Dag og Tid nr. 21, 23. mai 1996

På tomannshand:
Maniske sunnmøringar over Gudbrandsdalen        
        
Når dei ikkje flyg, gjer Tryggve og Vidar natta utrygg på uteplassane i distriktet.
I mars kom den tredje boka til ørstingen Arne Mo (35) ut på Cappelen. Han har fått etablerings-stipend frå Den norske Forfatterforening to gonger, men lever av selfangst og fiske. Han er hanggliderpilot av eliteformat og har over 200 timars erfaring som prikk på him-melen. Hovudpersonane i spenningsromanen “Skywayman” er også ørstingar, fiskarar og maniske hanggliderpilotar. Handlinga er lagt til miljøet rundt rikssenteret for hanggliding i Vågå.


TEKST: Magne Høgåsen

Han veit ikkje om han skal kalle seg ørsting eller volding, og det spørst om ørstingar og voldingar vil ta på seg æra med å vera sambygding med han.

- Eg er frå Mo-grenda i Ørsta, men eg har budd vel så mykje i Volda. Sidan 1990 har eg forresten vore såpass mykje i Vågå at eg vel kan kalle meg ein tredels vagvær også.

Under lanseringa av Skywayman var han om bord på garnbåten Soltind Senior.

- Eigentleg hatar eg å vera på sjøen, men noko må eg jo leva av, seier Arne Mo. Han reiste ikkje på selfangst i år. Så i heile vinter har han vore fiskar. Han treng pengar til ein ny sommar som prikk på himmelen over Vågå og Gudbrandsdalen.

Han har ikkje hatt fast adresse på mange år. Vinterstid bur han der det byr seg - ofte på tilfeldige hyblar. Som i romjula þpå eit rom i kjellaren i Granlida 4 i Volda. Av og til kan han vere så blakk at han ikkje har råd til dopapir. Så blakk at han berre har råd til kaffi på Det grøne treet. Da må han på sjøen, sjølv om han hatar det. Men det plar vera smertefullt å skape stor kunst

I 1989 debuterte Arne Mo som forfattar med selfangstromanen Raud is. I 1992 gav han ut novellesamlinga Med vettet i baklomma.

Han karakteriserer romanspråket sitt som moderne, levande nynorsk - farga av talemålet. Han fekk ein del negativ kritikk etter Raud is, på grunn av all banninga.

Arne forsvarar banninga med at ho høyrer til arbeidssituasjonen på sjøen. Banninga er eit viktig skilje mellom arbeid på sjøen og på land.

Arne har jobba med Skywayman i tre år, parallelt med ein annan roman (næringsvett har han som sunnmøringar flest, og slepper ikkje begge samstundes). Fri flukt, den siste novella i baklomme-boka, handlar om maniske HG-pilotar og peikar rett mot den nye romanen Skywayman.

- Hovudpersonane i Skywayman nektar å bli vaksne. Dei er båe i slutten av 20-åra og frå Ørsta, fortel Arne. Begge er fiskarar, når dei ikkje flyg hangglider. Den eine må vere fiskar, fordi han er bidragsslave.

Eg-personen, Tryggve Braaten, er ein tilsynelatande vanleg person, med sterke, usympatiske trekk. Eit rovdyr. Kameraten Vidar Nattland er bidragsslaven og far til mange små. Dei er for rølpete til å utvikle seg til elitepilotar. Men dei er maniske.

- I boka følgjer eg desse to på ei turbulent ferd. Frå sky til sky. Frå jente til jente. Og frå uskuldige ungdommar til drikkfeldige og desillusjonerte “skywaymen”.

- Tittelen Skywayman smakar ikkje av at du er sambygding med Ivar Aasen?

- Tittelen sleit eg lenge med. Han slektar på cowboymyten. Men han passar perfekt og kom av seg sjølv da eg høyrde på gruppa Highwaymen. Det er jo cowboymusikk og Skywayman er i grunnen ei moderne cowboybok.

Boka kunne ikkje heite Himmelsiglarane, meiner Arne Mo. Det hadde vorte heilt feil.
- Eg smakte lenge på Heartbreak Hotel - hjarteknusar-hotellet. Vågå Hotel er nemleg veldig viktig i handlinga. Boka dreiar seg for ein stor del om kjærleik og knuste hjarte.

- Er det mykje sjølvopplevd i denne romanen?

- Nei, ingenting er sjølvopplevd. Eg er profesjonell lygnar. Men handlinga i bøkene mine er henta frå miljø og livssituasjonar eg kjenner. Innleiinga i Skywayman er svært sjølvbiografisk. Ho er frå pionertida i norsk hangglidersport.

Kunne han ikkje ha stått inne for det, ville vel ikkje Arne Mo ha krydra boka med detaljar som at hotellet i Vågåmo har “verdas beste spekemattallerken”.

Det er elles ikkje berre hanggliding og spekemat Arne brukar pengane sine på. Livet har gitt han ei sikkert blanda glede av å betale barnebidrag. Det vil han ikkje snakke om. Det er noko som heiter “privatlivets fred”. Men hadde han ikkje erfaring som bidragsslave, ville det vel heller ikkje ha vorte nokon Skywayman.

Moe fortel at historia han eigentleg vil fortelje i Skywayman handlar om konflikten mellom ansvar, plikter og ryddige liv og det uansvarlege bohemlivet.

- Hanggliding er ei ypparleg ramme for dette.

- Andre ord for same sak er å slå ut håret, realisere seg sjølv eller å leve ut dyret i seg sjølv. Folk flest har hemningar som gjer at dei ikkje kuttar banda til røyndommen og det etablerte samfunnssystemet fullstendig. Men alle har i større eller mindre grad trong til å gjera det. Gjer vi ikkje det av og til, vert vi visst galne, meinte Freud.

Boka vart lansert dagen før kvinnedagen. Det passa kanskje bra, for Arne Mo ynskjer på sin måte å ta del i den offentlege samtalen. I boka går han nemleg til åtak på “det norske bidragsveldet”.

- Feministlitteraturen dei siste 20 åra har omtala menn som dritsekker. Menn vert neglisjerte. Ruinerte bidragsslavar har ingen talsmann, seier han.

Han meiner bidragssaka er så kompleks at media ikkje gidd å ta ho opp. Arne tek ho sjølv opp frå mannesynspunktet.

- Her ligg det mange tragediar. Eg kjenner mange karar som er levande gravlagde på fiskebåtar. Dei må vere på sjøen heile året og bidragsfogden tek alt dei tener, seier Arne og peikar på at over ein milliard kroner står ubetalt i norske barnebidrag. Fedrane har ikkje sjans...

Arne Mo har vore 13 sesongar i ishavet på selfangst. Han debuterte med hakapiken som 16-åring og var ishavsveteran da han 20 år gammal starta på gymnaset i Volda.

Etter den fyrste ishavsturen i 1977 brukte han selfangstpengane på hangglider og moped.

- Det var da HG-sporten vart “oppfunnen” i Noreg. Eg hadde sett det på TV. Det såg tøft ut. Eg fann ut at dei selde hanggliderar i Bodø. Dei sende han med hurtigruta, og eg betalte 4.000 kroner for han. Kanskje var det 4.500. Fattern vart med til Ålesund og henta han, fortel Arne.

Det var ovanfor Mo-setra i Ørsta at Arne prøvde hangglideren fyrste gongen. Arne og ein kamerat sat om lag 200 meter opp i fjellsida ovanfor setra - saman med hangglideren og ei vodkaflaske. Dei drakk opp mesteparten av brennevinet - for å få mot. Og mot fekk dei. Dei sprang nedover fjellsida og gjekk på trynet kvar gong dei prøvde å lette. Dei kom til sist ned i dalbotnen, utan å ha vore i lufta ein einaste gong.

- Vi hadde jo ikkje peiling på at det ikkje gjekk an å lette med bakvind...

Nede tok det til å regne. Dei sette seg under hangglideren og tømde i seg resten av vodkaen. Så køyrde dei heim att på mopeden og med den seks meter lange hangglideren på skuldrene.

Men Arne fekk fort luft under vengjene og trong ikkje meir Smirnof når han skulle til vers.

- Det kom 200 mann som skulle ta på hangglideren kvar gong eg landa. Alle som ville fekk prøve. Hjelm brukte vi ikkje. Ein av dei som prøvde, knuste eine kneskåla, humrar Arne.

- Det er eit under at vi ikkje strauk med, eg og alle dei andre som starta med hanggliding i pionertida. Det fanst ikkje kurs eller regelverk. Slik var det over heile landet - galningar skaffa seg hanggliderar og sette i gang. Vi visste ikkje om kvarandre - før seinare. Innleiinga i Skywayman er frå denne wild-west-perioden.

I dag er han elitepilot. Han er ein av “gjengen” - ei gruppe maniske HG-pilotar, som gjerne kjører bil 60 mil til Vågå på ei vêrmelding som kanskje slår feil.

- Når eg kjem, etter dei 24 milene mine frå Volda, er resten av “den maniske gjengen” på plass. Og dei som likevel ikkje kan komme, dei ringjer. I eit sett, for å høyre korleis det går.

Arne deler opp hanggliderpilotar i tre rasar: Dei som byrjar og sluttar, dei som byrjar og held fram, og dei maniske, som byrjar, aukar, aukar og aukar - korleis skal det gå? Slik som Arne sjølv. Han seier at det er dei maniske som er interessante å skrive om. Og det er vel dei maniske som er interessante å lese om også.

- Hanggliding er vel like intenst som boksing: Ingen som går i ringen mot Mike Tyson er redde for at noko kan gå gale. Dei tenkjer berre på å ta han. Slik er det med oss også. HG-miljøet er gjennomsyra av knallhard konkurranse. Det som tel når vêret er ideelt er å flyge lengst, høgast og raskast.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |