ho fortel alt og vel så det, det finst ikkje rom for andre typar lesarar enn dei som gapar og svelgjer unna, eventuelt spyttar ut, bortsett frå unntaka når Brekke slår til med ein ram humor og nokre talande bilde der ho kjapt seier meir på ti ord enn på ti sider.
Burde ha venta
Ergo skulle Brekke ha venta med å kaste seg skjønnlitterært inn i denne seksuelle gråsona. Ho har ikkje funne verken tonen, vinklinga eller forteljarstemma i denne romanen. Ikkje har ho klart la underteksten vere undertekst heller... Eller, er det eg som er på ville vegar no? Finst underteksten, og kan den formulerast omtrent slik: I møte med andre si ulykke ligg mogelegheita for privat katarsis slik både Gunilla, Eugene og Isil opplever her. Substituttet blir altså tingen i seg sjølv, slik forkjemparane for porno hevdar at den funkar. Var heile romanen meint å funke slik, og ville det i så fall vore eit brukbart grep? Kanskje det, men få grep festnar seg så lenge ein ikkje ser handa framfor seg.
Liv Nysted
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|