Dag og Tid nr. 38, 19. september 1996   

Bøker:
Raddisane og rasismen

- Dei venstreradikale må ta ein stor del av ansvaret for at vi nå står våpenlause framføre dei framandfiendtlege haldningane, meiner forfattaren Knut Røsten, som nyleg har kome ut med boka “Rasisten”.

JOHANNE LANDSVERK

- Det er ikkje bare hyggeleg å gje frå seg denne boka. Eg skulle gjerne ha skrive noko meir idyllisk, seier Knut Røsten.

Romanen “Rasisten” skildrar eit fleirkulturelt miljø på Grünerløkka på austkanten i Oslo. Forfattaren følgjer dette miljøet frå 1970-talet og fram til 1993, ei skildring av eit nærmiljø der nordmenn og innvandrarar lever side om side.

Dumskapen

I “Rasisten” ironiserer forfattaren over einfaldige, velmeinande anti-rasistar. Dei som er aktive i “idégruppa for tverrkulturell kontakt”, og dei venstreradikale kvinnene, som trur “at alle mørke menn er forfulgte frigjøringshelter”.

- Eg er oppteken av dumskapen i min eigen generasjon, seier Knut Røsten.

- Altfor mange har satsa på kjensler og på intellektuelt å forsvare kulturen og haldningane til dei som kjem frå den tredje verda. Det er kjenslene til folk som styrer analysen. Men det har blitt ei omskriving av realitetane, og venstresida burde ha skjønt dette for ti år sidan.

- Denne boka handlar om staffasje, om å skrive frå seg ansvar, seier han.

- Kven skriv frå seg ansvaret?

- Dei som er meir opptekne av sitt eige sjølvbilete enn realitetane rundt dei. Boka er aller mest eit innlegg i debatten om våre eigne haldningar.

Kjærleik og rå vald

Sosiologen Katrin Stagrim står fram som den venstreradikale, anti-rasistiske idealisten. Ho er gift med rørleggjaren Aril Olsen, som utover 80-åra slår seg opp på å selje baderomsutstyr.

- Dette er jo det typiske mønsteret i samfunnet. Mannen får lov å vere forretningsmann, medan kvinna er radikal, seier Røsten.

Sonen Sten og den pakistanske jenta Shirin utviklar eit sterkt kjærleiksforhold, men ikkje utan problem. Det pakistanske ungdomsmiljøet har sine eigne lover, og ein pakistanargjeng tek ein blodig hemn. Sten blir slått halvt i hel, men sjølv då prøver Katrin, hans eiga mor, å “forklare” pakistanarane sine handlingar.

- Du er ikkje særleg snill mot innvandrarmiljøa i boka di?

- Eg ser ingen grunn til å vere spesielt snill mot “innvandrarane”, seier Røsten.

- Dei er inga eintydig, svak gruppe. I dag er dei fleste andre “kulturar” mykje tøffare enn den norske. Det er ei stor misforståing når ein trur at folk blir humanistar av å gro opp i eit despotisk diktatur. Og flyktningar som har opplevd politisk undertrykking, er som regel leie av politikk.

- Altså er vi nordmenn for snille?

- Nei, vi skal halde fram med å vere snille, men kanskje vi burde bli litt klokare?

Rasisten Kent Ove

Tittelen “Rasisten” er mynta på ein av personane i boka, ungguten Kent Ove, som veks opp i det fleirkulturelle miljøet på Løkka. Med ein drukkenbolt til far og ei venstreradikal, men sliten mor har han eit dårleg utgangspunkt. Han skulkar, blir gåande aleine, men finn eit fellesskap blant tvilsame ekstremistar.

- Det som fører guten gale av stad er alle dei gode hjelparane og ikkje minst faren, seier forfattaren.

Kent Ove gjennomskodar haldningane i miljøet, han forstår at den alkoholiserte faren er livredd for å vere rasist, for då kan han bli rekna for å vere fattig eller dum.

- Vi “radikale” satsar alt på å forstå innvandrarane, seier Røsten.

- Resultatet blir at vi knapt nok presenterer oss sjølve. “Vi” veit at vi ikkje veit kven vi er. Men “dei” veit, trur dei. Muslimane ser korleis det går med vår kultur, korleis vi i Vesten er i krise. Dei ser livsstilsplagene våre. Og vi saknar kanskje noko av deira strenge livsførsel. Vi ønskjer oss full fridom, men leitar samstundes etter det trygge.

Tidlegare var det viktigare for innvandrarar å bli integrerte i det norske samfunnet. Nå har mange av dei sitt eige miljø som er stort nok.

- Men eit lite mindretal av innvandrarane må la seg suge heilt opp i det norske samfunnet, elles kan ein vinke farvel til den store integreringa, meiner forfattaren.

Eg-personen

Eg-personen i boka fortel handlinga. Han er observatøren, han er til stades overalt. Eg-personen er blant dei prektige, ein av dei gode hjelparane som prøver å forklare alt. Han tek tilfeldige jobbar som timelærar, rørleggjar, snikkar og taktekkjar. Og han er leiar i ungdomsklubben.

- Denne hovudpersonen er eit typisk 70-talsmenneske, ein halvakademikar med handverkserfaring, seier Knut Røsten.

- Han er ein husven, ein person som alle trur seg til.

- Denne eg-personen, er det deg sjølv?

- Han er ikkje så langt unna meg, eg skriv jo om mitt eige miljø. Eg har eg-personen på god armlengds avstand, men eg må tilstå at eg ikkje er spesielt lang i armane! Men hovudpersonen kjem frå borgarskapen på Majorstua, medan eg kjem frå eit heilt anna miljø på Labro utanfor Kongsberg. Eg var venstreradikal som tiåring. Faren min heldt både Aftenposten, Orientering og Sovjetnytt. Ap-avisa Fremtiden bytta han til seg hos naboar, verre var det ikkje, seier forfattaren.

“Rasisten” har fått blanda kritikkar, særleg når det gjeld forma og språket. “Den er kamuflert som en roman”. “Ordrik, nesten overlesset til tider, men her er humor, varme, spenning og engasjement”.

- Eg skriv på min eigen måte, i forlaget sa ein konsulent at boka likna eit langt essay. Eg bruker lang tid på å skrive. Kvar setning er finslipt, tru det den som vil, ler han.

Trendy eller reaksjonær

Knut Røsten bur på Dælenenga på Oslo austkant. Han veit kva han snakkar om når han skildrar innvandrarmiljøet, det er eit sjølvopplevd miljø. Han har slite med boka sidan 1987.

- Hadde eg kokt i hop dette i løpet av sist haust, kunne det virke som om eg snur meg dit vinden bles. Men eg har sett denne problematikken lenge. Nå står eg i fare for å vere anten trendy eller reaksjonær, seier Røsten.

Forfattaren meiner at dei venstreradikale må ta ein stor del av ansvaret for at vi nå står våpenlause framføre dei framandfiendtlege haldningane.

- I dag, når det verkeleg hardnar til, er det store fleirtalet drit leie av moraliseringa, trur han.

- Nå som vi verkeleg kunne trenge anti-rasisme, er vi så leie dei prektige at vi gidd ikkje å lyfte ein finger. Vi har den mest stovereine rasismen i verda. Vi hyler mot Grete Faremo, men inst inne veit mange av oss at det alltid vil vere ei Grete Faremo der, som blant anna skal dra skiljet mellom ei statskyrkje og ein kyrkjestat, meiner forfattaren Knut Røsten.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |