Dag og Tid nr. 39, 26. september 1996

Olav Duun:
Ikkje berre eventyr

Heile livet skreiv Olav Duun om “lande i eventyre”, om det landet der han trødde sine barnsko og sprang berrføtt i graset.

OTTAR FYLLINGSNES

Både landet og lynnet lever i Duuns dikting. Han hadde rike kjelder å ausa av.

- Det var ei stor lukke for både han sjølv og oss andre at han ikkje reiste på mellomskule i konfirmasjonsalderen, men vart verande heime til 25-årsalderen. Dermed kunne han suga inn så mykje gammalt og leva seg inn i den gamle, sikre fortelje- og replikkunsten, meiner Duun-spesialisten Rolv Thesen.
Sårt punkt

I 1901 var Duun 25 år. Først då reiste han til Levanger for å gå på lærarskulen. Det var ikkje læraryrket som lokka mest, men at han skulle få tid til å skriva og lesa. Etter å ha gjort seg ferdig med skulen, hadde han l¾rarjobbar på Inderøy, i Singsås og Holmestrand.

Etter 1920 var han svært lite på Jøa, men det hende at han var heimom. Han måtte dit for å halda seg “vaken”. Siste gongen han var heime var i gravølet etter faren som døydde i 1936.

- Det finst eit sårt punkt hjå Duun, seier Kolbjørn Gåsvær. Han viser til motsetnadsforholdet mellom Olav Duun og familien, det vil seia faren, systera og ein bror som var frikyrkjeforstandar. Olav Duun var ikkje på talefot med dei. Lars Groven, som har arbeidd mykje med Duun, meiner at det var hovudårsaka til at Duun reiste frå Jøa.

Midt på 1890-talet, då Duun var i 20-årsalderen, vart det starta eit frilyndt ungdomslag på Jøa. Der var Duun aktivt med. Ungdomslaget hadde eit heilt anna tilhøve til kristendommen enn frikyrkjefolka og dei svartsynte emissærane. Det skar seg nok alle-reie då. Faren var dessutan ein svært streng frikyrkjemann, og han godtok lite slinger i valsen. Eg trur at det har hatt mykje å seia for Duun.

- Duuns skepsis til det religiøse fekk følgjer?


- Han kom i eit motsetnadsforhold til svært mange. Også i ungdomslaget vart det motsetnader. Somme var svært radikale Venstre-folk, medan andre var konservative. Laget sprakk og vart nedlagd i kring år 1900. Duun var blant dei radikale.

- Var Duun kristen?


- Eg trur han var ein kyrkje-kristen. Det kjem til syne i ein del av historiene hans, blant anna i novella om Jørgen Jensa som går i kyrkja, men som foraktar emissærane. Jørgen seglar til dømes “dæveln” når han skal segla emissæren over fjorden, seier Gåsvær.

Han viser til Otto Hagebergs opplysningar om at Duun hadde nær tilknyting til ein prestefamilie på Frosta.

- Medførte motviljen mot bedehus-kristendommen at bygdefolket tok avstand frå Duun?


- Det gjorde dei, men det var ikkje berre på grunn av kristendommen. For dei bedehuskristne var Duuns bruk av kraftuttrykk i bøkene nok til at han vart fordømd. Dessutan var romanar vederstyggelege etter deira meining. Ein skal ikkje lenger tilbake enn til grunnlegginga av vekebladet “Familien”. Bladet skulle ha framhaldsforteljing, men dei kunne ikkje kalla det roman. Det var så mange i miljøet som såg negativt på det.

Hykling var det verste Duun visste. Han tolte ikkje dei som prøvde å vera meir enn dei var, og det går det mange historier om.

Lygarstauren

- Ein ting var det at Duun reagerte på det som han oppfatta som falsk kristendom. Ein annan ting var det at han hadde gått rundt på Jøa og notert alt som vart fortald både i barne- og ungdomsåra. Han noterte gode replikkar, og det hende at folk kjende replikkane att i bøkene. Det kunne føra til så mangt.

I ei novelle fortel Duun om Elias i Grønvikja, ein plass ut mot havet. Duun fortel at han Elias ikkje er så nøye på kva som er mitt og ditt. Det eg finn, det er mitt, seier han Elias. Går det ein sau i revsaksa, kan han Elias ikkje noko for det.

Denne episoden er ukjend, men så kjem det episodar der folk kjenner seg att. Han Elias får besøk av eit par ungdommar og skal koka kaffi til dei. Etter ei stund oppdagar han at han har gløymt å ha vatn på kjelen. ÇNei, fark forbanne meg har eg ikkje gl¿ymt å ha vatn på kjelen”, seier han. Og snur seg til ein av gutane og seier: “Men mor di ho 'hust' på vatnet ho ja!”

Den replikken kjende folk att. Alle visste at det var sagt av han Eilif Brakstadaunet.

Og så kom kortslutninga: Ikkje berre skriv Olav Duun om folk, men han lyg om folk også!

For han Eilif var ingen tjuvradd.

- Alle slike ting var med på å gjera Duun upopulær. Til og med han bestefar kalla Olav Duun for “lygarstauren frå Øver Dón”. Eg veit ikkje kva han registrerte, men han hadde vel lese eitt eller anna. Han hadde nok registrert at noko var sant og noko usant.

Potetnotatet

Det vert sagt at Olav Duun som ung hadde ei kiste på loftet heime. Der gøymde han alt det han hadde skrive.

- Ei historie fortel at han var på nabogarden og tok poteter om hausten. Der hadde dei middag midt på dagen og kaffi etterpå. Medan arbeidsfolket venta på kaffien, låg dei på golvet i stova og på kjøkkenet og prata og slappa av. Då kaffien kom på bordet, fekk han Olav vondt i magen. Han var ikkje i stand til å gjera noko meir. Han måtte berre få gå heim. Det var ikkje så lange vegen - ikkje stort meir enn 300 meter mellom gardane. Så lenge dei andre på garden såg han Olav, gjekk han krokut. Men når han var komen i ly bak nokre busker, la han på sprang. Litt seinare, kanskje ikkje meir enn ein halv time, kom han tilbake - frisk. Forklaringa er såre enkel: Han hadde høyrt replikkar eller historier som han måtte heim for å notera, før dei forsvann for han. Når han hadde gjort det, var han frisk att.

Spionerte

Kolbjørn Gåsvær er 70 år, og han har møtt fleire av Duuns samtidige.

- Eg snakka med ei eldre dame frå Jøa. “Nei, me likar ikkje han Olav Duun”, sa ho. “Kvifor ikkje?” spurde eg. “Me hadde kjensla av at han spionerte på oss,” svarte ho.

- Det stemte nok det. Når ungdommen samlast, og det vart spelt på fele eller tralla til dans, var Olav Duun aldri med. Han stod i bakgrunnen og kika på. Der registrerte han naturlegvis både replikkar og oppførsel. Det kan sjå ut som han systematisk studerte folk for å bruka dei. Om han gjorde det for å verta den store diktaren, er vanskeleg å vita. Men eg trur at me sikkert kan seia at det var for å bruka materialet i skriftleg arbeid seinare.

Replikkunstnar

Men Olav Duun var ikkje avhengig av andre. Han kunne vera replikkunstnar sjølv.

- Det såg ein alt frå han var gutunge. Det finst ei historie frå den gongen Olav Duun gjekk på skulen. Ho er skriven av Alexander Brun som reiste til Amerika. Brun gjekk i same skuleklassen som Duun. Så var det ein dag at Alexander stod bak uthuset. Ole hadde funne ein bit av ein murstein som han kasta over huset, men han trefte han Alexander i hovudet. Guten skreik, blodet rann og det vart mykje oppstyr. Men det gjekk over. Blodet slutta å renna, og guten slutta å skrika. Då sa han Ole:

“Det e godt hau på dæ, Alek? Haue mitt ha itj tåld den der dæskjen!”.

Refusert

Når fekk Olav Duun det for seg at han skulle verta forfattar?

Det første han skreiv i “Forsøget”, det handskrivne bladet til ungdomslaget, kunne vere frå omkring 1894, skriv Lars Groven i Norsk litterær årbok (1992). Men nettopp på denne tida, eller litt før, i syttenårsalderen, arbeidde Duun med eit verk som var større og viktigare enn som så. Duun skreiv ei heil bok, i same danskfarga språk som innlegga i ungdomslagsavisa og dikta og skissene i bladet “Breidablik” på Røros. Dette var “Marjane” i si aller første form.

Manuskriptet vart sendt til forleggjar, men det kom tilbake etter ei tid. Forfattaren fekk pålegg om å skriva berre på ei side av papiret. Det er Duuns kamerat, Konrad Hoff, som har fortalt dette til Lars Groven.

Konrad Hoff hjelpte forfattaren med å skriva manuset inn på nytt. Det var vinters tid, dei sat på kjøkkenloftet på Øver-Dón og skreiv - fraus og skreiv. Manuset vart sendt inn på nytt, men no kom det att for godt, skriv Groven.

Las historie

- Kva las Olav Duun før han flytta frå Jøa, Kolbjørn Gåsvær?


- Han las nok det han kunne koma over. I ungdomslaget var det ein lesesirkel, og ungdomslaget kjøpte inn bøker som medlemmene fekk sjansen til å lesa. Eg torer ikkje seia kva bøker det var, men ein kan sjå på det han skreiv og finna ut kva han las. “På heden” er ei overfølsam novelle med tydelege romantiske trekk frå 90-talet. Noko av det same kan ein sjå i den første boka han skreiv, “Marjane”, som rett nok kom ut som nummer to. Han er tydelegvis ikkje ferdig med 90-talet enno. Eg kan ikkje seia sikkert kva samtidsforfattarar han las, men truleg må han ha lese ein god del historie. Professor Vigdis Ystad tok i eit foredrag for seg ÇJuvikfolkeÈ og samanlikna med historia slik ho var. Ho slår fast at Duun heile tida er på line med den verkelege historia. Ho sa det nærast slik at “Juvikfolke” ikkje berre er ein roman, det er Noregshistorie.

Fiskaren

- Olav Duun opplevde fiskarlivet i fleire år før han forlet Jøa?


- Eg spurde Olav Duuns bror Erik om dette. Han fortalde at Olav var minst seks år på skreifiske på Gjæslingan, eit fiskevær utanfor Jøa. Det må ha vore frå han vart konfirmert og utover - om lag frå 1890. Ute på Gjæslingan hadde dei eiga bu, Dunabua, som ho heitte. Diverre vart bua riven like etter krigen, og i dag er eit anna hus sett opp på tomta, fortel Gåsvær.

Det har vore spekulert på kvar Duun har funne modellen til Øyvære, staden der handlinga i “Menneske og maktene” går føre seg.

Fleire stader har vorte trekte inn, men Kolbjørn Gåsvær er ikkje i tvil: Det må vera Gjæslingan, det siste fiskeværet på Namdalskysten som vart fråflytta. Gong etter gong har store ulukker herja dette samfunnet. I 1625 mista 210 mann livet på havet.

- Har du lese “Menneske og maktene” kjenner du deg att når du kjem til Gjæslingan. Den høgste knausen i romanen heiter “Vakker”, og det gjer han i Gjæslingan og. I tillegg har du både “Heimvære” og “Flatholmen”, seier Kolbjørn Gåsvær.


© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |