Dag og Tid nr. 19, 9. mai 1996

Leiar:
Hysj!

På slutten av 70-talet oppdaga ein telemontør i Trondheim ei underleg kopling i ein av Televerkets sentralar. Alt tyda på at koplinga var eit tiltak for å drive telefonavlytting av ein politisk aktivist i Trondheim. Telefonlinja høyrde til ein person som var politisk aktiv på venstresida.

Til skilnad frå alle dei andre tilfella der telemontørar såg slike koplingar, fekk aktivisten i Trondheim greie på at han kunne vera overvaka. Avsløringa førte til ein årelang prosess i norsk rettsvesen som ikkje førte til noko som helst anna enn "ingen grunn til kritikk".

Kanskje er Peder Martin Lysestøl ein av dei som har grunn til å "gle" seg over Lund-rapporten om dei hemmelege tenestene. Og om ikkje Lund-kommisjonen har gått konkret inn i Lysestøl-saka, tyder alt på at rapporten gjev ein kraftig kilevink til den kulturen som har rådd i Overvakingspolitiet, og den manglande kontrollen justisministrane har hatt med dei hemmelege tenestene.

Det er lett å fortape seg i dei pikante detaljane som renn ut av avisene. Men slike detaljar eignar seg ikkje som anna enn underhaldande lesestoff. Viktigare er det å gripe fatt i det <7>systemet <5>som openbert blir avslørt gjennom Lundrapporten: Kritikkverdig samrøre mellom Arbeidarpartiet og Overvakingspolitiet, eit rettsvesen som nesten utan unnatak har gjeve Overvakingspolitiet det Overvakingspolitiet ville ha: telefonavlytting på politisk grunnlag utan at det har vore grunnlag eller lovheimel for det. Ut i frå dei opplysningane som er komne fram i media om Lundkommisjonens rapport, er det klårt at "rikets sikkerhet" ikkje har vore drivkrafta bak mykje av den politiske overvakinga her til lands etter krigen.

Alt tyder på at politisk overvaking vore nytta som eit middel i den nasjonale maktkampen. Overvakinga har vore ein nyttig reiskap for at "makta", som stort sett har vore representert ved Arbeidarpartiet, har kunna halde på makta. Kvifor skulle elles venstresida i Arbeidarpartiet bli overvaka, kvifor skulle det elles vera så viktig å utsetja Knut Løfsnes, den første SF-leiaren, for romavlytting og spaning i 13 år, og kvifor skulle det elles vera så om å gjera å overvake AKP (ml) heilt opp til 90-talet.

Peder Martin Lysestøl tok opp kampen mot dette systemet, utan å komma nokon veg. Andre lærte seg å leva med vissa om at dei kunne vera politisk overvaka. Den politiske overvakinga har likevel vore med på å undergrava det demokratiske systemet i Noreg - og gjer det framleis.

Overvaking handlar først og fremst om den ukulturen som vekst fram når ei gruppering sit med makta for lenge. Derfor er det all grunn til å tru at det framleis finst politisk overvaking i Noreg. Men den politiske overvakinga i samtida får aldri sin "lundkommisjon", for overvakarane og oppdragsgjevarane deira veit å halde kjeft om det viktige. Ikkje sant, Haakon Lie?
Audun Skjervøy

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |